Fleirtal for dødsstraff i Israel

2 hours ago 1



Det er derfor ikkje sikkert at loven blir vedtatt, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Den israelske nasjonalforsamlinga, Knesset, har stemt for to omstridde lovforslag:

  • Dødsstraff for terrordømde
  • Retten til å stenge ned internasjonale medium sine kontor i Israel utan forvarsel

Begge gjekk gjennom i Knesset måndag kveld. Dette var den første av totalt fire avstemmingar som lovforslaget må gjennom før det er vedteke.

Itamar Ben-Gvir deler ut småkaker etter avstemningen.

Nasjonalistisk motiverte drap

Lovforslaget om dødsstraff blei lagt fram av ein representant frå ytre høgrepartiet Jødisk Makt, Limor Son Har-Melech.

Jødisk Makt-leiar Itamar Ben-Gvir, sikkerheitsministeren i Israel, seier forslaget har som mål å avskrekke «arabisk terrorisme» og viser til angrepet 7. oktober 2023.

Han er kjend som ein av dei argaste pådrivarane for krigen i Gaza.

 Prime Minister Benjamin Netanyahu, Justice Minister Yariv Levin, National Security Minister Itamar Ben Gvir, and Finance Minister Bezalel Smotrich during an anti-government demonstration at HaBima Square in Tel Aviv on February 3, 2024, calling upon the current government to resign and for new parliamentary elections, amid the ongoing conflict in the Gaza Strip between Israel and the Palestinian militant Hamas movement. (Photo by AHMAD GHARABLI / AFP)

Ikkje alle israelarar meiner at topp-politikarane deira gjer ein god jobb.

Foto: AFP

Forslaget inneber at personar som er dømde for dødelege terrorangrep med mål om å skade staten Israel eller med rasistiske motiv, kan få dødsstraff.

Det inneber også at militærdomstolane på Vestbreidda, der israelske offiserar utgjer dommarane, kan dømme folk til dødsstraff gjennom eit simpelt fleirtal.

I Knesset i dag stemte 39 for forslaget, 16 imot.

En mann med dress og rød binders går gjennom en parlamentssal. Bakgrunnen viser andre personer i ulike klær. Omgivelsene er preget av trepanel og sitteplasser i rådssalen. Det er synlig teknologi og skjerminformasjon i lokalet.

Jødisk Makt-leiar Itamar Ben-Gvir i Knesset måndag.

Foto: Chip Somodevilla / Reuters / NTB

PLO, den palestinske paraplyorganisasjonen, fordømmer avstemminga. Talsperson i det palestinske nasjonalrådet, Rawhi Fattouh, kallar lovutkastet «ein politisk, juridisk og humanitær forbrytelse».

Avstemminga blei også kritisert av Hamas.

En gruppe mennesker står samlet og holder opp et banner med et klart budskap. Banneret viser en grafikk av en fiendtlig situasjon og teksten omhandler lovgivning knyttet til straff. Deltakerne er kledd i formelle klær, noen holder telefoner, mens andre ser mot kameraet. Omgivelsene består av en moderne bygning med vinduer i bakgrunnen.

Palestinske advokatar protesterer mot lovforslaget.

Foto: HAZEM BADER / AFP / NTB

Kritiserte domstolar

Dei militære domstolane i Israel er skarpt kritiserte av menneskerettsorganisasjonar.

I ein rapport frå 2023, peikar menneskerettskomiteen Bar i England og Wales på at domstolane kriminaliserer eit breiare spekter av handlingar enn det folkeretten gjer.

Dei skuldar også domstolane for manglande sjølvstende og for partiskheit, og peikar på at prosessane ikkje møter internasjonale standardar for juridisk grunngiving og tilgang til juridisk rådgiving.


Vil kunne stenge ned utanlandske mediehus

En stor gruppe mennesker deltar i en demonstrasjon, bærende på fargerike flagg og plakater. Mange har skilt som uttrykker krav om frihet og rettferdighet. Demonstrasjonen foregår i en urban gate, omgitt av bygninger og trær. Deltakerne viser engasjement gjennom håndbevegelser og roping.

Den palestinske politikaren Marwin Barghouti, som er avbilda på plakaten under ein demonstrasjon i Ramallah tidlegare i år, er dømd for terrorisme i Israel.

Foto: ZAIN JAAFAR / AFP / NTB

Nasjonalforsamlinga vedtok også eit forslag som gir styresmaktene rett til å stenge kontora til utanlandske mediehus i Israel utan domstolsavgjerd.

Forslaget har fått namnet «Al Jazeera-lova», etter at kanalen blei stengd i Israel i 2024. Grunngivinga var at Israel meinte den Qatar-baserte kanalen som mellom anna støtta Hamas, var partisk og anti-israelsk.

Reporterar utan grenser fordømmer forslaget og seier til CNN at dette er den første spikaren i kista for uavhengige medium i Israel.

Publisert 11.11.2025, kl. 21.02

Read Entire Article