Måndag møtte ein mann i 40-åra frå Sunnhordland i Haugaland og Sunnhordland tingrett.
Han er tiltalt for ei rekke alvorlege overgrep mot til saman åtte fornærma.
Tiltalen gjeld blant anna:
- Seksuelle overgrep mot barn under 10 år
- Seksuell handling mot barn under 16 år
- Oppbevaring av bilete og video som seksualiserer barn
Mannen var trenar for fleire av dei fornærma. Overgrepa skal både ha skjedd både på private adresser, og på idrettsanlegg.
I retten nekta han straffskuld for dei fleste punkta, men erkjende skuld for å ha hatt bilete og videor som seksualiserer barn og delvis skuld i to tilfelle av valdtekt mot ein tidlegare sambuar.
Skal visa timevis med video
Saka starta med ei uromelding til barnevernet, som til slutt enda med ei stor politietterforsking i 2023.
Fleire videoar dei fann hos mannen, skal visa overgrep mot ein tidlegare sambuar medan ho sov og ikkje var i stand til å motsetta seg handlingane.
– Det er video- og biletmateriale som strekker seg over ein periode på 17-18 år. Det er uvanleg med så mykje videobevis, ifølgje statsadvokat Nina Grande.
Fleire enn 20 konkrete overgrep i ein periode frå 2005 til 2022 er lista opp
Grande åtvara retten mot sterke inntrykk frå videoane.
Dei skal visa om lag fem timar med videomateriale, berre knytte til tiltalen mot den tidlegare sambuaren.
– Det er svært intime videoar, og det er store mengder film som er filma tett på. Me meiner uansett der er naudsynt å visa alt dette for at retten skal kunne dømma eller frifinna, sa Grande.
Påtalemakta har varsla at dei vil leggja ned påstand om lukka dører når retten skal visa videoane.
Statsadvokat Nina Grande forklarte at retten skal få sjå mange timar med video som dei meiner viser overgrep og valdtekt mot ei kvinne. Ho åtvara retten mot sterke inntrykk, og ei stor mengde videomateriale.
Foto: Eli Bjelland / NRKErkjenner å ha filma
Forsvarar for tiltalte, advokat Ben Einar Grindhaug, seier til NRK at tiltalte erkjenner å ha filma handlingane.
Retten skal ta stilling til om kvinna, etter straffelovea, er «medvitslaus, eller av andre grunnar er ute av stand til å motsetja seg handlinga.»
– Så er det eit spørsmål om fornærma er det, og om min klient oppfatta dette. Det er ikkje omdiskutert at det var seksuell omgang sidan dette er filma, seier Grindhaug.
Det er planlagt at retten skal starta på kvinna sin forklaring tysdag morgon. Dei har difor ikkje behandla om videoane skal verta viest for open eller lukka rett.
Det er til saman åtte fornærma personar i ein større overgrepssak som no går i Haugaland og Sunnhordland tingrett. Det skal leggjast fram store mengder videobevis i retten.
Foto: Eli Bjelland / NRKTiltalt for overgrep mot slektning
På den første dagen av den fire veker lange rettssaka fekk retten høyra frå ei ung kvinne som skal ha vorte utsett for seksuelle overgrep mot mannen i 40-åra då ho var under 10 år.
Ho er slektning av tiltalte. Overgrepa skal ha skjedd for over 20 år sidan, og ved fleire høve.
Kvinna fortalde retten at det har sett djupe spor og prega ho sterkt i vaksen alder.
Den tiltalte mannen erkjende ikkje straffskuld for dette punktet.
– Dette er løgn, sa mannen, og meinte andre hadde gjort dette mot slektningen.
Bistandsadvokatane har varsla at dei vil leggja ned påstand om erstatning.
Advokat Arild Birkeland er bistandsadvokat for sju av dei fornærma i saka.
Foto: Eli Bjelland / NRKPublisert 17.11.2025, kl. 20.39


















English (US)