Barna har lært det viktigaste om språket sitt allereie som treåringar, men kva skjer når dei blir ungdom, vaksen, gammal?
Språket vi snakkar er ikkje fast og uforanderleg. Det endrast avhengig av kvar vi er, kven vi snakkar med og kva vi snakkar om.
Små barn veks inn i språksamfunn og lærer av språket dei har rundt seg. Dei har stort sett ei framifrå evne til å fange opp det språket som omgir dei.
I løpet av dei første tre åra har dei oftast lært dei viktigaste trekka i språket sitt eller språka sine, om dei lærer fleire samstundes.
Dei lagar system i lydane, finn ut kva for lydar dei treng i den dialekten dei veks opp i, og sluttar raskt å bruke lydar dei ikkje opplever rundt seg. Setningane har fått rett fasong, og vanlege ord blir bøygd rett. Dei analyserer språket, finn ut korleis det er strukturert, og så bruker dei desse strukturane når dei lagar heilt nye setningar ingen har høyrt før.
Magnhild Selås
Denne evna er fascinerande og viser noko av det mest avanserte mennesket er i stand til. Det er også noko av det som tydelegast skil menneska frå dei dyra som liknar oss.
Viss vi gir barna eit par år til, har dei ofte også lært unntaka i språket, og ordformer som «gådde» for gjekk og «blidde» for blei er oftast vekk.
På skulen møter barna andre barn. Foreldra blir etter kvart mindre viktige som språklege forbilde. Språket blir ofte likare, og sære dialekttrekk barna kan ha snappa opp frå foreldra, kan forsvinne i denne språklege tilpassinga.
Ungdommar orienterer seg i nye retningar. Dei vil konversere med andre ungdommar, sjølv om dei neppe bruker ordet ‘konversere’ om det dei gjer. Dei vil markere kven dei er, språkleg. Dei vel andre ord. Dei snakkar ofte fort og med dårleg diksjon. Dei bruker ord vi ikkje forstår, for å markere at dei er i ei gruppe. På same tid markerer dei avstand til dei som ikkje er med i gruppa, som til dømes dei vaksne.
Unge vaksne som har fått sin første faste jobb, kjøper seg kan hende ny dress eller ordentlege skjorter for å markere den nye livssituasjonen dei er i. Då kan det også hende at dei endrar språkføringa si til å passe det nye livet som vaksen og ansvarleg.
Ein periode her skjer det kanskje ikkje så mykje spennande språkleg. Dersom ein får barn, blir ein kanskje opptatt av å gje barna sine eit godt språk, eller kanskje er ein opptatt av heilt andre ting, som tran, søvn og skjermtid. Barna fangar opp språket rundt seg uansett.
Vaksenlivet blir rekna som ein relativt stabil periode språkleg, i alle fall dersom ein ikkje flyttar, skiftar jobb eller av andre grunnar endrar livsvilkår. Men det er det jo mange som gjer. I så fall kan det hende ein tilpassar språket sitt til dei nye omgjevnadene, personane eller yrket.
Som eldre kan det vere at vi høyrer litt mindre, og blir litt mindre glad i variasjon, også språkleg. Vi kan synest at det er enklare dersom folk forstår oss utan å måtte spørje opp att. Vi liker at folk snakkar langsomt og er lette å forstå.
I alderdommen kan ein også risikere å bli råka av hjerneslag og få afasi og miste alt eller delar av språket. Då kan dei ulike språka ein kan, bli skada ulikt, og hjelpa ein får, kan hjelpe dei ulike språka ulikt. Får ein demens, er språkferdigheitane ofte det ein merkar det først på. Då ser vi ofte at språk ein har lært som nummer to, tre eller fire, forsvinn før førstespråket.
Språket er altså med oss heile livet, men korleis vi orienterer oss språkleg, endrast gjennom livsløpet. Fordi vi er ein del av eit samfunn, og ønsker å vere det, tilpassar vi oss til dei vi har rundt oss. Vi ønsker å vere velvillige, vi ønsker å vise at vi er positivt innstilte og liker den vi snakkar med.
Vi fangar altså opp språket vi er omgitt av. Før var kanskje fleire barn omgitt av besteforeldre som fortalte eventyr for dei. Nå er det barnehagepersonale med all verdens dialektar og språk barna har rundt seg.
Før var kanskje fleire barn omgitt av besteforeldre som fortalte eventyr for dei. Nå er det barnehagepersonale med all verdens dialektar og språk barna har rundt seg.
Større barn og ungdommar kan vere omgitt av gøye snappar, eller å scrolle på tiktoken sin «for you-page». Fordi vi er laga som vi er, hentar vi inspirasjon frå desse kanalane når vi snakkar. Vi bruker orda og uttrykksmåtane som ligg lengst framme i minnet når vi skal seie noko.
Ein del utanlandske ord har lydar vi ikkje typisk har hatt i norsk, men som vi treng viss vi skal få sagt desse orda på ein forståeleg måte. Slik blir språket endra, både på lydnivå, ordnivå og setningsnivå.
Mange er interesserte i slike språklege endringar. Det snakkar vi meir om på ein konferanse ved UiA i slutten av april. Kva betyr det eigentleg at barn hermar foreldre og andre rundt seg? Er det noko forelda bør tenkje på? Kva med barnehage og skule? Går det føre seg språklæring og språkrøkting der som vi bør akte meir på? Språk er interessant, uansett kva for aldersgruppe vi ser på, og det skal vi lære meir om.