– Det er heilt ellevilt, seier NRKs ekspert Maren Lundby.
Dei norske kvinnene imponerte stort i den første omgangen av storbakkerennet og leiar hoppkonkurransen i OL.
– Eg har aldri vore med på noko liknande, seier Lundby.
– Dette er noko av det villaste me har sett i hoppsamanheng nokosinne og dette er OL altså, seier kommentator-kollega Christian Nilssen.
Topplista ser slik ut: Eirin Maria Kvandal på førsteplass, Anna Odine Strøm på andreplass, Silje Opseth på tredje og Heidi Dyhre Traaserud på fjerde.
Det er første gong kvinnene konkurrerer i stor bakke i OL.
Sjå finaleomgangen her kl. 19.57.
Eirin Maria Kvandal tek leiinga i storbakkerennet.
Dei fire norske kvinnene leverte gode hopp, og har eit godt utgangspunkt før finaleomgangen.
– Synest det er godt gjennomført av Kvandal. Leverer stabilt med nedslaget her, ho er heilt klart mykje betre. Synest det er godt gjennomført og kan fort hevde seg heilt i toppen med dette hoppet her.
Ho tok leiinga framfor lagvenninne Silje Opseth.
– Eg synest det er veldig nært, og det er mykje meir råskap enn eg har vist heile sesongen. Eg må ta med meg det og gå inn i andre omgang med guts, seier Opseth til NRK.
Ho leia rennet før lagvenninna tok over.
Sjå Silje Opseth hoppe inn i leiinga.
Mykje vind
På slutten av omgangen endra vinden seg.
– Det blir jo håplaust for desse hopparane. Eg er veldig spent på korleis Anna Odine og Nika Prevc skal takle dette her, sa Lundby.
Også Johan Remen Evensen reagerte.
– Dei må stoppe og ha pause når det er så ille som no. Det er jo dobbelt så mykje bakvind som då dei starta. Dei bør ta ein pause til det roar seg. Det er trass alt OL, seier eksperten.
Han meinte utøvarane som hoppa seinare i konkurransen var langt unna K-punkt på grunn av vinden.
Strøm var siste nordmann ut i den første omgangen, men klarte å stå imot og hoppa eit kjempehopp.
Publisert 15.02.2026, kl. 19.36 Oppdatert 15.02.2026, kl. 19.56








English (US)