I Alta er E6 ved Langfjord stengt på grunn av snøskred, ifølge Statens vegvesen.
Vegtrafikksentralen opplyser at det vil bli gjort vurderingar rundt klokka 10 i formiddag på om vegen kan opnast igjen, fortel Renate Aanes ved vegtrafikksentralen.
– Vi ikkje helt oversikta over omfanget, da. For det er det de skal vurdere når de får dagslys i dag, seier ho.
Det er også fare for snøskred i Skillefjorden og fylkesveg 8830 er stengt som følge av det. Her gjerast det ei ny vurdering klokka 9 i dag. .
Fleire vegar er også stengt på Nordkinnhalvøya. Ifjordfjellet og fylkesveg 889 mellom Snefjord og Havøysund er kolonnekjørt.
E6 er stengt ved Langfjord like vest for Alta.
Sørpeskred
E39 Romarheimsdalen er stengt på grunn av eit større sørpeskred.
Skredet skal vere om lag 10–15 meter breitt.
Klokka 10.00 i dag blir det gjort ei ny vurdering av vegen, melder Vegtrafikksentralen.
– Når det lysnar av dag, håpar vi å få geolog på plass og få rydda raset, slikt av vi kan få opna vegen att, seier Hansen.
Han seier ryddinga blir prioritert, men at det er vanskeleg å seie kor tid det kan verte opna.
Det er for tida ei rekkje farevarsel ute som påverkar trafikken, og Vegtrafikksentralen ber sjåførane om å vere på vakt.
– Umogleg å køyre gjennom
Dei blei varsla om hendinga av ein entreprenør rundt 01.00 i natt, seier trafikkoperatør Tom Hansen.
– Det var såpass stort at det sperra heile køyrebana i ei god breidde. Sidan det var så mørkt der oppe også, så bestemte vi å rydde seinare og få geolog på plass, seier Hansen.
Ingen er skadde som følge av raset, som ikkje er mogleg å køyre gjennom.
Lang omveg
For bilistane som var ute på vegane i natt var det ganske utfordrande, seier trafikkoperatøren. Dei siste ferjene hadde slutta å gå frå Leirvåg-Sløvåg og kabelferja inn til Duesund, og alternativet då var Mannheller- Fodnes.
– Det er ein ganske god omveg å køyre rundt, seier han.
Tilrådd omkøyring er riksveg 5 Skei-Sogndal og E16 Lærdal-Voss.
Mange stengde vegar
Ei rekkje andre vegar i er stengde på grunn av ras eller fare for ras.
- Fv. 5747 på Torneset i Stad er stengt etter eit steinsprang.
- Fv. 576 ved Horn i Kvam er stengt etter at det har gått eit snøskred.
- Fylkesveg 55 Esebotn mellom Dragsvik og Balestrand er stengt frå klokka 08.00 på grunn av rasfare.
- Fv. 5606 Vetlefjorden- Menes i Sogndal er stengt på grunn av fare for snøskred.
- Eit snøskred stenger riksveg 13 Nesflaten – Røldal i Ullensvang,
- Fv. 5412 er stengt på grunn av fare for snøskred på streninga Skredbekken-Modalen.
- Fv. 27 Venabygdsfjellet har vore stengt nå i over et døgn grunna uvêr.
Glatte vegar
På Austlandet er det meldt om glatte vegar fleire stader.
Folk bør ta det med ro og køyre etter forholda, åtvarar politiet i Øst politidistrikt.
– Det regner både på Romerike, Follo og Østfold, og det er kaldt i bakken, sånn at det er svært glatt mange stader, sa operasjonsleiar Melissa Krag Mørch ved 05.30-tida torsdag.
Da hadde politiet ennå ikkje registrert nokon uhell eller ulykker, men de fryktar problem med dette når rushtrafikken startar.
Stor snøskredfare
Torsdag er det raudt farenivå, som indikerer stor snøskredfare, i Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss og Hardanger.
Det melder Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Snøskredfaren vil vare ved på same nivå fredag for Jotunheimen.
NVE ber folk unngå skredterreng, og åtvarar mot store naturleg utløyste skred, som i ytste konsekvens kan nå utsett infrastruktur, kan hende.
Det er samtidig betydeleg snøskredfare i store deler av Nord-Norge
Publisert 26.02.2026, kl. 07.51 Oppdatert 26.02.2026, kl. 08.58











English (US)