Fire grunnar til at krigen i Gaza vil bli langvarig

1 month ago 25



Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 1.6.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Eit israelsk våpenkvileforslag på fire og ei halv side blei sendt til Hamas denne veka.

Forslaget startar med ei vilkårsbunden våpenkvile på seks veker, etterfølgt av lauslating av alle Hamas sine gislar, og at Israel trekker seg ut av Gaza.

Målet, ifølge forslaget, er «ein permanent slutt på kamphandlingane».

Men laurdag seier også Israel sin statsminister, Benjamin Netanyahu, at det ikkje blir noko permanent våpenkvile så lenge Hamas har makta i området.

Den nasjonale tryggingsrådgjevaren til Israel, Tzachi Hanegbi, har i tillegg varsla at Israel si krigføring i Gaza kjem til å vare ut året.

Så korleis skal vi forstå dette? NRK har spurt tre Midtausten-forskarar om vegen vidare i krigen.

Krigsmåla til Israel er «umoglege å oppnå»

Hilde Henriksen Waage er professor i historie ved Universitetet i Oslo, og seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (Prio).

Hilde Henriksen Waage

Waage meiner USA vil fortsette å selje våpen til Israel for å styrke landet si tryggleikskjensle.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Ho seier at ein viktig grunn til at Israel framleis utfører angrep i Gaza, er at det ikkje enno har oppnådd sine eigne krigsmål.

– Dei har ikkje utsletta Hamas, dei har ikkje fått heim gislane, og dei har ikkje skapt meir tryggleik for det israelske folket, i og med at Hamas framleis kan skyte ut rakettar.

– Desse krigsmåla er eigentleg ikkje mogleg å oppnå. Det er ikkje mogleg å utslette Hamas, dersom Israel ikkje har tenkt å drepe heile folket på Gazastripa.

Difor meiner Waage at den israelske regjeringa treng å oppnå noko som dei kan selje som ein slags siger, sjølv om måla ikkje er nådde.

-

Dette biletet frå den israelske hæren (IDF) skal vise soldatane deira inne på Gazastripa. Kampane som går føre seg gjer den humanitære situasjonen stadig verre.

Foto: - / AFP

– Anten er det slik at det blir forhandlingar fordi motparten er knust, noko Israel i dette tilfelle ikkje vil klare, eller så må alle partane føle at dei kjem ut av dette med æra i behald.

– Vi er ikkje i nærleiken av det enno.

Hamas har råd til å vente

Jacob Høigilt er professor i Midtausten-studiet ved Universitetet i Oslo. Han meiner at Hamas har tida på si side.

portrettbilde av Jacob Høigilt

Midtausten-forskar Jacob Høigilt meiner det er sannsynleg at krigen stoppar når den blir upopulær i Israel.

Foto: Jarli & Jordan

– Israel taper stadig meir støtte og sympati i verdsopinionen fordi krigen har så brutale følger. Så lenge Israel ikkje klarar å knuse Hamas heilt, er det ein siger for Hamas i seg sjølv.

– Men dei har ikkje fleire kort å spele. Dei er sannsynlegvis ganske utsletta militært sett, og dei har ingen sjanse til å vinne over den israelske krigsmaskina.

Historikar og Midtausten-forskar Marte Heian-Engdal trur at uansett om forhandlingane fører til våpenkvile, vil sjølve krigen vare mykje lenger.

Funeral of Hanan Yablonka, who was held hostage following the deadly October 7 attack, in Tel Aviv

Ein gut under gravferda til avdøde Hanan Yablonka, som var eitt av gislane til Hamas.

Foto: Marko Djurica / Reuters

– Noko av årsaka er at Hamas har vist at dei framleis kan slå tilbake, også lenger nord enn i Rafah.

– Men Hamas sitt sterkaste kort i noverande situasjon er gislane. Eg trur dei tenker at dersom dei hadde gitt frå seg dei, vil det berre vere eit tidsspørsmål før operasjonen startar med full styrke igjen.

Framleis støtte for krigen i Israel

Dei fleste israelarar støttar framleis krigen i Gaza, men ein av fem meiner at hæren har gått for langt i sitt militære svar på Hamas sitt terrorangrep.

Dette kom fram på torsdag i ei ny meiningsmåling utført av Pew forskingssenter.

Krigen ser heilt annleis ut frå Israel enn den gjer frå Noreg, ifølge Heian-Engdal.

Marte Heian-Engdal

Heian-Engdal seier ein må starte med 7. oktober for å klare å sjå krigen frå Israel si side.

Foto: Privat

– Når vi alle saman er uforståande til at israelarar ser dei same bileta vi ser, og ikkje blir skaka av at barn blir drepne i så stort omfang som dette, så er det ikkje fordi israelarar er monster.

– Det finst ei tolkingsramme som er heilt annleis enn vår, der dei tenker, trur eg, at dersom vi ikkje drep dei først så drep dei oss i neste runde.

Men in måte krigen kan ta slutt på, er at folket i Israel bestemmer seg for at nok er nok, meiner Høigilt.

 Israeli Prime Minister Netanyahu arrives to his Likud party faction meeting at the Knesset,in Jerusalem

Sjølv om statsminister Benjamin Netanyahu er upopulær blant israelarane, støttar dei fleste av dei krigføringa hans i Gaza.

Foto: Ronen Zvulun / Reuters

– Dersom krigen held fram på denne måten, så vil den krevje mykje av det israelske samfunnet. Det vil bli tap av soldatar, dei får ikkje gislane tilbake.

– På eit tidspunkt så vil israelarar meine at krigen må slutte, og då vil ikkje Netanyahu si regjering ha nok støtte til å halde fram.

Får framleis våpen frå USA

– Jokeren i spelet sit i Washington, meiner historikar Waage.

– Så lenge USA meiner at det ikkje er nok palestinarar drepne for at dei skal gjere noko, vil heller ikkje noko skje.

Denne krigen er eit stort problem for den sitjande amerikanske presidenten, meiner Heian-Engdal.

Election 2024 Biden Ohio

Biden har tidlegare halde tilbake våpen til Israel i eit forsøk på å påverke kamphandlingane i Gaza. Men det ser ikkje ut til at USA vil trekke støtta si heilt, seier Heian-Engdal.

Foto: Alex Brandon / AP

– Sjølv om det er stor rørsle, særleg i det demokratiske partiet, blant unge veljarar og i vippestatane som er viktige for Demokratane, trur eg vi skal ha beskjedne forventingar til at Joe Biden er ein president som kjem til å endre vesentleg på politikken sin.

Med det er det heller ikkje mykje verdssamfunnet kan gjere, seier ho.

– Verda kan halde fram med å presse på, og då er det i retning amerikanarane ein må gjere det.

– Vi er på eit stadium der mange spør seg om dei internasjonale reglane og institusjonane som skal prøve å verne om fred og tryggleik og verda eigentleg fungerer spesielt godt.

Meir frå Utanriksredaksjonen:

Publisert 01.06.2024, kl. 21.59

Read Entire Article