Naudetatane rykte ut etter melding om brann i rekkehus ved Sandved i Sandes. Meldinga kom ved 04.30-tida.
To timar seinare seier brannvesenet at dei har kontroll. Men fleire bustader er umoglege å bu i på grunn av skadane.
– Det er nå folk som får hjelp frå Sandnes kommune for å finne ein stad å bu, seier politiet sin innsatsleiar på staden, Stian Sandved.
Fleire evakuerte – «kaotisk og opne flammar»
Bebuarar i leilegheita kor det starta å brenne, blei evakuerte. Alle er gjort greie for, opplyste politiet klokka 05.05.
– Det er meldt om full fyr i ei av leilegheitene, sa operasjonsleiar Håkon Lokna i Sør-Vest politidistrikt til NTB.
Ein politipatrulje tok dette bildet på Sandved i Sandnes da det var om lag ein halvtime sidan den første meldinga om brannen kom.
Foto: PolitietOgså leilegheitene som ligg i nærleiken blei evakuerte, opplyste politiet.
– Det var full fyr på utsida og fare for spreiing, seier brannvesenet sin innsatsleiar på staden, André Jacobsen.
Han seier det tok fyr i taket. Da må brannvesenet rive opp for å få kontroll.
Brannvesenet sin innsatsleiar på staden, André Jacobsen
Foto: Ingvald Nordmark / NRK– Det var kaotisk, opne flammar og mykje røyk, seier Jacobsen om det som møtte brannvesenet da dei kom til staden.
– Tre av bustadene ser ut til å vere umoglege å bu i, skriv Lokna på politiet sin meldingsteneste like før klokka 06.30.
Veg stengd
Da NRK kom til staden rundt klokka 05.30, var det er ei stor samling med politi og brannvesen i området.
Det var stor røykutvikling frå rekkehusbrannen. Rett før klokka 06 var det framleis mykje røyk i området, men nærmare 06.30 var mykje borte.
Politiet oppmodar likevel personar som kjenner ubehag, om å kontakte helsevesenet.
Ein veg i området, hovudvegen fylkesveg 44, var stengd på grunn av brannen. Sandved ligg sør for Sandnes sentrum. Vegen opna igjen rett før klokka 07.
Det var mykje røyk i området da det begynte å brenne i eit rekkehus på Sandved i Sandnes rundt klokka 04.30. To timar seinare var mykje av den synlege røyken borte.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKPublisert 15.05.2025, kl. 05.44 Oppdatert 15.05.2025, kl. 07.31