Frykta at karrieren var over – «mirakelmannen» frå Drammen kan vere redninga

1 hour ago 2



– Det står ofte «mirakelmannen». Eg skjønner jo på ein måte at han kan vere omtalt som det, seier Sørum.

Skiskyttaren er tilbake i Drammen på massasjebenken til Tom Skjønnhaug (79). Her har han vore kvar einaste morgon i to veker nå.

Det kjem små smertelydar frå pasienten Sørum i det 79-åringen tar tak i muskelgruppene.

– Det er ikkje spamassasje, det er heilt rett, seier Sørum på massasjebenken.

Grimaser blir skore med jamne mellomrom. Nå lever Sørum etter ordtaket «smerte er mellombels, ære varer evig».

27-åringen har i lang tid prøvd å få skikk på problema. Løysinga blei Skjønnhaug som ofte blir omtalt som mirakelmannen i overskriftene til media.

– Ikkje noko frøken-behandling

På denne benken har fleire av Noregs største idrettsstjerner blitt behandla. Antonio Nusa, Petter Northug, Thor Hushovd og Edvald Boasson Hagen for å nemne nokon. Sist men ikkje minst, verdsrekordhaldaren i høgde: Javier Sotomayor.

– Det er ikkje noko frøken-behandling nei. Eg må inn der det sit – og det er ting som ofte ikkje har blitt brukt på lenge, da gjer det vondt.

Det seier Skjønnhaug med eit glis om munnen, mens «pasienten» Sørum vrir seg i smerte.

Frykta det verste

Ryggproblema har vore langvarige for den 27 år gamle skiskyttaren. Han er på jakt etter ein OL-plass, men i sesongopninga på Geilo låste ryggen seg på nytt og Sørum braut fellesstarten.

Dette har vore eit vedvarande problem og noko Sørum har prøvd å løyse ved fleire høve. Den verste tanken har også streifa Sørum, at ryggproblema kunne føre til karriereslutt.

Etter to vekers behandling er statusen ein heilt annan.

– Eg har mykje meir trua på framtida, rett og slett. Det er jo det eg er mest glad for, eigentleg, seier Sørum, som fortel at han har fått fleire teknikkar for å hanskast problema.

Vebjørn Sørum får massasje på benken til Tom Skjønnhaug

TAR I: Lysken får køyrt seg, det er over éin av 20 muskelgrupper som har blitt behandla dei to vekene.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

Etter Geilo-fiaskoen bestemte han seg for å ta ordentleg tak i problemet. MR-undersøking og fysiske undersøkingar viste at det var ei svakheit i hofteleddsbøyaren som mest sannsynleg skapte problema.

Da han kom til Skjønnhaug for første gong, klarte han så vidt å løfte foten mens han sat på massasjebenken. Nå viser Sørum fram progresjonen, og kneet blir nesten løfta opp til magen.

– Tenk å vere toppidrettsutøvar og ikkje kunne løfte hofteleddsbøyaren når du går på ski. Det er ikkje heilt ideelt, seier Skjønnhaug om progresjonen.

– Mirakelmann er vi godt kjente med

Sørum kallar behandlingane «for eit ærleg stykke arbeid». Det er ingen heksekunstar involverte, berre røff massasje med diverse rørsler som skal til for å løyse opp den anstrengde muskulaturen og ryggen.

– Eg fekk berre sendt ein video den første gongen. Det var nok for meg. Da såg eg korleis han gjekk og eg såg også med ein gong kva det var, seier Skjønnhaug.

Også lagkameratane har fått med seg at det er ein heilt spesiell person som har blitt hyra inn for å få kontroll på ryggen.

– Mirakelmann er vi godt kjente med. At Vebjørn går til han, trur eg er kjempesmart, seier Vetle Sjåstad Christiansen til NRK.

– Eg snakka med «Veb». Han sa han var flink. Eg håpar at han får fiksa ryggen og blir klar for Hochfilzen, legg Martin Uldal til.

12. desember er Sørum altså tilbake i verdscupen, forhåpentleg med ein frisk rygg. 27-åringen fortel at han gjerne skulle hatt meir tid, men med den interne konkurransen på landslaget, så må han gå for å komme seg på eit eventuelt OL-lag.

– Eg har lært mange nye teknikkar når det gjeld aktivering og mobilitet. Eg har også lært litt eigenmassasje.

– Har Tom fått seg ein ny kunde?

– Han har fått seg ny fast kunde, ja. Det er det ingen tvil om.

Publisert 08.12.2025, kl. 19.03

Read Entire Article