For meg er løa det vakraste i heile utstillinga

2 days ago 11



Knut Hamsun skreiv at poesien hans ikkje var god nok, sjølv om der kunne vere glimt som held mål.

For meg er løa det vakraste i heile utstillinga, skriv Leiv Torstveit. Foto: Bodil Fuhr / Aftenposten

Derfor vart det berre ei diktsamling, «Det vilde Kor». Og der finn du eit glimt, diktet «Skjærgårdsø». Eg ville bruke dette med glimtet, jakta på det geniale, då eg var på Kunstsilo. Bygget er imponerande og kunsten lett å finne, sjå nøye på det ein likar, søke meining, spenning eller oppleving i.

Eg tok til i første høgda og gav meg god tid. Igjen var eg jeger som mesteparten av tida stod stille, ein jeger på leit etter glimtet. Og der var ho, «furet, veirbidt (Bjørnson)», «Gjerdeløa».

Løa, enklare og billegare kan ein ikkje byggje eit bygg, er plassert midt i Kunstsilon, det dyraste bygget. Kunstsiloen strekkje seg mot himmelen, løa trykkjer seg ned mot marka så godt ho kan, ho vil helst vere usynleg. Det er eit møte mellom det storslegne og det smålåtne. Og for meg er løa det vakraste i heile utstillinga.

«Gjerdeløa» syner samarbeidet mellom Vår Herre og menneskje. Løa fortel om strevet og slitet for å skaffe nok mat til folk og dyr. Ei historie om korleis ein måtte hauste av all grøde, for å hindre at folk eller fe svalt. Men det er ikkje alt. Vår Herre let furutrær vekse opp, nær grensa trea kunne vekse. Trær som ofte blir utsette for ver og vind, vrir seg. Dei veks seint, blir vridde som ein tråd, blir ekstra sterke og derfor rotnar dei sakte. Du finn slike stokkar i dei fleste skikkeleg gamle hus eller i stavkyrkjer. Slike trær er det håplause å skjere med sag, ein må hogge dei til.

Menneska hadde bruk for dei, hogg dei ned, øksa dei til plankar og bar dei til staden der løa skulle byggjast. Og løa vart bygd for vel 400 år sidan og frå den tid tok menneskja ho i bruk. Dei kunne ha turrhøy i ho. Høy dei kunne sove, elske eller kvile seg i. Løa gav trygghet mot uventa uver og for utmatta kroppar som trong kvile.

Og Vår Herre slipte løa med vind som saman med regn, snø eller hagl har fått mønsteret i tømmeret fram. Derfor er ho kvitskurd og rein, innbydande med kvistar og årringar som er vridde på nokre av plankane, rette i andre. Linene er fabelaktige, sjarmerande og uttrykker: «Her er eg for deg. Eg har stått imot alt uver Vår Herre har sendt mot meg».

Det var vanleg å slå graset på myrane høgt til fjells på Vestlandet. Me kalla det utslått, og høyet hadde me i «Slåtteløa». Eg minnest vår løe og alt slitet i utmarka, frå då eg var barn. For meg er «Gjerdeløa» eit attersyn, eit « Paa gjengrodde Stier», som Hamsun uttrykte det.

Read Entire Article