Etterlengta Haaland-mål i etterlengta City-siger
Etter fire kampar utan mål fann Erling Braut Haaland nettmaskene igjen då Manchester City slo Leicester 2–0 borte søndag ettermiddag.
Etter 74 minutt stonga Haaland ballen i mål etter eit innlegg frå Savinho, og dermed hadde City dobla leiinga si.
Den same Savinho hadde sendt City opp i leiinga midt i 1. omgang, men leiinga til dei lyseblå var aldri trygg.
Både James Vardy og James Justin hadde nemleg hatt enorme sjansar til å skape balanse i rekneskapen for Leicester.
Store sjansar hadde også Haaland hatt tidlegare i kampen, men avslutningane gjekk anten til side for mål eller vart blokkerte.
Dette var Manchester City sin første siger sidan 4. desember, og berre deira andre siger sidan 26. oktober. Det gjeld alle turneringar.
Trass i den svake City-forma står Haaland med 14 Premier League-mål til no denne sesongen.
– Det er viktig å tenke framover. «Shit happens». Ting skjer. Vi må halde fram med å vere positive og fokusere på dei rette tinga. Det har vore ei vanskeleg tid. No blir det eit nytt år, og ein periode på fem-seks dagar utan kampar. Det er ikkje vanleg å ha så lange pausar, så no kan vi kvile litt, sa Haaland i eit intervju vist på Viaplay etter kampslutt.