Over 100 norske ordførarar reagerer sterkt på forslaget om at folk ikkje lenger skal få brev i postkassa, men få dei utlevert på ein hentestad.
Seks av dei er frå Agder.
Oppropet er sendt inn som svar på høyringa om Postutvalet sin rapport. Eit fleirtal i utvalet gjekk inn for at vanlege folk ikkje lenger skal få brev rett i postkassa, men at dei må hentast på ein hentestad, som post i butikk.
Dette er Agder-ordførarane som er med;
Inger-Lene Håland, ordførar Froland kommune (Ap), Per Sverre Kvinlaug, ordførar Kvinesdal kommune (KrF), Hans Blattmann, ordførar Bykle kommune (Ap), Jan Petter Gysland, ordførar Hægebostad kommune (H), Morten K. Haraldstad, ordførar Evje og Hornnes kommune (KrF) og Inger Lise Lund Stulien, ordførar Åseral kommune (Ap).