På sosiale medium er det erklært krig.
Teoriane om kven som er ansvarleg for drapet på Charlie Kirk, og korleis ein skal hemne seg på dei, florerer.
Også makthavarane i USA tar del i peikeleiken. «Venstresida er mordpartiet», skriv Elon Musk, medan Donald Trump legg skulda på det «vondsinna og grufulle» radikale venstre.
Det er tidleg i etterforskinga, og ingen motiv er identifisert ennå.
Men sjølv om politisk vald har auka i USA, handlar det ikkje om ei god og ei vond side, meiner forskarar.
Cathrine Thorleifsson
- Leiar av Ekstremismekommisjonen
- Forskar ved UiO
– Det er ikkje noko bølge av politisk vald frå eine eller andre sida i USA. Det er som regel radikaliserte enkeltindivid, seier Cathrine Thorleifsson.
Ho leiar Ekstremismekommisjonen her i Noreg, og forskar på ekstremisme, politisk vald og digital subkultur.
– Måten enkelte politikarar reagerer på no, kan radikalisere fleire, seier ho.
Frykt for den andre sida
– Tanken om at ein står overfor ein stor, samla fraksjon som vil ty til vald og drap, skaper ein oppdikta fiende som får landet til å verke langt farlegare enn det eigentleg er, seier Sean Westwood til Politico.
Han er leiar for Polarization Research Lab, der dei har forska på politisk vald.
– Kjernen i problemet er ikkje eit utbreitt ønske om vald, men ei djup feiloppfatning av den andre sida, seier Westwood.
Forskinga viser to ting:
- Under 2 prosent av amerikanarar meiner at politiske drap kan vere akseptable.
- Nesten ein tredel av amerikanarar trur at deira politiske motstandarar støttar slike drap.
– Det er ei alvorleg utvikling, men det handlar om individuell radikalisering, ikkje ei samanhengande masserørsle, seier han.
Thorleifsson peikar på at å reagere på drapet på Kirk med demonisering av politiske motstandarar, aukar sjansen for valdseskalering.
– Dagens USA, med demokratisk tilbakegang, polarisering og enkel tilgang på våpen, er grobotn for politisk vald, seier ho.
Ein person har på seg ei T-skjorte med orda «We are Charlie» under ei minnemarkering i Provo i Utah.
Foto: Jim Urquhart / Reuters / NTBApokalypse
– Høgreradikale er radikale fordi dei ikkje vil ha kriminalitet. Dei venstreradikale er problemet, dei er vondsinna, grufulle og politisk utspekulerte, sa Trump då han kunngjorde at dei hadde funne ein mistenkt gjerningsperson.
Ein «billboard» som viser USAs president Donald Trump (til venstre) som klemmer den kjende høgreorienterte aktivisten Charlie Kirk.
Foto: JACK GUEZ / AFP / NTB– Venstresida og politikken deira fører USA inn i ein borgarkrig. Og dei ønsker dette. Eg har kasta hanskane og er klar til å forsvare oss, skreiv republikanaren Derrick Van Orden på X då han fekk vite om drapet.
Representanten Derrick Van Orden, republikanar frå Wisconsin. Her deltek han på eit arrangement saman med visepresident J.D. Vance 28. august 2025.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTBKampropa går igjen på nett, der fleire kjende høgreradikale profilar dei siste dagane har publisert innlegg som skal mobilisere til krig.
– Det som er viktig etter ei slik kritisk hending, er å gå ut og fordømme politisk vald, uavhengig av politisk ståstad. I staden ser vi eit apokalyptisk og polariserande språk, der fleire gir Kirk ein slags martyrstatus som dei sjølv kapitaliserer på, seier Thorleifsson.
Då FBI-direktør Kash Patel heldt pressekonferanse om siste nytt i etterforskinga fredag kveld, avslutta han med ein beskjed direkte til Kirk:
– Charlie, min venn. Vi har vakta. Vi sest i Valhall.
I norrøn mytologi er Valhall Odins festsal, der falne krigarar gjer seg klare til å kjempe det siste slaget i Ragnarok, verdas ende.
Referansar til denne mytologien er ein gjengangar i høgreradikal nettkultur, ifølge Global Network of Extremism and Technology.
Hundefløyter
– Trump-administrasjonen har blitt spesialiserte i å bruke såkalla hundefløyter, med «shitposting» og trolling, for å pakke inn ekstremistiske bodskap, seier Thorleifsson.
Ho peiker på Valhall-kommentaren til Patel og Trumps beskjed om å svare venstresida som døme på slike hundefløyter, så vel som Trumps beskjed til den høgreekstreme gruppa Proud Boys om å «stand back and stand by» i 2020.
FBI-direktør Kash Patel følgjer med under ein pressekonferanse ved Utah Valley University.
Foto: Lindsey Wasson / AP / NTB– I trollkultur på internett er det mange måtar å skjule ein bodskap på. Ein kan gi ein oppmoding til alle som kjenner til og forstår signalet, og samstundes kome unna med det fordi ein ikkje har oppmoda til vald eksplisitt, seier Thorleifsson.
At FBI-direktøren kan nytte seg av slike referansar i offisiell setting, viser kor normalisert det har blitt, meiner ho.
– Det er snakk om radikalisering av ein stor del av befolkninga, som jo har stemt på ein administrasjon som raskt og på høglys dag bryt ned demokratiet til fordel for det autoritære.
Manglande motiv
Kirks mistenkte drapsmann har blitt framstilt som det meste på sosiale medium.
Skeiv, venstreradikal, «groyper», jøde – konspirasjonsteoriane fekk blomstre i dei 33 timane det tok før Utah-guvernør Spencer Cox kunne dele at dei hadde arrestert 22 år gamle Tyler Robinson.
Han skal ha gama mykje og vore «djupt nede i det mørke nettet», seier Utah-guvernør Spencer Cox søndag kveld.
Guvernøren i Utah Spencer Cox snakkar under ein pressekonferanse der detaljar om den mistenkte blir presenterte.
Foto: Cheney Orr / Reuters / NTBMen det vi på dette tidspunktet veit om Robinson, gjer det vanskeleg å plassere han i nokon klar ideologi.
Inngraveringane på kulene som blei funne i drapsvåpenet, hadde ikkje tydeleg referansar til transpersonar eller antifascisme, slik det tidlegare blei påstått og så avkrefta.
Dei er først og fremst memes og referansar til nettopp subkultur på internett.
– Internettkultur er ikkje samanhengande. Dette er unge som har vakse opp på plattformer der ein blandar element frå ulike ideologiar for å sette saman sitt eige verdsbilde. Det lar seg ikkje klassifisere så lett, seier Thorleifsson.
Interessert i stoff frå utanriks? Høyr redaksjonens siste podkast:
Publisert 15.09.2025, kl. 10.15