Frå «Jul i Svingen» til Halden fengsel

1 hour ago 3



– Det er nok fleire tilsette enn innsette som kjenner meg igjen.

Yvonne Johnsrud snakkar mens grusen knasar under skoa der vi går rundt på uteområda i Halden fengsel.

Ho fortel at det er slump, og kanskje litt flaks, om førte henne gjennom porten i den høge fengselsmuren.

Og kvifor blir ho kjent att? Jo, fordi Yvonne var barnekjendis.

Jul i Svingen, Yvonne Johnsrud som Akaya. Hun er rundt åtte år gammel. Har på seg rød skidress, rød og rosa strikkelue, rødt skjerf og røde votter. Vi ser henne fra livet og opp. Hun har på seg en hvit nummerlapp med tallet 02. Det står "Svingen I.L." på lappen.

Yvonne spelte Akaya i «Linus i Svingen» og «Jul i Svingen».

Foto: Ole Jørgen Kaland / NRK

Har du sett NRK-serien «Linus i Svingen» eller «Jul i Svingen», så veit du truleg kven ho er. Yvonne hadde rolla som Akaya – ho som ofte kom med visdomsord og var opptatt av rettferd.

Og kanskje bur det ein del av Akaya i Yvonne. For sjølv om ho var barneskodespelar i fleire år, fall karrierevalet på noko heilt anna enn film og teater.

Noko av grunnen er at livet hennar blei snudd på hovudet i ungdomstida.

Yvonne Johnsrud som Akaya i "Jul i Svingen".

NRK

Alle har opplevd noko kjipt

Like før jul i 2009, da Yvonne gjekk i 9. klasse, døydde mora av brystkreft.

Fire år seinare, døydde faren av akutt leukemi. Også han blei borte like før jul.

Yvonne, som er einebarn, fortel at det å miste begge foreldra i løpet av ungdomstida har sett djupe spor. At det har vore tøft, men at det også har lært henne veldig mykje.

Ung kvinne sitter i en sofa. Vi ser henne fra brystet og opp. Hun har mørkt hår i hestehale. Hun ser alvorlig ut. Solen skinner i ansiktet hennes gjennom persienner som lager skyggestriper.

– Eg lærer mykje av dei innsette, seier Yvonne.

Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRK

– Eg trur vi alle har opplevd noko som er kjipt. Livet er ikkje ein dans på roser.

Ho meiner det er viktig å respektere alle for «deira verste», same kor stort eller lite det er.

Ein brekt nagl kan vere det verste for nokon. For andre er det langt større hendingar.

– Det viktige er at ein hjelper og støttar.

Og det er nettopp det ho gjer i Halden fengsel. Yvonne valde nemleg å bli vernepleiar, og nå jobbar ho i eit team saman med fengselsbetjentar.

Målet hennar er å gjere kvardagen så bra som mogeleg for dei innsette.

Gjensidig respekt

Yvonne går ofte turar rundt på området til fengselet saman med innsette. Ho spelar spel med dei, er i treningsrommet eller sit og pratar medan dei drikk kaffi.

For det å ha nokon å lufte tankane sine med kan vere det aller viktigaste for mange. Da er det viktig å lytte og ikkje dømme, seier Yvonne.

For mange har blitt kriminelle på grunn av noko som har skjedd med dei tidlegare.

– Ved nokre tilfelle fortel eg historia mi. Ikkje for at det skal bli ein «konkurranse» om kven som har opplevd det verste, men for å gje litt av meg sjølv. For å få, må ein gje.

Det blir enklare for dei å opne seg når dei veit at også ho har forståing for at livet kan vere veldig tøft.

– Det handlar om å skape gjensidig respekt.

Stadig fleire kvinner

Yvonne hadde jobba lenge i psykiatri før ho kom til Halden fengsel for litt over eitt år sidan. Der, og i fengsel over heile landet, får ho stadig fleire kvinnelege kollegaer, viser tal frå Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI).

I heile kriminalomsorga auka talet på kvinner frå 3187 i 2024 til 3243 i 2025. Det er ei auke på 56 personar, fortel Trine Gamst som er HR-direktør i KDI.

Ho seier de har ei tilnærma lik kjønnsfordeling blant dei tilsette, og at det er viktig for kriminalomsorga å arbeide systematisk med likestilling og mangfald. Alle tilsette skal vere sikra like moglegheiter.

Kvifor fleire og fleire kvinner søker seg til fengsla er likevel uvisst.

Hos Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter (KRUS), har dei ikkje registrert nokon tydelege forskjellar i motivasjonen til dei kvinnelege og mannlege aspirantane.

Dei fleste vektlegg eit ønske om å hjelpe.

Nærbilde av en hengelås på en port i Halden fengsel. Både porten og låsen er metallfarget.

Ved utgangen av 2025 var det fleire kvinner enn menn i førstelinjestillingar i kriminalomsorga.

Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRK

Hjelpe bak lukka dører

Yvonne har stor forståing for at dei innsette ikkje eigentleg vil vere i fengselet. Difor prøver ho å gje dei tryggleik og spreie positivitet.

Ho seier det er viktig å tenke at livet ikkje er over før det faktisk er det. At det er mogeleg å komme seg ut av den mørke tunnelen ein kanskje føler at ein er i, og at alle tunnelar er forskjellige.

– Nokre er litt breiare, andre litt lengre. Nokre har dårlege vegar, og i nokre er det fartshumpar. Ein kan få motorstopp inni der, og da treng ein litt hjelp ut. Ein skal ikkje gje opp.

Yvonne står i døren inn til en av de ytre områdene i Halden fengsel. Solen skinner i ansiktet hennes. En grå dør er i forgrunnen. Hun har blå jakke og svart, langt hår i hestehale.

– Ein skal ikkje gje opp, seier Yvonne.

Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRK

Innimellom kjem også skodespelartida godt med i jobben. For har nokon av dei innsette sett «Jul i Svingen», kan det bli ein god prat og ei moglegheit til relasjonsbygging.

Men det ho kallar samfunnsoppgåva si er ikkje lenger å underhalde på TV.

– Den er å hjelpe andre menneske bak lukka dører. Eg kan underhalde folk her inne nå, men på ein veldig annleis måte.

Publisert 18.02.2026, kl. 21.47

Read Entire Article