Forsvararane reagerer på politiets tidslinje

20 hours ago 3



Torsdag forklarte politiet seg i rettssaka der to menn er tiltalt for å ha sett Mille og Mina Hjalmarsen (16) i ein hjelpelaus tilstand etter at dei blei funne døde i ei leilegheit i Spydeberg 8. januar 2023.

Begge nektar straffskuld.

Politibetjentar frå dei to første patruljane som kom til staden fortalde kva som møtte dei då dei kom fram til leilegheita.

To av politibetjentane fortalde at dei undersøkte jentene for puls, pust og livsteikn, før dei sette i gang med livreddande førstehjelp.

– Det blei forsøkt å gi motgift og bruke hjartestartar, utan at det hadde effekt, sa den eine politibetjenten.

Etter om lag ein time etter at dei kom til leilegheita var begge søstrene erklærte døde av ambulansetenesta.

en mann og en kvinne som ser på hverandre

Haakon Åsli Skogstad er forsvararen til 20-åringen.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Presenterte ei tidslinje

Etterforskingsleiaren presenterte ei tidslinje som skulle vise bevegelsane til dei tre jentene og dei to sikta 7. og 8. januar 2023.

Politiet har brukt teledato, overvakingskamera og bilete og video som var lagra på mobiltelefonar for å danne seg eit bilete.

Tidslinja viser blant anna at telefonane til begge tvillingane blei låst opp for siste gong like før klokka 19 laurdags kveld. Politiet meiner det kan tyde på at jentene ikkje var kontaktbare i fleire timar før politi og ambulanse blei varsla.

En bygning med glassvinduer

Fredag startar fjerde dag i rettssaka i Mysen Tinghus.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

– Vi har sett at begge jentene har ein omfattande bruk av telefon. Og telefonen får sjeldan kvile. Så har etterforskinga vist at tidspunktet då telefonen blei låst opp for siste gang, kan gi eit estimat for når dei ikkje var i stand til å bruke telefonen sa ho i retten.

Meiner etterforskinga har store manglar

Men forsvararane til dei to tiltalte meiner tidslinja har fleire manglar. Dei meiner politiet har utelate fleire sentrale tidspunkt i oversikta, som kunne ha gjeve eit anna bilete.

– Vi meiner det er utelate mykje informasjon som er til fordel for våre klientar, seier Knut Ditlev-Simonsen som forsvarar den tiltalte 29-åringen som eigde leilegheita der jentene blei funne livlause.

Han meiner blant anna at dokumenterte tidspunkt der ein veit at jentene var i område der det blei selt narkotika ikkje er teke med i oversikta.

en mann som snakker inn i en mikrofon

Knut Ditlev-Simonsen er forsvararen til 29-åringen.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Også Haakon Åsli Skogstad, som representerer 20-åringen som skal ha skaffa narkotikaen, meiner tidslinja viser store manglar ved etterforskinga.

– Eg meiner det kjem tydeleg fram at politiet ikkje har vore interessert i å ettergå ulike mogelegheiter for korleis denne narkotikaen kan ha hamna i leilegheita.

20-åringen avviste onsdag at han hadde med narkotika då han kom til Spydeberg, og at han aldri hadde selt narkotika.

Statsadvokat Susanne Ihlebæk seier ho ikkje vil kommenterer bevisførselen mens han går føre seg i retten.

– Dette vil vi komme tilbake i vår prosedyren, seier Ihlebæk.

Dette har skjedd siden Mina og Mille døde

Tøffe dagar i retten

Foreldra til dei to døde jentene, Kirsti Merete Skogsholm og Kim Andre Hjalmarsen har vore til stades i rettssalen alle dei tre dagane denne veka.

Bistandsadvokat Inger Marie Støen seier det har vore krevjande dagar.

en mann og en kvinne som ser på en avis

Bildet viser Inger Marie Støen, foreldrenes bistandsadvokat, samen med faren til Mille og Mina, Kim André Hjalmarsen.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

– Det har vore lange forklaringar frå dei tiltalte, som har vore veldig slitsame å høyre på. Ikkje minst fordi det har vore mykje fram og tilbake med ting dei ikkje huskar eller vil huske, og som er vanskeleg å følge.

Etter sprikande forklaringar frå dei tiltalte og den tredje jenta som var til stades, håper foreldra at ting skal bli litt klarare etter kvart som politiet presenterer fleire detaljar i det etterforskinga har avdekt.

– No blir det ekstra viktig å høyre kva bevis politiet har om når ting har skjedd. Då trur eg det er enklare for både retten og oss å forstå meir, seier Støen.

Publisert 13.06.2025, kl. 08.32

Read Entire Article