– Her er ein uskuldig familie som ikkje har fått bu i huset sitt sidan mai. Sånn kan vi ikkje fortsette, seier Maren Grøthe (Sp).
Nesten tre månader har gått sidan containerskipet «NCL Salten» dundra inn i land på Byneset i Trondheim.
I etterkant av samanstøyten rasa delar av Jostein Jørgensen sin tomt ut i sjøen. Før han og familien kan flytte tilbake må rasstaden bli sikra.
Kven som skal ta rekninga for dette er framleis uklart.
Samstundes kjem skredkanten nærmare og nærmare Jørgensen sitt hus.
– No må vi slutte å behandle denne familien som ein kasteball, seier Grøthe.
Maren Grøthe ber energiminister Terje Aasland gripe inn for at Jostein Jørgensen sitt hus skal bli sikra.
Foto: Henning Levold / NRK– Vi har hatt det veldig tøft
Det var tidleg om morgonen 22. mai at det 135 meter lange containerskipet trefte land.
Same dag gjekk det første skredet. I dagane som følgde gjekk nye skred og Jostein Jørgensen, kona og sonen blei evakuert.
Det har dei vore sidan.
– Vi har hatt det veldig tøft. Vi veit ingenting om kva som skjer og vi lever i håpet heile tida, seier Jørgensen.
Frå ein liten utkikksplass har Jostein Jørgensen utsikt over eigedommen han er evakuert frå.
Foto: Henning Levold / NRKHan fortel at det har vore frustrerande at saka blir sendt mellom ulike instansar.
– Ballen blir kasta mellom etatane, så ingenting skjer her i alle fall, seier Jørgensen mens han ser utover eigedommen han er evakuert frå.
Jørgensen er redd for at haustvêret skal føre til at meir av grunnen sklir ut og at også husa skal bli tatt av skred.
– Vi veit korleis vêrforholda er her ute. No ligg leira brakk og sjøen forsyner seg dagleg av den.
Jørgensen fortel at skredkanten har grave seg nærare og nærare bustadhuset der kona og han bur.
– Ein kan ikkje vente til over vinteren. Da trur eg det er for seint.
Også teknisk sjef i Trondheim kommune, Tomas Eidsmo, har uttrykt bekymring for det same.
Jørgensen og kona har budd i huset sidan 1989.
Foto: Helge Bull-Engelstad / NRK– Ein kasteball
Grøthe meiner energiministeren no må kome på banen og sikre pengar for å gjennomføre sikringstiltak.
– Det er NVE som har avslått søknaden frå Trondheim kommune. No ligg saka på energiministeren sitt bord, seier Grøthe.
Ho seier det er avgjerande at både skred- og sikringstiltak blir gjennomført før vinteren.
– Da må energiministeren få opp farta.
Når haustvêret slår inn er Jørgensen redd for at vatnet skal vaske vekk meir av grunnen.
Helge Bull-EngelstadDet er estimert at det vil koste om lag 8 millionar kronar å sikre eigedommen.
Trondheim kommune søkte NVE om hastetilskot for å få sikra rasstaden, men fekk avslag fordi NVE meiner skredet ikkje er dekt av tilskotsordninga til flaum- og skredførebygging.
Også Lars Haltbrekken (SV) og Mari Holm Lønseth (H) har stilt skriftleg spørsmål om kva ministeren vil gjere for at rasstaden blir sikra.
Kommunen har klaga avslaget inn til Energidepartementet.
– Det var ein fantastisk plass, heilt til containerskipet kom og øydela for oss, fortel Jørgensen om tomta si.
Foto: Henning Levold / NRK– Eg meiner dette er ein heilt ekstraordinær situasjon og eg håpar at regjeringa no kan skjere gjennom og instruere NVE slik at dei kan bevilge midlane, seier byråd for byutvikling, Lars Viko Gaupset (MDG).
– Midla finst. Dette er ein familie som er i ei heilt fortvila situasjon som dei ikkje har noko skuld i sjølv.
Slik såg strandlinja ut før skreda gjekk.
Foto: PrivatEnergidepartementet har ikkje ønskt å kommentere saka. Dei viser til det dei uttalte da det blei klart at kommunen klaga på vedtaket frå NVE:
– Departementet har no mottatt klagen, og vil behandle han på ordinær måte. Vi kan ikkje kommentere saka så lenge ho er til behandling, sa departementet til NRK da.
Publisert 14.08.2025, kl. 11.41 Oppdatert 14.08.2025, kl. 11.50