Folgefonna Snowboard & Ski Camp får eit lovbrotsgebyr på 35.000 kroner etter at det blei nytta eit tautrekk utan driftsløyve på Folgefonna i sommar. Det slår Statens jernbanetilsyn fast i sitt endelege vedtak.
Tilsynet legg liten vekt på forklaringane frå den ansvarlege bak campen, som har lagt seg flat og hevda at den ulovlege drifta skjedde i god tru. Statens jernbanetilsyn meiner skiheisen var i drift i fire dagar, og at dei alt på dag éin gav tydeleg beskjed om at bruken av heisen måtte stoppa.
Tilsynet meiner at campen har gjort seg skuldig i eit av dei mest alvorlege brota i taubaneregelverket ved å unnlata å søka om driftsløyve.
– Ved å ta i bruk ein taubane utan løyve utsetter ein potensielt personar som nyttar taubanen for stor risiko, skriv tilsynet, som ikkje er einig i at eigaren handla i god tru.
Tilsynet meiner brotet var grovt aktlaust, og at campen tente pengar på heiskort og deltakaravgifter. Dei vurderer dfior ikkje gebyret på 35 000 kroner som urimeleg strengt.















English (US)