Tenk deg kjensla.
Du hamnar i ein situasjon der kompisen din, eit familiemedlem eller ein totalt framand person plutseleg blir akutt sjuk.
Enten det er snakk om eit hjarteinfarkt, ein allergisk reaksjon eller eit alvorleg astmaanfall - dei aller færraste av oss går rundt med dei nødvendige medisinane.
Nå håpar ein at ein innhaldsrik koffert skal kunne hjelpe både deg og pasienten i ein tidskritisk situasjon.
Slik ser kofferten ut på innsida.
Foto: Fredrik Pedersen / NRKBlir låst opp av AMK
Aidency 113kit er namnet.
Den kvite og turkise førstehjelpskofferten blir prøvd ut av såkalla akutthjelparar fleire stader i landet, blant dei Røde kors og Redningsselskapet i Vestfold og Telemark.
– På sikt håpar vi ho også kan finnast på kjøpesenter og andre stader, seier Svein Olav Steinholt.
Han er leiar i Larvik Røde Kors, som testar kofferten i desse dagar, og er så langt veldig positiv.
Svein Olav Steinholt, leiar i Larvik Røde Kors.
Foto: Fredrik Pedersen / NRKKofferten inneheld blant anna reseptbelagde medikament som kan vere livreddande. Dette er ikkje Røde kors-mannskap utstyrte med i dag.
Behaldaren kan berre opnast ved at ein 113-operatør låser opp boksen via fjernstyring.
Deretter skal kven som helst på staden kunne gi rett medisin til pasienten, etter grundig rettleiing over telefon frå operatøren hos AMK.
Veit du kva du skal gjere om du kjem til ein skadestad?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Lovande
Jon Erik Steen-Hansen er overlege ved AMK-sentralen i Vestfold og Telemark.
Han synest oppfinninga verkar lovande, og har saman med resten av leiinga gitt grønt lys for utprøving av kofferten i distriktet.
Jon Erik Steen-Hansen, overlege ved AMK-sentralen i Vestfold og Telemark.
Foto: Fredrik Pedersen / NRK– Av og til er vi for langt unna. Vi trur og veit at vi kan vinne tid med dette i nokre situasjonar, men det må testast så vi veit at vi får det til i praksis, seier han til NRK.
Han understrekar at brukaren som er i kontakt med 113 får beskjed om korleis medisinane skal brukast rett.
– Er det ikkje ein fare for feilbruk, når det ikkje er helsepersonell som utfører dette fysisk?
– Teoretisk sett, ja, men det er bygd inn mange sikkerheitsmekanismar. Det er operatøren som tar avgjerdene, forsikrar han.
– Er det noko i denne boksen som kan vere attraktivt for rusmisbrukarar?
– Nei. Her er det ingen attraktive stoff på gatenivå. Det er verken smertestillande eller roande middel.
Kofferten blir også testa hos AMK Møre og Romsdal i disse dagar.
Spent
Mannen bak produktet, Trond Lauritsen, har sjølv opplevd å komme som førstemann til ein skadestad.
Trond Lauritsen er gründeren bak kofferten.
Foto: Marius Beck Dahle / Marius Beck Dahle– Eg blei ståande med 113 på telefonen, og observerte personen framfor meg bli sjukare og sjukare utan å kunne gjere noko, fortel han.
– Eg fekk ein ekstrem hjelpetrong og kjensla av ei avmakt over å ikkje kunne gjere noko mens eg venta. Det var ein situasjon eg ikkje kunne akseptere.
Seinare har Lauritsen brukt mykje tid og ressursar på å utvikle produktet, som han nå håpar kan bli eit vanleg syn over heile landet.
– Den er godkjent for bruk av hvermansen. Nå håpar vi han hamnar på veggen ved sida av hjartestartarar i bedrifter og verksemder, seier Lauritsen.
Hei!
Takk for at du leste saken vår.
Håper du er enig med oss om at dette temaet er interessant.
Har du tips til en sak du synes jeg skal se nærmere på?
Send meg gjerne et tips!
Publisert 12.06.2025, kl. 17.20