Fleire nye varmerekordar i Nord-Noreg

1 month ago 25



Skibotn har vore varmast med 29,1 grader. Det er nesten fire grader varmare enn den gamle mai-rekorden.

Rekorden frå Skibotn er ei tangering av fylkesrekorden for Troms, opplyser Meteorologisk institutt.

Også Harstad (24,7), Nordstraumen (27,8), Banak (28,2) og Hammerfest (23,9) har målt sin varmaste mai-temperatur de siste dagane.

Meteorologisk institutt

Foto: Meteorologisk institutt

Kartet viser et utval rekordar (raud boks), samanlikna med de gamle rekordane. Og mange av de gamle rekordane blei sett i 2013.

I Nordland har både Bodø (27,5), Glomfjord (25,3), Tjøtta (28,6) og Andøya (22,5) sett varmerekordar for mai.

Fare for styrtregn

NVE og meteorologane har meldt om fare for styrtregn i Finnmark frå kl. 14 fredag. Dette kan føre til lokale overfløymingar og vanskelege køyreforhold på grunn av overflatevatn.

– Vi har oppdatert eit pågåande farevarsel om lyn i Finnmark Varselet gjeld no eit større område. I tillegg har vi sendt eit gult farevarsel om styrtregn Utover ettermiddagen og kvelden ventar vi lokalt kraftige regnbyer. Det kan kome over 20 millimeter regn på ein time, skriv Meteorologisk institutt på X.

Publisert 31.05.2024, kl. 10.14 Oppdatert 31.05.2024, kl. 10.26

Read Entire Article