I september fekk 14 år gamle Linea Solheim Hjortland store vanskar med å puste.
Ho og foreldra skal ha søkt hjelp hos fastlege og Bergen legevakt gjentatte gongar.
No fortel mor Sarah Solheim Hjortland og far Tommy Hjortland om den tragiske hendinga.
Og om det dei kallar det ei alvorleg svikt frå Bergen legevakt.
Haukeland universitetssjukehus har varsla Statens helsetilsyn om hendinga og det er oppretta tilsynssak hos Statsforvaltaren.
Foreldra har meldt Bergen legevakt til politiet.
Sleit med angst og pustevanskar
Linea hadde slite med angst sidan ho gjekk i 6. klasse. Då ho og mor Sarah gjekk tur i midten av september blei Linea brått veldig sliten og måtte sette seg ned fleire gongar for å hente inn pusten.
Mora reagerer og bestiller akuttime på fastlegekontoret. Ifølge mor konkluderer legen med at det er eit angstanfall.
To veker seinare blir Linea sine pustevanskar forverra. Ho greier knapt å gå eit par meter før ho må sette seg ned.
Fredag 26. september får dei ny time på legekontoret der ein ny lege tek fleire prøvar. Alle prøvane blir sjekka, utanom blodprøva som skal kome tilbake over helga.
Konklusjonen er at alt er i orden fysisk. Det er framleis angst, og Linea blir sendt heim.
Mora skildrar Linea som ei stille og roleg jente. Ho var kunstnarisk og likte å måle og teikne.
Foto: PrivatIkkje tatt på alvor på legevakta
Dagen etterpå blir 14-åringen enda dårlegare. Då ho skal gå frå senga ut til toalettet, fell ho brått om.
– Ho låg og rista og var heilt vekke. Eg fekk ikkje kontakt, men heldt ho og strauk på ho heile vegen, seier Sarah.
Laurdagskveld køyrer dei til legevakta. Linea blir trilla inn i rullestol, grunna vanskar med å gå sjølv. Helsepersonell måler oksygenopptak, temperatur og blodtrykk.
Mora ber om at Linea må bli lagt inn på sjukehus til observasjon.
– Dette er tredje gangen eg seier at ho må leggast inn, for ho er sjuk. Dette er ikkje normalt, det kan ikkje vere angst, forklarar ho.
Legen forklarar at det er vanskeleg på laurdagar, med låg bemanning på sjukehuset. Linea får roande medisin, men utan noko effekt. Det beste er om dei reiser heim, meiner legen.
Mor forsøkte gjentatte gongar å få dottera lagt inn til observasjon, men utan hell.
Foto: Benjamin René Dyrdal / NRKMora forsøker å insistere og peiker på at ho er sett i rullestol fordi ho ikkje ein gong greier å gå sjølv.
Men får beskjed om at testane er gode, at det ikkje er farleg, og at det er best å reise heim.
Sundagsmorgon blir Linea dårlegare og fortel mora at ho ikkje får puste.
Så snart dei kjem inn på legevakta får ho eit kraftig anfall.
– Eg skreik og ropte etter hjelp og veiva med armane.
Mora fortel at ein tilsett kjem med ei seng, men ingen lege blir tilkalla. Linea kjem til seg sjølv og blir lagt i senga, men får raskt eit nytt anfall.
– Linea ligg og hiv etter pusten. Ho var redd i blikket. Ho var likbleik i fjeset. Klam på kroppen.
Sarah skildrar at legen kjem inn i rommet, ser på dottera på tre meters avstand og diagnostiserer ho med panikkanfall.
Mor fortel om ei enorm sorg etter dei brått miste dottera på 14 år.
Foto: PrivatLegeteamet forlèt rommet, medan Linea ifølge mora framleis ligg og kjempar for livet.
– Så ser ho på meg. Då stoppar hjartet hennar heilt.
Ho blir sjekka av helsepersonell. Ingen puls, ingen hjarterytme. Linea har fått hjartestans.
Ho får hjarte- og lungeredning og blir frakta til Haukeland med ambulanse.
Hei!
Har du tankar om saka du har lest eller tips til ei anna sak? Då vil eg gjerne høyre frå deg!
Med blålys til Haukeland
På Haukeland universitetssjukehus kjenner foreldra endeleg at dei blir tekne på alvor.
Ho blir kopla til hjarte- og lungemaskin, får blodfortynnande og blir undersøkt med CT.
Det kjem fram at Linea har fått blodpropp i lungene og hatt hjartesvikt i 50 minutt. Natt til måndag blir ho lagt i kunstig koma. Hjernen har fått store skadar.
Måndag ettermiddag får foreldra beskjed om at Linea ikkje kjem til å overleve.
Tysdag 30. september klokka 15.37 var det ikkje lenger var aktivitet i hjernen til dottera. Linea blir erklært død.
Ifølge NHI overlever 99 prosent av dei som får blodpropp, men Linea blei ikkje ein av dei.
Mora spør seg no om dottera kunne levd i dag, dersom Bergen legevakt hadde tatt ho på alvor og ikkje hengt seg opp i angst.
– Når ein kjem inn med ein ungdom med angstproblem, så skal ein ikkje berre konkludere utan å gjere dei nødvendige undersøkingane.
Foreldra går gjennom ei enorm sorg etter dottera brått blei riven vekk.
Foto: Benjamin René Dyrdal / NRKFastlegekontor og Bergen legevakt blir granska
Fylkeslege Kristin Cotta Schønberg opplyser til NRK at det er sett i gang tilsyn hos fastlegekontoret, Bergen legevakt og involvert personell.
– Det vi veit er varselet vi har og pårørande sin versjon av kva som har skjedd. No skal dei som har vore involverte i hendinga uttale seg om sin versjon, seier Schønberg.
Statsforvaltaren arbeider no med å hente inn journaldokumentasjon og skal deretter vurdere om helsehjelpa Linea fekk var forsvarleg eller ikkje.
– Det er ei alvorleg sak med eit tragisk utfall.
Statsforvaltaren har tidlegare bekrefta til NRK at dei oppretta tilsynssak 16. oktober.
Det var Haukeland universitetssjukehus som varsla Statens helsetilsyn.
– Ved akutte og uventa dødsfall er dette fast prosedyre. Vi vil uttrykke vår største medkjensle til dei etterlatne som har mista ein av sine kjære, sa direktør Maria Vollsæter ved barne- og ungdomsklinikken i oktober.
Foreldra føler dei aldri blei tatt på alvor på Bergen legevakt.
Foto: Valentina BaisottiNRK har lagt fram heile denne saka og uttalene frå familien til Linea.
Karoline Tyssøy Pedersen, legevaktsjef ved Bergen legevakt, har gitt oss følgjande uttale:
«Først av alt vil vi uttrykke vår djupaste medkjensle til dei etterlatne i denne vanskelege tida.
Bergen legevakt vil samarbeide med statsforvaltar og skaffe alle relevante opplysingar i saka. Vi vil gjennomgå saka nøye for å sjå etter forbetringsmoglegheiter.
Vi vil ivareta både pasientar og tilsette. Målet vårt er alltid at du skal føle deg trygg på Bergen legevakt, både som pasient, pårørande og tilsett.»
Utover dette har dei ikkje ville svare på spørsmål om legevakta og legane sine vurderingar.
Håpar ingen må oppleve det same
På Haukeland fekk foreldra spørsmål om dei vil at Linea skal vere donor. Svaret var med ein gong ja.
Far Tommy Hjortland saman med dottera Linea.
Foto: Privat– Vi har mista vår kjære Linnéa. Det opplevast forferdeleg. Men kvifor skal ikkje ho kunne hjelpe andre.
No ønsker foreldra å fortelje si historie for at fleire skal sleppe å gå gjennom den same tragedien. Dei har kjent seg hjelpelause gang på gang i situasjonen.
– Du stolar jo på legar. Det er dei som er fagkyndige, så du må jo berre stole på dei. Men det blir vanskeleg no.
Mora meiner at legane har konkludert for raskt med at det var angstanfall, av den grunn at dottera gjekk på medisinar for det.
Foreldra har meldt Bergen legevakt til politiet etter den tragiske hendinga.
Foto: Benjamin René Dyrdal / NRKHo etterlyser at dei faktisk skulle gjort undersøkingar som kunne avdekka om det var noko anna.
– Ein skal jo både ha forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp. Her føler vi at begge deler har svikta.
Publisert 06.11.2025, kl. 15.00 Oppdatert 06.11.2025, kl. 15.30























English (US)