– Fleire forlag satsar på feel good-litteratur

1 week ago 8



«Hund beit mann» er inga nyheit, heller ikkje i ein elles over snittet underhaldande roman.

Stian Hjelvin Andersen har tidlegare skrive trilogien om Familien Löwborg. Foto: Agnete Brun/Aschehoug

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

 4 out of 6

Stian Hjelvin Andersen: «Bukke nikke neie». Roman. 316 sider. Aschehoug

For dei som følgjer med på det norske litteraturlandskapet, er det umogleg å ikkje få med seg at eit satsingsområde i fleire forlag nå er å gi ut bøker på norsk som liknar dei ein kan få tak i på engelsk. Me som les, meg sjølv inkludert, kjøper for lite norskspråkleg litteratur, og gode engelskkunnskapar gjer at me kan lesa dei heitaste sosiale medium-sensasjonane så snart boka kjem rykande fersk frå eit engelskspråkleg forlag.

Vonde tunger skal ha det til at litteraturen som er populær i engelsk språkdrakt, er litt sånn lettlesen litteratur. Det er ikkje skikkelege bøker, sånne som mannlege forfattarar på 70 med lang erfaring skriv. Likevel sel bøkene, og då er det jo freistande å kopiera suksessen.

Derfor satsar fleire forlag nå på feel good-litteratur. «Bukke nikke neie» er ein del av denne satsinga, og sjølv om eg er ein av dei som er skeptisk til denne sjangeren, merkar eg at det å plassera hendinga i meir kjente trakter gjer meg meir venleg innstilt.

I «Bukke nikke neie» møter me journalisten Merete Moe som skal skriva biografien til tidlegare stjerneadvokat og nå sjølvhjelpsguru Halvdan Hanssen. Ifølgje henne er medierøynda så utfordrande, klikkbasert og lite djuptpløyande at ho ikkje får brukt evnene sine, og dermed tar ho permisjon for å finna ut kven Halvdan Hanssen eigentleg er.

Starten av romanen er dessverre heseblesande. Andersen klarer ikkje å porsjonera ut informasjonen, men lessar på med karakterar og livsomveltande hendingar i så stor fart at det går utover dei språklege kvalitetane. For eksempel, korfor må me introduserast for av-og-på-kjærasten Christian gjennom at Merete fortel heile historia deira? Korfor kan ikkje dette koma i små drypp slik at me blir nysgjerrige på kven han er og kva som har skjedd?

Både språket og forteljinga tar seg heldigvis opp, og hadde heile romanen vore slik som midtpartiet, hadde det vore soleklar toppkarakter. Eg gløymte nesten å gå av t-banen på veg til jobb fordi eg var så investert i handlinga og sleit med å legga frå meg boka.

Hovudgrunnen til dette er historia om Halvdan Hanssen. Ja, kanskje er det ikkje sjokkerande eller overraskande alt som kjem fram, men det er eit driv i Merete sine undersøkingar og informasjonen ho sakte, men sikkert får fram om han som skriv sjølvhjelpsbøker, klemmar tre, ikkje drikk alkohol og, ifølgje eigne sosiale medium-profilar, lever eit enkelt og spartansk liv. Avsløringane appellerer til kynikaren i meg som ser på sjølvhjelpsbøker som ein litt lengre versjon av «live laugh love»-skilt.

Andersen klarer i tillegg å fletta saman historia om Halvdan Hanssen med Merete sin interaksjon med dei andre karakterane. Dette gjer at dei kjennest som ein naturleg del av historia og ikkje blir overflødige i det som er den raude tråden gjennom boka.

Dessverre kollapsar alt dette når spenninga blir utløyst og konflikten toppar seg. Løysinga på situasjonen er så enkel og banal at det minnar om noko ein finn i hylla for barn på småtrinnet. Det er litt som ein idrettsutøvar med totalsprekk på oppløpet. Det var rett og slett ekstremt skuffande etter nokre hundre sider med god underhaldning.

I neste roman må Andersen stå løpet ut og gi oss ei litt meir truverdig avslutning. Klarer han det, vil det bidra til å gi feel good-literaturen eit betre rykte og gi fleire lesarar ei god og minneverdig leseoppleving.

Publisert:

Publisert: 19. mai 2026 11:24

Read Entire Article