Fleire tusen Brann-fans må halde seg unna «no go»-soner

4 hours ago 2



Tre timar før kampstart må dei vere på plass for å bli losa til stadion.

Men jentegjengen frå Bergen får tid til å drikke opp vinglasa sine.

Nettopp mat og drikke, sjanse for fint ver og relativ enkel reiseveg er årsaka til at dei har vald å legge sin første europatur med Brann til Italia.

– Dette blir ikkje siste turen vår, seier Silje Vestvær.

Dei seier samhaldet i supportermiljøet gjer at dei ikkje føler seg utrygge.

Gruppe med jenter som sit rundt eit bord

Jentegruppa er godt nøgde med tur til Bologna. På bilde: Elina Løvmo, Tia Klan, Elida Hope, Sara Svortevik og Silje Vestvær.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Største bortefølget på 16 år

Ikkje sidan bortekampen mot Everton i februar 2008 har ein større gjeng følgt Brann på bortebane.

Etter trekninga til årets Europaliga var det mange som gjekk rett i jakt etter flybillettar til Nord-Italia.

Men vestlendingane får klare instruksar når dei kjem til Bologna. Brann har sendt ut kart med område der dei ikkje bør gå.

– Det handlar om kva for område Bologna-fansen ferdast i, og kva for område dei ser på som sine, seier Morten Talhaug, nestleiar i supporterklubben Brann Bataljonen.

brann-fans i bologna

Brannsupporterar set sitt tydelege preg på gatebildet i Bologna torsdag ettermiddag og kveld.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Her er det rett og slett for mykje kriminalitet, og for utrygt for fotballsupporterar med sympati for andre lag enn Bologna å opphalde seg, meiner politiet i byen.

Ingen må gå åleine med Brann-effektar på seg nokon stad i byen, er oppmodinga.

Alle må i parken

Brann-tilhengarar må møte opp i parken Villa Cassarini. Der vil politiet følge alle supporterane til stadion, ein spasertur på kring 25 minutt.

Avgang er allereie klokka 18. Det betyr tre timar før kampstart.

Etter kampen er det kortesje tilbake til den same parken, før nordmennene vert bussa til sentrum.

Folkemengde i en park

Brann-fansen begynner å samle seg opp ved Villa Cassarini.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Tryggleiksansvarlege i Brann Bataljonen seier no i ettermiddag at det førebels ikkje har vore problem i byen.

Hadde reist som supporter

Dei som skal gjere jobben på bana set enorm pris på støtta frå tribunen.

Brann-trenar Freyr Alexandersson meiner Brann-supporterane er i Europa-toppen.

– Støtten i heile år har vore fantastisk, seier trenaren.

Her får Alexandersson «support» hjå fleire av spelarane sine.

– Det kjem til å bli sterke kjensler, seier kaptein og bergensar Fredrik Pallesen Knudsen.

To raudkledde menn som held opp eit fotball-skjerf

Det er venta ein tøff kamp for Brann i kveld. På bilde: Erik Trondsen og Marius Engen.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Pallesen Knudsen kjem sjølv til å ha mykje familie på tribunen.

– Støtte betyr jo alt. Det er jo supporterane vi speler for, meiner bergensaren.

Han seier dei gjer alt for å gjere supporterane stolte.

Publisert 06.11.2025, kl. 18.40 Oppdatert 06.11.2025, kl. 18.48

Read Entire Article