Forklarer dei absurde scenene: – Det øydelegg jo alt

3 hours ago 1



– Det øydelegg jo alt, da, det gjer det, seier ein skuffa Julie Bjervig Drivenes til NRK etter rennet.

Langrennsløparen hang lenge med under fellesstarten med skibyte i Trondheim laurdag.

Men då ho skulle byte frå klassisk- til skøyteski, gjekk det gale. Ho mista staven og brukte klart lengst tid på å byte ski.

– Eg har nytt skimerke, så desse bindingane er litt uvande, seier Drivenes.

BRA START: Julie Bjervig Drivenes var på pallen to dagar under sesongstarten på Beitostølen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Drivenes fortel at ho trudde hadde fått på seg skia, men at då ho skulle byrje å gå, sat ikkje foten fast.

Ho held fram:

– Så kom eg litt uti her før eg innsåg at eg hadde ein klassisk- og ein skøytestav, måtte snu og gå tilbake til skidepotet, hente riktig stav og så begynne å gå.

26-åringen hamna til slutt på ein 28. plass. Jessica Diggins vann framfor Heidi Weng og svenske Ebba Andersson.

Tre langrennsløpere står sammen med skistaver i hendene, smilende. De har på seg fargerike konkurranseklær og er omkranset av sponsorplakater. Arrangementet ser ut til å være en skiskjønnhetskonkurranse. Bakgrunnen er blå og viser logoer fra sponsorer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

PALLEN: Jessica Diggins vann framfor Heidi Weng og Ebba Andersson.

Foto: Geir Olsen / NTB

Drivenes, som enda har til overs å prestere i verdscupen, fortel at ho ikkje mista motet då hadde bytt ski.

– Overraskande nok klarte eg ikkje å miste det heilt ut frå start der og prøvde å kome meg opp. Så følte eg det gjekk fort i starten der, så eg trudde eg kunne begynne og plukke grupper, men eg kom meg ikkje opp til der eg var.

Ho fortset:

– Eg føler presset på å behalde plassen i verdscupen her, så den er vanskeleg å svelge kjenner eg.

Drivenes, som har uttalt at ho er best i fristil, fortel at ho var nervøs før klassiskdelen.

– Då eg hang med tetgruppa, tenkte eg at: nå kan eg gjere eit bra løp, fortel ho.

– Ein føler at ein mistar plassen på verdscuplaget.

– Kva tenker du nå om denne plassen?

Min beste distanse er i morgon. Så eg må eigentleg gløyme dette her så fort som mogleg og gå fort i morgon, rett og slett. Så enkelt og greitt.

  • Følg kvinnenes 10 kilometer fristil søndag kl. 09.30:

Trøbbel med skibyte

Også fleire utøvarar fekk trøbbel under skibytet.

Frida Karlsson var blant dei fyrste inn etter at klassiskdelen var ferdig. Men på veg inn i båsen der skøyteskia låg, gjekk Karlsson og Jessica Diggins på kvarandre. Og Karlsson ramla.

Trass i fallet, klarte både amerikanaren og svensken å kome seg kjapt ut av skibytet.

– Me krasja. Frida sine ski kom framfor boksen min, men det enda med å ikkje ha ein betydning, sa Diggins til NRK etter løpet.

Fire norske med

Det blei køyrt hardt då kvinnene gjekk sin fellesstart med skibyte. Astrid Øyre Slind var tidleg ute med å sette fart på feltet.

Og etter kvart fekk ei gruppe forsprang på resten av feltet.

– Med tanke på et OL-uttak er det alfa-omega å vere her framme nå, sjølvsagt. Simpson-Larsen, Austgulen Fosnæs kjempar om ein plass på denne distansen i OL, sa Fredrik Aukland om leiargruppa.

Flere langrennsløpere konkurrerer i snøen, iført fargerike drakter. De beveger seg fremover med skistaver, noen med en tydelig fart. Omgivelsene viser en skogbakgrunn, og snøen spruter opp bak dem. Løperne har varierende nasjonalitets- og sponsorlogoer synlige på draktene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

GJEKK FORT: Det gjekk fort då kvinnene gjekk 20 kilometer fellesstart med skibyte

Foto: Geir Olsen / NTB

Karoline Simpson-Larsen jakta bak leiargruppa, men klarte å hente seg opp litt ut i skøytedelen.

– Det er fire norske kvinner her, og det er fire som skal gå denne distansen i OL. Dette er den einaste fellesstarten med skibyte før OL-uttaket, sa Jann Post.

På slutten drog amerikanske Diggins ifrå gruppa si, Heidi Weng hang på. Diggins var sterkast i spurten, Weng tok andreplassen. Svenske Ebba Andersson tok tredjeplassen.

Publisert 06.12.2025, kl. 14.05 Oppdatert 06.12.2025, kl. 14.57

Read Entire Article