Frp-Velle: Tek grep for å få godkjent om­stridd skule

2 hours ago 1



  • Simen Velle (Frp) vil ha statsstøtte og godkjenning av privatistskolen i Lom.
  • Fleire parti i Stortinget støttar saka, men Ap, MDG og spesielt Høgre kan vere avgjerande.
  • Høgres Mathilde Tybring-Gjedde og Guri Melby (V) føreslår ei mer liberal friskolelov.
  • Lokalmiljøet har samla 70 millionar for å opprette skulen etter vedtaket om nedlegging av den tidlegare offentlege vgs i Lom i fjor haust.

Velle, som sit i Stortinget sin utdanningskomite, får venteleg med seg både Senterpartiet, SV, Raudt, Venstre og KrF i kampen for å gi Jotunheimen privatistskule i Lom naudsynt godkjenning.

Det betyr i så fall 84 representantar, men det kan vere ein for lite til å skape fleirtal i eit storting med 169 representantar.

Framlegget blir levert Stortinget få dagar etter at Utdanningsdirektoratet avslo søknaden frå skulen om offentleg godkjenning og statsstøtte på linje med andre privatskular.

Sjeldan trio

Dermed er det dei tre partia som i fjor røysta for å legge ned den offentlege vidaregåande skulen i Lom og fem andre skulestader, som blir avgjerande i saka.

Den sjeldsynte kombinasjonen av Ap, Høgre og MDG oppnådde fleirtal for skulenedlegging med ei stemmes overvekt i fylkestinget i Innlandet i oktober i fjor haust.

Også på Stortinget har dei tre partia ei stemmes overvekt - med 85 representantar. Høgre sit med nøkkelen, meiner Simen Velle.

– Høgre har stor ansvar

– Det kviler eit stort ansvar på Høgre i denne saka. Partiet er i nøkkelposisjon for å sikre fleirtal for å godkjenne dette som ein privat vidaregåande skule. Her må dei vise at det er samanheng mellom liv og lære, seier Velle om partiet som vanlegvis ivrar etter å støtte privatskular.

 Line Møller / VGSAMLING I LOM: Bjørnar Moxnes (Raudt), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Sylvi Listhaug (Frp) møtte opp på skuleopninga i august. Med ryggen til: Emilie Mehl (Sp). Foto: Line Møller / VG

Han meiner det er dårleg gjort mot lokalsamfunnet i Nord-Gudbrandsdal at ein skule som heile lokalsamfunnet har samla seg rundt - blir motarbeida politisk.

– Når ein heil region er so klinkande klare på kva dei ønsker, og elevane ønskjer å gå der - og dei har samla inn pengar til å starte ein skule,
så skulle det berre mangle at dei blir behandla på lik linje med andre som søker å få godkjend privatskule, tordnar Velle.

Imponert av Lom

Han er imponert over korleis lokalsamfunnet har stilt opp for å etablere skulen i Lom på rekordtid etter nedlegginga av den offentlege skulen.

– Kan ikkje ein godkjend privatskole i Lom «stele vgs-elevar» frå den offentlege skolen i Innlandet fylke?

– Eg har respekt for at det blir ein elevnedgang i fylket i åra framover.
Men her er det et spørsmål om kva slags skular elevane faktisk vil gå på. Og sjeldan har ei skulenedlegging skapt meir furore enn det som skjedde i Lom.

 Anja Ariel Tørnes Brekke / VGNØKKELROLLE: Leiar i Stortinget sin utdanningskomite, Mathilde Tybring-Gjedde. Foto: Anja Ariel Tørnes Brekke / VG

Velle minner om at lokalt næringsliv, ungdomane sjølv og kommunane i området er «klinkande klåre» i si støtte til at privatistskulen bør få offentleg godkjenning.

– Då må ein ta innover seg at eit nei til godkjenning av denne skulen på sikt kan øydelegge for eit heilt lokalsamfunn, seier Simen Velle til VG.

- Bør bli lettare å starte privatskule

Høgrepolitikar Mathilde Tybring-Gjedde er leiar av utdanningskomiteen på Stortinget. Ho er mot å saksbehandle enkeltskular på Stortinget. Men peikar på ei anna løysing.

– Høgre vil når som helst røyste for ei meir liberal friskulelov som gjer det lettare å etablere gode friskular rundt omkring i landet. I staden for at Stortinget skal byrje å saksbehandle og godkjenne enkeltskular som nokre politikarar til ei kvar tid likar eller ikkje likar, meiner vi det bør bli lettare generelt å starte ein friskule, skriv Tybring-Gjedde i ein sms til VG.

Ho meiner også det er eit paradoks at Senterpartiet først strammar inn lova slik at det blir mykje vanskeligere å starte en friskole, og deretter vil overprøve direktoratet som eigentleg berre gjer det Sp har bestemt.

Sp-Sande ventar at dept-et godkjennner

Erling Sande, som er Sp sin representant i Stortinget sin utdanningskomité, minner om Høgre si rolle då seks skulestader vart vedteke nedlagt i Innlandet i fjor.

Bilde av Erling SandeErling Sande

Stortingsrepresentant for Sp

– Det var Høgre i Innlandet som saman med Arbeidarpartiet gjennomførte nedlegginga av tilbodet i Nord-Gudbrandsdalen. Det er jo bakgrunnen for søknaden om privatskule. Om Høgre hadde lese innstillinga så ville ein sett at Utdanningsdirektoratet seier at skulen fyller krava, men at dei legg vekt på at fleirtalet i Innlandet fylke (inkludert Høgre) ikkje ønskjer at skulen skal få nødvendig godkjenning, seier Sande til VG.

Han legg til at Senterpartiet er usamd med Høgre lokalt i nedlegginga, difor ventar han at departementet i neste omgang gjev nødvendig løyve.

– Om så ikkje skjer, så får vi heller setje oss ned med Høgre og diskutere om lova er rett utforma, seier Sande.

 Line Møller / VGSP-FRAMMØTE: Trygve Slagsvold Vedum i lånt bunad og Emilie Mehl (i døra) var til stades under opninga av skulen i Lom 18. august i år. Foto: Line Møller / VG

– Vil ikkje ein godkjenning av ein privatskule i Lom ta frå elevgrunnlaget til dei offentlege vgs-skulane i Innlandet?

– Hvis du vil ha reduksjon i elevtalet så legg du ned skulen og fjernar det offentlege tilbodet, spissformulerer Sande.

– Det er jo denne typen lokalpolitikk som aukar fråflyttinga frå eit område. Og då blir det mindre attraktivt å flytte til. Har du derimot velfungerande skular der, så blir det attrraktivt å flytte dit, seier Sande.

Bilde av Hanna SkjåkødegårdHanna Skjåkødegård

Styreleiar og eldsjel for Jotunheimen Privatistskule i Lom

Styreleiar i den aktuelle skulen i Lom, Hanna Skjåkødegård, kjem uansett til å flytte «heim» frå Bergen til Lom si nabobygd Skjåk på nyåret.

– Vi har eigentleg klart det umogelege, samla inn 70 millionar og stabla ein vidaregåande privatistskule på beina to månader etter at den offentlege vgs-en i Lom vart nedlagt. No er det på tide for politikarane å innsjå at skulen her er liv laga og fortener langsiktig godkjenning og føreseieleg statsstøtte, seier Skjåkødegård til VG.

Bør privatistskulen i Lom bør få statleg godkjenning og statsstøtte?

aJa, utvilsamt. Her har lokale krefter samla inn 70 millionar — og gjenreist ein offentleg skule som vart nedlagt.bNei. Eg fryktar den vil undergrave det offentlege skuletilbodet og den nye skulestrukturen.

Ho minner om at skulen har ein fullverdig lærarstab og den same rektoren som vart «nedlagt» i vår.

Ingen utløpsdato

– Kor lenge kan de leve av dei 70 millionane som de har fått i støtte frå lokale krefter og næringsliv?

– Eg kjenner jo på at det ligg ei enorm mengde arbeidstimar bak desse pengane som vi har motteke. Millionane er gjeve oss fordi privatpersonar, kommunar og verksemder i området ser at dei ikkje har hatt noko val - om det framleis skal vere livskraft i lokalsamfunnet her. Dette burde strengt tatt vere det offentlege si oppgåve. Men det er ikkje nokon utløpsdato på skulen vår. Vi er nøydde til å ha denne skulen her, svarar Skjåkødegård.

 Helge Mikalsen / VGVIL ENDRE LOVA: Guri Melby (V). Foto: Helge Mikalsen / VG

Også Venstre ved stortingsrepresentant og eks. minister Guri Melby vil til liks med Høgre endre friskulelova slik at lokale beslutningar ikkje kan vektleggast så tungt som no er tilfelle.

Vedtaket fra 2023

Stortinget vedtok endringer i privatskoleloven i 2023.

  • Endringene innebærer at det ved søknader om godkjenning av nye skoler og driftsendringer ved eksisterende skoler, skal legges vesentlig vekt på uttalelsen til vertskommunen eller vertsfylket.
  • Videre ble det vedtatt at størrelsen på statstilskuddet og skolepengene til skoler godkjent etter privatskolelova kapittel 6A, skal fastsettes i forskrift.

(Kilde: Stortinget)

Melby vil fremje eit forslag på Stortinget onsdag, som går ut på å reversere dei lovendringane frå 2023 som gjer det mogeleg for Udir å peike på negativt vedtak i fylkestinget som grunn til å avslå søknaden til Jotunheimen privatistskule.

– Dersom det blir vedteke, vil det bli vanskelieg å avslå søknader frå skular som innfrir krava berre fordi eit flertal på fylkestinget ikkje vil ha den, argumenterer Melby.

Read Entire Article