Fostermor trassa åtvaringane frå politiet

2 weeks ago 12



– Eg vart frustrert over at det kom ei lydfil, sa den erfarne barneavhøyraren til retten.

Ho har gjort fleire tilrettelagde avhøyr av jenta som seier ho er blitt valdteken av både mor, far, storebror og ein nabomann i den svært omfattande overgrepssaka frå eit nabolag i Ullensvang.

Dei fire tiltalte hevdar forklaringane frå jenta og dei to andre fornærma barna har blitt påverka av barnevernet.

Torsdag fekk Gulating lagmannsrett sjå og høyre korleis den første fostermora til jenta fleire gongar vart åtvara mot dette.

Då vart det nemleg synt fram e-postar mellom barnevernstilsette og politiet undervegs i etterforskinga av sakene.

 Robert Reinlund / TV 2
LAS E-POSTAR: Medaktor Inger-Lise Høyland, her i midten mellom bistandsadvokat og statsadvokat, dokumenterte e-postar mellom fostermor, politi og barnevern i saka. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Sende lydfiler på e-post

27. april 2021 hadde barneavhøyraren gjort det femte avhøyret med jenta, der fleire detaljerte skildringar om overgrep frå nabomannen kom fram.

Dagen etter var det planlagd eit nytt avhøyr med jenta. På dette tidspunktet var det berre nabomannen som var sikta i saka.

– Etter avhøyret bad eg om at det ikkje var snakk om den saka mellom fostermor og jenta den ettermiddagen og kvelden. Og så kom den lydfila på e-posten min dagen etter.

«Her kjem ny info frå «NN». Ho foreslo lydopptak», stod det i e-posten med vedlegget frå fostermora.

Dette er saka: «Fullstendig grenselaust»

Frykta for bevisverdien

Det var altså i april 2021. Men den vinteren hadde barneavhøyraren allereie gitt fleire beskjedar til fostermora om måten ho snakka med barnet på. 

Som det tidlegare har kome fram, stilte fostermora både ja/nei-spørsmål og laga quiz saman med jenta den vinteren.

– Eg veit eg har tråkka i salaten. Men eg ville ikkje at ho skulle lukke seg. Det var ho som hadde lyst til å fortelje, det må eg presisere, sa fostermora då ho vitna i tingretten i fjor haust.

«Ikkje stille spørsmål til «NN». Dersom ho sjølv byrjar å prate, møt ho på at det er fint og seie «det vil eg høyre meir om», står det i ein e-post barneavhøyraren sende til fostermora 11. mars 2021.

Ein politioverbetjent, som etter kvart leia etterforskinga av heile sakskomplekset, sa at ho gav beskjed allereie i januar 2021.

– Då sa eg at måten ho snakkar med jenta på kan skade bevisverdien av det ho fortel.

Svært sentralt

Alle dei fire tiltalte nektar straffskuld og har anka dei strenge dommane dei fekk i Hordaland tingrett i vår.

Det samla hovudpoenget deira er altså at barna må ha blitt påverka til å fortelje om overgrep som ikkje har skjedd. Og at politi og barnevernet har låst seg til ein hypotese.

Ein rettsoppnemnd vitnepsykolog har langt på veg gitt dei medhald i at samtalane, særleg med to av barna, var eigna til å påverka dei.

Difor står utviklinga i samtalane med barna, e-postane att og fram frå politi og barnevern og dei tilrettelagde avhøyra svært sentralt i deira forsvar.

 Geir Johnny Huneide / TV 2

Barnevernsleiar: – Barna vil aldri treffe foreldra igjen

Reagerte på emoji-bruk

Lagdommar Carl Petter Martinsen stilte seg undrande til ein spesifikk ting i e-postane som vart dokumentert for retten.

Dei inneheld nemleg emojiar som hjarter og smilefjes.

– Når du ser denne dialogen mellom to etatar, som har to forskjellige oppgåver og følgjer ulike regelverk, og e-postar blir signert med hjarter og varme klemmar. Er det ein tanke no i ettertid at kontakten har vore for tett? ville lagdommaren vite.

– Eg tenkjer ikkje kontakten har vore for tett. Det er ei spesiell sak og emojiane er eit uttrykk for mi medkjensle. Når det er sagt er det i dag slutt på hjarter og smilefjes frå mi side etter det her, svara politioverbetjenten.

– Eg har ikkje sett dette i ein dialog mellom barnevern og politi tidlegare, svara lagdommaren tilbake.

 Helge Birk Knudsen / TV 2
DOMMEN: Dette er dei tiltalte og dommane dei anka frå Hordaland tingrett. Foto: Helge Birk Knudsen / TV 2

«Må smi medan jarnet er varmt»

E-postar mellom den aktuelle fostermora for jenta og politiet var det første som vart dokumentert om dialog mellom barnevern og politi i retten torsdag.

I dei aktuelle e-postane sender fostermora notat og lydopptak av samtalane med jenta. Det startar ved årsskiftet 2020/2021.

Då har jenta vore i eitt tilrettelagd avhøyr, hausten 2020, der ho ikkje fortalde om overgrep.

7. januar 2021 skriv fostermora i ein e-post til politiet at «ho deler villig akkurat no» og «vi må smi medan jarnet er varmt».

– Eg oppfordra ho om å ikkje stille spørsmål, men lytta dersom noko kom på jenta sitt eige initiativ, forklarte ein politibetjent.

– Utfordringa er at ho har fått eit barn som er villig til å prate med ho. Vi kallar det «window of opportunity». Vi kan ikkje be ho slutte å snakke med jenta, men vi kan rettleie ho, sa politioverbetjenten.

Politiet gav skryt til fostermor

I tilrettelagd avhøyr 12. januar 2021 kom dei første skildringane om sexleiketøyet til naboen og korleis han hadde forgripe seg på henne med det. 

Politiet har seinare funne DNA frå jenta på ein vibrator som stemmer overeins med den jenta teiknar og skildrar i avhøyret. 

Seinare fann dei bilete av jenta sitt nakne kjønnsorgan på nabomannen sin mobil, som han hevdar sonen hans tok.

– Eg sparka han i magen fordi eg ikkje likte det

I tillegg til rettleiing, rosa også politiet fostermora for jobben ho gjorde med jenta.

«Ho er heldig som får oppfølging av deg. Eg har ikkje opplevd makan», skriv politioverbetjenten 9. februar 2021.

– Det er nok mange som reagerer på det, men dette handlar om at ho må stå i ein vanskeleg situasjon over tid og det er viktig at ho får skryt for at ho klarer ei vanskeleg oppgåve fint, sa kvinna til retten.

 Robert Reinlund / TV 2
MOT SLUTTEN: Det er prosedyrar i Gulating lagmannsrett neste veke. På biletet er forsvarar og rettsbetjent på rettens første dag i september. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Lagdommar: – Burde det opphøyrd?

I ein e-post refererer fostermora at ho har fortald jenta at vaksne som gjer «ulovlege sexting» kan vera snille. 

Jenta skal ha svara «der lærte eg noko nytt».

– Altså, er ikkje dette til skrekk og åtvaring? Er det slik ei etterforsking bør skje i ei sak som dette?, spurte lagdommar Martinsen.

– Eg er samd med at ho ikkje snakka med jenta på ein måte som er gunstig for straffesaka, svara politioverbetjenten.

– Kunne ikkje politiet si etterforskingsleiing gitt ein tydeleg beskjed, ikkje rettleiing, om at dette var så lite gunstig for straffesaka at dette måtte opphøyre?, spurte lagdommaren tilbake.

Då viste politioverbetjenten igjen til beskjedane både ho og fleire andre hadde gitt. Og dessutan eit kurs ho hadde med fostermora i mai.

Barneavhøyraren sa seinare at ho ikkje opplevde endring i metoden til fostermor før det siste avhøyret med jenta om nabomannen i mai 2021.

– Det var første gong eg såg at ho tok til seg det vi hadde prøvd å formidle. Så det kom seint.

Sakkunnige: – Utsett for overgrep

Maratonrettssaka går mot slutten, etter å ha blitt ført for Gulating lagmannsrett sidan september

I neste veke er det avsluttande prosedyrar.

Dei siste vekene har det vore massiv vitneførsel i retten, med totalt over 100 vitne. 

To rettsoppnemnde sakkunnige, éin psykiater og éin psykolog, sa tidlegare denne veka at dei står ved at alle tre barna har symptom på at dei er utsette for seksuelle overgrep.

– Me har ikkje endra konklusjonane våre; dei er heller styrka, sa psykolog Knut Dalen, ifølge Hardanger Folkeblad.

Read Entire Article