Frp: Ut med sidemål, inn med privatøkonomi i skulen

1 month ago 25



– Norske ungdommar treng å lære meir om norsk økonomi, seier Fpu-leiar Simen Velle.

Derfor vil dei ha eit eige fag om personleg økonomi i skulen. Ifølge ungdomspartileiaren har FpU hatt dette som vedtatt politikk ei god stund.

Nå følger moderpartiet etter.

– Fordi det er viktig at unge skjønner seg på kortbruk, renter, inkasso og lån. Dette er ein viktig del av livet, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

På spørsmål om dette vil føre til fleire skuletimar for elevane er svaret nei. Dette kan bli tatt frå andre fag, meiner Frp.

– Det kan vere ein del av matematikkfaget, ein burde også sjå på dette med tvungen sidemålsundervisning, seier Listhaug og legg til:

– Mange slit med norsk i dag, då er det feil å ha sidemål som eit obligatorisk fag.

Sylvi Listhaug snakker med ungdom på Norway cup om FrPs forslag om privatøkonomi som eget fag.

Sylvi Listhaug fekk positiv respons frå ungdom på Norway Cup om FrPs forslag om privatøkonomi som eige fag i skulen.

Foto: Trond A. Stenersen / NRK

Fire på sletta

I eit av telta til Norway Cup på Ekebergsletta møter vi Thale Flinterud, Elise Oksnes, Maya Torkelsen og Maren Lepsøy Iversen.

Den ungdommelege stikkprøven er positive til meir undervisning i personleg økonomi.

– Eg saknar å lære om det. Vi har hatt lite av det i matten gjennom åra, seier Flinterud.

– Det er ikkje alle som har likt grunnlag for å lære dette heime. Så å få det inn i skulen verkar lurt, seier Iversen.

– Vi har lært litt om det i matte på ungdomsskulen, seier Oksnes.

Thale Flinterud, Elise Oksnes, Maya Torkelsen og Maren Lepsøy Iversen fotografert inne i et telt på Norway cup på ekebergsletta.

Thale Flinterud, Elise Oksnes, Maya Torkelsen og Maren Lepsøy Iversen vil ha meir opplæring i personleg økonomi.

Foto: Trond A. Stenersen / NRK

– Eg trur det vil hjelpe folk å førebu seg på å bu aleine, seier Torkelsen.

Om det går på kostnad av sidemål og framandspråk som obligatoriske fag vert ei av dei meir skeptisk:

– Mange liker ikkje sidemål, men eg skjønner viktigheita av det. Men vi kan godt ha meir om privatøkonomi, enn det er i matte no, seier Torkelsen.

– Kanskje det er viktigare å lære å ha kontroll på eigen økonomi enn å lære tysk eller fransk eller sidemål, seier Oksnes.

– Vi treng ikkje så mykje framandspråk og sidemål-undervisning som vi har i dag, seier Flinterud.

Kari Nessa Nordtun

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Foto: William Jobling / NRK

Meiner Frp slår inne opne dører

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier det er viktig at unge lærer om personleg økonomi.

– Utruleg viktig.

Nordtun seier fleire unge får feilinformasjon gjennom TikTok og andre sosiale medium.

– Spesielt knytt til personleg økonomi. Det er viktig at vi rettleier dagens unge på ein god måte. Slik at dei kan ta gode, smarte og trygge økonomiske avgjerder. Og ikkje minst lære konsekvensane av dårlege val.

Fleire skular jobb godt med opplæring i dette allereie, understrekar ho.

– Og vi trenger at enda fleire gjer det. Det ligg til grunn i læreplanar i fleire fag, seier ho.

– Men ikkje på kostnad av sidemålsundervisning?

– Nei.

– Kva med personleg økonomi som eit eige fag?

– Samanlikna med då eg var ung går unge i dag to år ekstra på grunnskulen. Det er mykje ressursar som blir brukt allereie. Eg er opptatt av at vi bruker dei på ein enda betre måte, svarar Nordtun.

I ungdomsmeldinga som regjeringa legger fram til hausten er dette eit av fleire tema, regjeringa har varsla at dei tar opp, fortel Nordtun.

– Frp slår sånn sett opp opne dører.

Manglande kunnskap

Velle argumenterer med at dårleg kunnskap om økonomi blir dyrt for framtida til dei unge.

– Problemet i dag er at nokre få unge lærer dette, og dei lærer det av foreldra sine, seier han.

Derfor meiner ungdomspartileiaren at mange fell inn i eit kunnskapshol.

– Og det blir dyrt når ein skal inn på bustadmarknaden og trur at kredittkortrente er ein god idé.

Skal elevane ha eigen eksamen i dette økonomifaget?

– Det får vi komme tilbake til, men at det blir eit eige fag, det er kjempeviktig, svarer Listhaug.

På spørsmål om dette vil føre til fleire skuletimar for elevane er svaret nei. Dette kan bli tatt frå andre fag, meiner Frp.

Partileiar Sylvi Listhaug stemmer i.

– Vi meiner det er viktig at det er eit eige fag slik at du får opplæring i lån, rente, inflasjon, inkasso, kortbruk. Det er kjempeviktig.

Publisert 02.08.2024, kl. 16.25

Read Entire Article