– Eg håpar det er ein skrivefeil, for elles vil det ekskludere veldig mange namn, er den første reaksjonen til NRK-ekspert Håvard Tvedten.
NRK kan i dag presentere lista over krav handballforbundet i Noreg har sett til den som skal ta over det norske herrelandslaget etter Jonas Wille.
Heile lista kan du sjå litt lenger nede i saka.
Frå forbundet si side er det eit klart ønske om at den framtidige trenaren har bakgrunn frå internasjonal handball.
Både som spelar og trenar.
– Det finst mange topptrenarar i Europa og verda som ikkje har vore topp handballspelarar, understrekar Tvedten.
SKRIVEFEIL: Håvard Tvedten peikar på at det er mange suksessrike trenar som sjølv ikkje har spelt på toppnivå.
Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRKHan siktar mellom annan til danske Stefan Madsen som i dag er trenar for Paris Saint-Germain.
Den spanske stjernetrenaren Juan Carlos Pastor har hatt stor suksess i tyske TSV Hannover-Burgdorf og Jordi Ribera, som i dag trenar det spanske landslaget, manglar eigen erfaring frå parketten.
Generalsekretær Erik Langerud i Noregs Håndballforbund er fullt klar over at ønske om internasjonal erfaring stenger døra for fleire kandidatar.
– Jo, det vil det, men det er nettopp fordi vi ønsker å hente ein trenar no som både har spelt internasjonalt og har trent ein klubb som har spelt internasjonalt. Så er det jo definisjonar av kva det betyr, men vi ønsker at dei skal ha med seg den internasjonale bakgrunnen, fordi handballgutane våre spelar internasjonalt.
MÅ VENTE: Generalsekretær Erik Langerud i Noregs Håndballforbund.
Foto: Frode Søreide / NRKHan understrekar at dette først og fremst er eit ønske.
– Men det er ting vi legg vekt på likevel. Så er det ikkje eit absolutt krav.
Hergeirsson i sentral rolle
9.-plass i EM i januar var det siste meisterskapet Jonas Wille fekk som landslagssjef for dei norske handballherrane.
Haldensaren ville gjerne halde fram, men i starten av mars vart det klart at kontrakten hans, som varte fram til sommaren, ikkje vart forlenga.
Forbundet vil ha inn nye krefter og var ikkje nøgd med dei sportslege resultata.
Kven det blir er framleis i det blå.
UTE: Jonas Wille leia i januar Noreg i sitt siste meisterskap som landslagssjef for handballherrane.
Foto: NTB– Vi er nok eit stykke unna det framleis, sjølv om prosessen er godt i gang. Så vi må bruke den tida det tar. Ikkje for lang tid, men heller ikkje forhaste oss, fortel Langerud.
Forbundet har sett seg sjølv frist til 1. august med å finne Wille sin erstattar.
I utvalet sitt mellom annan kvinnelandslaget sin mangeårige suksesstrenar Thorir Hergeirsson. Også tidlegare landslagskaptein Kristian Bjørnsen deltar i arbeidet.
Må bu i Noreg
I kravlista forbundet har utarbeida står det mellom annan at den nye landslagssjefen må bu i Noreg og at landslagsjobben ikkje kan kombinerast med å trene eit klubblag.
SLITE: Landslagsspelar Simen Lyse, Thomas Solstad og Sander Sagosen har ikkje oppnådd ønskeleg resultat under trenar Jonas Wille.
Foto: Thomas Traasdahl / Ritzau Scanpix,NTB- Ingen krav til nasjonalitet, men må beherske engelsk (og gjerne eit skandinavisk språk)
- Må vere busett i Noreg i perioden
- Stillinga er 100 prosent og kan ikkje kombinerast med ein trenarjobb i ein klubb.
- Stillinga har eit sportsleg ansvar for alle landslag på herresida, frå yngst til eldst.
- Det pågåande utviklingsarbeidet og den raude tråden gjennom alle landslag skal vidareførast.
- Det er eit klart ønske om bakgrunn frå internasjonal handball, både som spelar og trenar.
- Trenaren er også øvste leiar for fleire tema, til dømes eige trenarteam, helseteam og trenarar for NHFs yngre landslag.
- Stillinga blir ikkje lyst ut, og det blir jobba målretta mot aktuelle kandidatar.
- Utover eige ansvarsområde skal trenaren også fungere/operere i nært samarbeid med andre avdelingar i NHF.
Avgåande trenar skal ta Noreg til VM
Trass i at landslagssjef Jonas Wille ikkje er ønska med vidare og må finne seg noko anna å gjere etter sommaren, så tyder alt på at det er han som blir å leie Noreg frå benken i den kommande VM-kvalifiseringa.
9.-plassen under EM i Noreg og Danmark i januar gjere nemleg at Noreg må ut i kvalifisering for å ta seg til VM i Tyskland neste år.
Viaplay-ekspert Ole Erevik meiner det er svært spesielt at eit ny trenar ikkje er på plass til dette.
REAGERER: Viaplay sin handballekspert Ole Erevik skulle helst sett at ny landslagssjef alt var på plass.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB– Eg hadde håpa det hadde kome på plass kjappast mogeleg. Det er noko spesielt at ein trenar som ikkje er funnen god nok til å halde fram er nøydde til å leie laget i VM-kvalifiseringa, seier Erevik til NRK.
Langerud stadfestar langt på veg at det er haldensaren som vil stå på sidelinja under kvalifiseringa til neste års VM mot Tyrkia.
– Planen er at Jonas skal gjennomføre den kvalifiseringa. Om vi har ein ny på plass som kan ta jobben, så kan det vere eit alternativ. Men her er det viktig at prosessen må få ta den tida den treng. Utgangspunktet er at Jonas tar den, og det har eg fullt tru på skal gå veldig bra.
Frå 20 til ti kandidatar
Sjølv om Erevik er trygg på at haldensaren skal lose Noreg trygt gjennom dette, så understrekar han at Noreg også kunne rissikkert sterkare motstand i kvalifiseringa, som til dømes Serbia.
– Det er stort at Jonas Wille seier at han kan gjere det. Men det hadde vore meir optimalt om ein ny landslagssjef var på plass til det.
KVALIFISERING: Noreg møter Tyrkia i mai for å kvalifisere seg til neste års VM i Tyskland.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBNoreg møter Tyrkia til VM-kvalifisering på Gjøvik 13. mai. Returoppgjeret spelast i Tyrkia 16. mai.
Generalsekretæren seier at dette er eit av dei vala forbundet måtte ta, slik situasjonen er no.
– Så trur eg heller ikkje det er like lett for berre éin å hoppe inn og ta det. Eg trur det er risiko i det også, så her er det fordeler og ulemper som vi har vurdert. Og så er det der vi står no.
NRK er kjent med at forbundet har hatt ei liste på opp til 20 namn som ny landslagssjef, men at denne no skal vere halvert.
– Eg ønsker ikkje å talfeste det no. Vi er litt for tidleg i prosessen til at vi kan bli så konkrete, svarar Langerud.
Vedkommande som skal overta etter Wille vil bli tilbydd ein fireårskontrakt og får jobben med å ta dei norske herrane og eventuelt leie dei gjennom eit OL i Los Angeles i 2028.
Publisert 19.04.2026, kl. 08.56













.jpg)





English (US)