Seks minutt. Kanskje ti om du er heldig.
Vert du fanga i eit snøskred, er det tida du har før lufta tek slutt.
Forskarteamet, som Øyvind Thomassen var ein del av, veit no meir kva som skjer med menneske som vert fanga under snøen.
I forskinga sitt namn grov dei ned over tjue personar, i forsøk i dei italienske Dolomittane.
– Etter seks minutt ser vi at verdiar i blod og pust er slik at dei må ut i frisk luft, seier seniorforskaren.
– Eller så ber dei sjølv om å få komme ut.
Øyvind Thomassen med bilete frå forskingsarbeidet i Dolomittane.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK– Kan forlenge levetid med ein halv time
Thommasen er leiar av Fjellmedisinsk forskingsklynge, som er eit samarbeid mellom Stiftelsen norsk luftambulanse, Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus.
Konklusjonen etter forsøket i Italia handlar ikkje berre om når døden kjem, men og om korleis ein kan auke sjansane for å overleve.
– Det aller viktigaste vi har funne ut i denne forskinga, er at med eit lite apparat kan ein forlenge tida ein overlever med i alle fall ein halv time, seier Thomassen.
Apparatet er ei lita pumpe som får plass i ein sekk på ryggen og som dreg ut oksygen frå luftlommer og snø rundt skredofferet og pumpar det inn i luftvegane.
Utvikla i Bergen
Ideen til det vesle apparatet kom då Tor Berge var på tur i bratte lier for ti år sidan.
Sidan har det vore tusenvis av timar med prøving og feiling, testing og justering for det vesle selskapet Safeback i Bergen.
Saman med to kompisar og kollegaer eig dei patentet på utstyret som har blitt brukt i forskingsprosjektet.
– Dette er utruleg viktig for oss. Det er uavhengig forsking, og stadfester at utstyret fungerer slik det er tenkt, seier den daglege leiaren.
Forskingsartikkelen som no er publisert kan og få store kommersielle ringverknader for det vesle selskapet. Til no har dei seld 1500 pumper.
– Dette er ein mykje større marknad enn det vi såg for oss då vi byrja. Vi snakkar om 1–2 milliardar kroner årleg, seier Berge.
Han seier at både redningstenester, det militære og vanlege skigåarar er potensielle kundar.
Tor Berge demonstrerer skredsekken på styreleiar og medgründer Sigmund Andreassen.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRKStore konsekvensar
Øyvind Thomassen er no i USA for å presentere resultata på ein konferanse for redningsarbeidarar.
Det han kan presentere er resultatet med årevis av komplisert forsking av prestisjefulle forskingsmiljø.
Den norske delen er finansiert av Stiftelsen norsk luftambulanse.
Somme av dei som døyr i snøskred døyr av skader dei vert påført av å bli ført ned fjellsida av massane.
Men dei fleste som mister livet gjer det fordi lufta tek slutt.
Redningsmannskap har kort tid, og har sjølv risiko for å bli tatt av skred.
Difor meiner han funna i forskinga vil få store konsekvensar.
– Redningstenester over heile verda kjem til å legge merke til dette. Eg meiner dette kan samanliknast med innføringa av airbag eller sikkerheitsbelte i bil.
Safeback har mellom anna testa skredpumpa med Forsvaret i Finnmark.
Foto: SafebackPublisert 24.11.2025, kl. 09.14


















English (US)