Frp til ny kamp mot sidemål: – Vi kan jo ikkje ta alt som er vanskeleg bort frå skulen

5 hours ago 3



– Eg blei lei meg då fylkesråden for utdanning nærmast mobba språket mitt på den måten, seier Berit Oksfjellelv frå Nesna i nordland.

I fjor sende Nordland fylkeskommune inn ein søknad om å gjere skriftleg sidemål frivillig i vidaregåande skule. Det same har dei gjort i Vestfold.

– Med denne saka vil vi gje elevane litt meir valfridom i skuledagen. Vi vil sjå om vi kan auke dei faglege prestasjonane i norskfaget dersom ein kan velje bort sidemålet, sa fylkesråd for utdanning og kompetanse i Nordland, Joakim Sennesvik, då.

Det trigga lærar Berit Oksfjellelv og andre nynorskbrukarar i Nesna.

Dei danna Nesna språklag, som no tel 24 medlemmar.

Sjølv om andelane elevar som har nynorsk som hovudmål går net, meiner Oksfjellelv at det er viktig å behalde sidemål som i skulen av fleire grunnar.

– For det første handlar det om mangfald. Eg er veldig stolt av at vi har fleire språk i landet vårt, både nynorsk, bokmål og forskjellige samiske språk. I tillegg er det jo fint å kunne bruke dialekta si. Nynorsk gjer jo rom for det, seier ho.

Og nyleg fekk både Nordland og Vestfold avslag på søknadane sine om frivillig sidemål.

I avslaget legg Utdanningsdirektoratet vekt på at forsøk med å ta vekk sidemålsordninga allereie er gjennomført, utan at det gav tydelege gevinstar.

Men no tar Framstegspartiet opp hansken.

Flere voksne mennesker poserer inntil en vegg

Styret i Nesna mållag. Frå v. Morten Media (skrivar), Berit Oksfjellelv (leiar), Kurt-Are Einmo (nestleiar), Svein Kleivkås (styremedlem) Anne-Lise Wie (kasserar). Vara og pådrivar Jenny Myklebust var ikkje til stades.

Foto: Lydia O. Kjelen

La fylkeskommunen bestemme

Dei skal fremme eit forslag for Stortinget om å gjere det mogleg for fylkeskommunane sjølv å bestemme om dei skal gjere skriftleg sidemål til ei frivillig greie.

– Kommunar og fylkeskommunar som ynskjer å gjere sidemål frivillig bør få den moglegheita. Slik systemet er i dag er det nesten umogleg å få tillating til lokale tilpassingar, seier Himanshu Gulati, skulepolitisk talsperson i Frp.

Dei trur frivillig sidemål kan bidra til økt motivasjon og betre prestasjonar i skulen.

– Ved å gjere sidemål valfritt, vil elevane sjølv kunne velje kva fag de vil fokusere på. I tillegg til betre resultat på skulen, trur vi også det kan auke motivasjonen til elevane.

Mellom 2004 og 2007 blei det gjennomført eit prøveprosjekt på ni vidaregåande skular i Oslo der sidemål blei gjort valfritt.

Himanshu Gulati

Himanshu Gulati, skulepolitisk talsperson i Frp, vil ha meir valfridom i skulen.

Foto: Bjørn Inge Bergestuen / Frp

Evalueringa av prosjektet visar at elevane fekk betre skriftleg karakter i hovudmål.

Men evalueringa visar også blant anna at forsøket ikkje hadde effekt på leseferdigheitene til elevane, eller den munnlege framstillingsevna deira.

Evalueringa seier ingenting om at frivillig sidemål gjorde noko med fullføringa av vidaregåande skulegang.

Himanshu Gulati meiner at situasjonen er annleis no.

Det er ganske mange år sidan forsøket i Oslo. Og sidan den gang har dessverre prestasjonane til norske elevar gått ned. Det same har skjedd med motivasjonen deira. Meir valfridom og kontroll i skulekvardagen vil auke motivasjonen.

Lite endring i karakterar

Tal frå Utdanningsdirektoratet visar derimot at standpunktkarakterane til elevar i den vidaregåande skulen har heldt seg stabile dei siste åra.

Medan tal frå Statistisk sentralbyrå visar at andelen elevar som fullfører vidaregåande utdanning har auka sidan 2009.

– Er sidemål den store, stygge ulven når deg gjeld elevanes prestasjon på skulen?

Vi ser at når elevane slit med ferdigheltane i grunnleggande basisfag, så bør dei få moglegheita til å fokusere på dei faga dersom dei ynskjer det, i staden for å bruke tid på andre fag som dei kanskje ikkje finn like relevant.

Men meir valfridom i utdanninga, vil ikkje det kunne føre til at elevane ikkje får all den opplæringa dei bør ha?

– Vi ynsker heller å fokusere meir på basisfaga, som norsk, engelsk og matematikk. Og så vil vi gjere fleire av dei andre faga valfrie, slik at elevane får forme meir av sin eigen skulekvardag.

Berit Oksfjellelv er ikkje einig. Ho forstår ikkje kvifor nynorsk har fått så dårleg rykte.

– Veldig bra

– Der er tydelegvis nokon som synest nynorsk er vanskeleg. Dei seier det høgt og tydeleg, og da trur folk på det. Det er jo ikkje sånn at nynorsk er vanskelegare enn bokmål, seier Oksfjellelv.

– Vi kan jo ikkje ta bort alt som er vanskeleg. Skal vi fjerne multiplikasjon frå matematikken, sosiologi frå samfunnsvitskapen og biologi frå naturfag?

– Korleis skal dykk møte dei som no vil gjere sidemålet frivillig i skulen?

– Vi må bruke ei floskel: Vi skal møte dei med kjærleik. Så må vi fortsette å skrive nynorsk, dele det, og lære elevane våre opp i både nynorsk og nynorskens historie.

Kunnskapsdepartementet har ikkje hatt anledning til å svare på spørsmål i denne saka.

Publisert 23.02.2025, kl. 09.42 Oppdatert 23.02.2025, kl. 09.42

Read Entire Article