– Som forbrukarar kan me bestemma oss for å ikkje gje pengane våre til plattformer som Spotify, seier Embla Karidotter.
Artisten er ein av mange i sosiale medium som har oppfordra folk til å sletta Spotify-kontoen sin og gå over til andre strøymetenester.
Det gjer dei mellom anna under emneknaggen #boycottspotify. Eit arrangement ved namn «Death to Spotify» har òg fått internasjonal interesse, skriv The Guardian.
Vil du hoppa rett til lista over andre strøymetenester? Trykk her.
Som artist har Karidotter lenge visst at det ikkje er mykje pengar å henta frå Spotify, iallfall ikkje for ho.
Artist Embla Karidotter har sletta Spotify-kontoen sin og flytta lyttinga si over til ei anna plattform.
Foto: Linn Heidi StokkedalMen då det berre gjaldt ho sjølv, var Karidotter for lat til å bytta. Ho ville heller ikkje miste alle spelelistene ho hadde brukt tid på å laga.
Så byrja det å hagla med annan kritikk mot Spotify.
- Dei er eitt av mange selskap som har reklame for det amerikanske innvandringspolitiet Ice. Dei har vorte svært kontroversielle på grunn av massearrestasjonar dei siste månadane. 59.760 personar sat i varetekt hjå Ice i slutten av september. Berre 1,59 prosent er arrestert på bakgrunn av påstått kriminalitet, ifølge tal henta inn av Universitetet i Syracuse.
- Spotify seier til The Independent at det er del av ein stor kampanje frå amerikanske styresmakter, og avviser at dei bryt med retningslinjene deira.
- Spotify-sjef Daniel Ek har investert store summar i eit tysk forsvarsselskap, som mellom anna produserer KI-drivne angrepsdronar.
- Spotify seier til The Guardian at investeringane til Ek i forsvarsselskapet Helsing ikkje er knytte til dei og at «Spotify og Helsing er to heilt separate selskap».
Til slutt fekk Karidotter nok. Ho sletta kontoen sin, hoppa over til ei anna plattform og har bede folk ho kjenner om å gjera det same.
– Eg hjelpte kona mi og mora mi med å bytta over, det tok berre ti minutt, seier ho.
Ei rekke innlegg på Spotify sitt eige forum tyder på at ho ikkje er åleine om å byta.
Men kva er alternativa? Dette er nokre av dei:
Qobuz
Dette franske selskapet vart stifta i 2007. Dei har fått positiv merksemd blant fleire i sosiale medium fordi dei betalar ut meir til artistane enn fleire andre strøymetenester.
Dei har òg fokus på høg lydkvalitet.
Plattforma har færre spelelister med tilrådingar enn andre strøymetenester. I staden tilrår dei gamle album eller spennande nykomarar.
- Kor mange låter har dei? Over 100 millionar.
- Kva betalar dei ut per avspeling? I gjennomsnitt 18 øre, ifølge selskapet sjølv.
- Har dei gratisabonnement med reklame? Nei, men dei tilbyr ei gratisperiode på 30 dagar.
- Mogleg å overføra spelelister frå andre tenester? Ja, via Soundiiz. Det finst ein gratisversjon, men du må betala litt viss du vil overføra store spelelister.
- Pris: frå 133,33 kroner i månaden
Tidal
Tidal var opphavleg eit norsk selskap, lansert i 2010 under namnet WiMP. Dei har fått ros for å tilby høg lydkvalitet.
Tidal fekk mykje merksemd då mellom anna Beyoncé og Jay Z gikk inn på eigarsida i selskapet. Sidan har superparet delvis selt seg ut.
Foto: GEOFFROY VAN DER HASSELT / AFP / NTBNøyaktig kor mange brukarar Tidal har, er ikkje kjend. Ifølge Billboard hadde dei rundt 2,1 millionar brukarar på verdsbasis i midten av 2020.
Ifølge Digital Music News hadde dei om lag 721.000 brukarar i USA i 2024, ein marknadsdel på 0,5 prosent.
Eigarselskapet Block melde i fjor om kraftig nedgang i inntekter.
Dei melde òg at dei kuttar ned på investeringane i Tidal, noko som har vorte tolka som eit teikn på at slutten kanskje nærmar seg.
Økokrim har etterforska Tidal etter skuldingar om bedrageri, men la vekk saka på grunn av manglande bevis.
- Kor mange låter har dei? Over 110 millionar.
- Kva betalar dei ut per avspeling? Uvisst, men i gjennomsnitt 13 øre, ifølge mellom anna nettstaden SoundGuys.
- Har dei gratisabonnement med reklame? Nei, men dei tilbyr ei gratis prøveperiode på 30 dagar.
- Mogleg å overføra spelelister frå andre tenester? Ja, via Tunemymusic. Det kostar pengar viss du vil overføra meir enn 500 låter.
- Pris: Frå 119 kroner i månaden.
Apple Music
Apple Music har òg fått ros for å ha betre lydkvalitet enn til dømes Spotify, for dei som er opptatt av det.
Inkludert i tenesta er òg Apple Music Radio, der ein kan oppdaga ny musikk. I tillegg reklamerer dei med eksklusivt innhald frå artistar.
Apple Music stod bak pauseshowet under Super Bowl i februar 2025, der mellom anna Kendrick Lamar opptredde.
Foto: AFPApple har mellom anna fått kritikk for å utnytta arbeidarar på ein fabrikk i Kina og har vorte skulda for å bruka mineral frå konfliktområde i produkta sine.
- Kor mange låter har dei? Over 100 millionar.
- Kva betalar dei ut per avspeling? I gjennomsnitt 10 øre, ifølge selskapet sjølv.
- Har dei gratisabonnement med reklame? Nei, men dei tilbyr ei gratis prøveperiode på 30 dagar.
- Mogleg å overføra spelelister frå andre tenester? Ja, via SongShift. Tenesta vart nyleg lansert.
- Pris: Frå 139 kroner i månaden.
YouTube Music
Plattforma skryt av å ha eit stort utval av musikk, liveversjonar og remiksar ein ikkje finn andre stader.
Det er òg mogleg å strøyma videoar samstundes med låtene. Men YouTube Music tilbyr ikkje lyd i like høg kvalitet som fleire av konkurrentane.
Sidan oppstarten i 2005 har YouTube vorte stadig større. I 2015 lanserte dei YouTube Music.
Foto: LIONEL BONAVENTURE / AFP / NTBYouTube Music er eigd av Google. Tek-giganten har fått kritikk mellom anna for manglande omsyn for privatliv og personopplysingar og for å visa reklame for innvandringspolitiet Ice.
- Kor mange låter har dei? Over 100 millionar låter.
- Kva betalar dei ut per avspeling? Uvisst. Ulike kjelder oppgir ulike tal, mellom 2 og 15 øre.
- Har dei gratisabonnement med reklame? Nei, men dei tilbyr ei gratis prøveperiode på 30 dagar.
- Mogleg å overføra spelelister frå andre tenester? Ja.
- Pris: Frå 139 kroner i månaden.
Resonate
Hos Resonate betalar ein ikkje ein viss sum i månaden for eit abonnement. I staden betalar ein for det ein høyrer på.
Når du har høyrt på ein låt meir enn ni gonger, eig du han og kan høyra på han så ofte du vil utan å betala.
Dei er dessutan eigd av medlemmane sine: artistar, lyttarar og tilsette.
OBS: Resonate har midlertidig stengt for nye brukarar og seier det er for å «jobba med systema» sine.
- Kor mange låter har dei? Uvisst.
- Kva betalar dei ut per avspeling? Minst 10 øre, ifølge selskapet sjølv.
- Har dei gratisabonnement med reklame? Nei.
- Mogleg å overføra spelelister frå andre tenester? Uvisst.
- Pris: Avhengig av kor mykje du bruker det.
Det finst fleire alternativ, som Amazon Music. Det er førebels ikkje tilgjengeleg i Noreg.
Kritikk over fleire år
Spotify har i årevis fått kritikk for at dei ikkje betalar ut nok pengar til artistar og band for musikken som vert strøyma.
Dei betalar mellom 3 og 5 øre per avspeling, ifølge mellom anna distribusjonsselskapet Ditto Music.
Selskapet har tidlegare sagt til NRK at dei er ueinige i at dei betalar artistar dårleg, og peikar på at forbrukarane står fritt til å velja kva plattform dei vil bruka.
Men fleire band og artistar har fjerna musikken sin frå Spotify og vist til låge utbetalingar, mellom anna Valkyrien Allstars.
Musikken til Embla Karidotter ligg framleis ute på strøymetenesta, sjølv om ho har sletta sin personlege konto.
– Det eg har mest lyst til å gjera, er å fjerna musikken min frå Spotify. At eg også kan senda ut eit signal, seier ho og viser til Valkyrien Allstars.
Norske Valkyrien Allstars trakk nyleg all musikken sin ut frå Spotify i protest mot selskapet.
Foto: Geir Olsen / NTBSjølv om ho ikkje tener stort med pengar på å ha musikken sin der, veit Karidotter at plattforma er viktig for ho som musikar på andre måtar.
– Det er den strøymeplattforma dei fleste har. Det er der folk kan finna oss, der me òg vert oppdaga av andre. Det er sånn me får konsertar, og det er på konsertar me kan tena pengar, seier artisten.
Ho seier ho er i dialog med plateselskapet sitt om saka.
Publisert 04.11.2025, kl. 22.52




















English (US)