Frifunnen for falsk forklaring etter påstått hending i Nygårdsparken

4 hours ago 2



Hamse Mohamoud Ali er frifunnen for å ha gitt falsk forklaring etter påstått valdshending i Nygårdsparken i Bergen i september i fjor.

Det kjem fram i ein dom frå Hordaland tingrett onsdag.

Ali hevda først at han hadde blitt utsett for rasistisk motivert vald av seks ukjente menn. Seinare viste etterforskinga at Ali ikkje har opphalde seg i Nygårdsparken på det tidspunktet, men køyrd forbi på elsparkesykkel.

Retten konkluderer med at eit fall på sparkesykkel skal ha påført han skadane han fekk i ansikt og munn. Forklaringa var difor uriktig. Men grunna rimeleg tvil om forklaringa var uriktig med vilje, eller grunna forvirring etter fallet, blir tiltalte frifunnen.

Read Entire Article