Fleire tre i vegbana: - Dette kunne enda med dødeleg utfall

1 month ago 41



I løpet av natta har fleire tre blitt kutta med motorsag og blitt plassert over to ulike vegstrekningar i Sunnfjord.

– Det er først gong i løpet av mi karriere at eg har høyrt om noko liknande, så dette er veldig spesielt for å seie det mildt.

Det seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, om nattas hendinga.

– Hendinga kunne enda med ei alvorleg trafikkulykke med dødeleg utfall, i alle fall på ein slik høghastigheitsveg, seier han.

Det er 80 km/t på staden,

Elleve personar involvert i uhellet

Den første meldinga om trekuttinga kom inn 23.30 frå rv. 614 mellom Magnhildskartunnelen og Grov i Sunnfjord.

nokon har kutta ned fleire tre i vegbana i natt. både å¨rv- 614 pg ,eøøp, eolefkprd pg stprebru.

Foto: Politiet

Fleire tre låg over vegen, men til alt hell kom ingen til skade, og trea blei fjerna. Truleg av ein entreprenør, meiner politiet.

Men knapt to timar seinare, klokka 01. 28, gjekk det verre:

Då fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt rett inn i eit tre på rv. 5 mellom Eikefjord og Storebru ved Knapstad.

Det var fem personar i bilen.

Medan hendinga blei varsla inn, kom det to nye bilar køyrande – eitt av desse køyrde inn i treet. Eit anna køyretøy hamna i grøfta.

I desse to køyretøya var det seks personar. Totalt var det elleve personar som blei involvert i nattas hending.

Politiet seier trea er blitt bevisst kappa og lagt over vegbana. Dei ser alvorleg på saka.

Politiet meiner nokon har kutta trea og lagt dei over vegbana med vilje.

Foto: Politiet

– Det er ingen personskadar av alvorleg grad, men nokre småskadar har det vore, seier Hausvik.

Opprettar sak og ber om tips

Staden er rydda og det blir no oppretta sak. Politiet ber om tips om nokon har sett mistenkeleg personar eller køyretøy.

Politiet ser alvorleg på saka:

– Dette er høgst uansvarleg. Eg kan ikkje forstå kva personane som gjort dette har tenkt på, seier Hausvik.

det er fleire tre som er nedkutta

Foto: Politiet

Publisert 24.03.2024, kl. 09.04 Oppdatert 24.03.2024, kl. 09.21

Read Entire Article