Fleire medium: Harris har valt Walz som vise­president­kandidat

1 month ago 35



Visepresidenten har valt sin visepresidentkandidat.

60 år gamle Tim Walz blir Kamala Harris sin makker i presidentvalet 2024. Det melder både CNN og Reuters.

Saman skal dei to inn i valkampen for Det demokratiske partiet. Der skal dei kjempe mot Donald Trump og JD Vance frå Det republikanske partiet.

Jordnær og pragmatisk

Walz er guvernør i Minnesota, og er kjend for å vere jordnær og pragmatisk. Han har vore historielærar og trenar for eit amerikansk fotballag ved ein lokal skule.

Han blir rekna for å vere veldig progressiv og har sterke band til fagforeingane, skriv CNBC.

Walz i juni.

Tim Walz er historielærar og fotballtrenar. Og kanskje USAs neste visepresident?

Foto: Elizabeth Frantz / Reuters

Skildringa hans av Donald Trump og JD Vance i eit intervju med MSNBC, har verkeleg tatt av, både på sosiale medium og i Det demokratiske partiet:

– Dei greiene der er rare. Dei virker berre rare, sa han om dei republikanske motkandidatane.

Trumps politiske motstandarar har vore opptatte av framstille han som ein fare for demokratiet. Men Walz’ meir humoristiske angrepsvinkel, der han får fram kor merkelege nokre av utspela til Trump og Vance har vore, ser ut til å slå an.

– Eg har ikkje sett ein retorisk strategi som er så god, effektiv og morosam på lenge, sa professor i strategisk politisk kommunikasjon ved George Washington-universitetet til Salon.

Vil trekke veljarar frå Trump

Amerikanske medium hadde på førehand peikt ut seks namn som favorittar. Fleire frå statar som Harris håpar å vinne for å slå Trump i valet i november:

  • Pennsylvania-guvernør Josh Shapiro (51)
  • Arizona-senator Mark Kelly (60)
  • Minnesota-guvernør Tim Waltz (60)
  • Kentucky-guvernør Andy Beshear (46)
  • Transportminister Pete Buttigieg (42)
  • Illinois-guvernør J.B. Pritzker (59)

Alle kandidatane er kvite menn. Det tyda på at Harris ville velje ein som kan trekke moglege veljarar vekk frå Trump, meinte fleire kommentatorar.

Fristen for å kunngjere makkeren var sett til 7. august.

Ein rask prosess

Det har vore ein virvelvind av ein valsommar i USA.

Partiet måtte kaste seg rundt då Joe Biden trekte seg frå presidentkampanjen i siste liten den 21. juli.

Det blei raskt klart at kandidaten blei Harris, som ikkje hadde nokon reelle utfordrarar.

Etter ei fem dagar lang avstemming, som starta torsdag, blei det offisielt annonsert at Harris er Demokratane sin presidentkandidat tysdag morgon norsk tid.

Ho fekk 99 prosent av stemmene, ifølge den demokratiske valkomiteen. Allereie fredag hadde ho sikra stemmene ho trengde.

Men Harris fekk inga tid til å kvile på laurbærblada.

På berre nokre dagar måtte ho velje sin visepresidentkandidat, ein prosess som vanlegvis tek fleire månadar.

Tysdag legg Harris og Walz etter planen ut på ein fire dagar lang turné, mellom anna til fleire vippestatar. Det heile startar med eit valmøte i Philadelphia i Pennsylvania.

Mange har tolka det som eit teikn på at Josh Shapiro låg an til å bli visepresidentkandidat, men det var altså til slutt Walz som landa stillinga.

Interessert i utanrikssaker? Høyr utanriksredaksjonen sin podkast:

Publisert 06.08.2024, kl. 14.52 Oppdatert 06.08.2024, kl. 14.59

Read Entire Article