Filma knivstikking – «Oioioi, for et hull»

3 days ago 10



«Ta av jakka. Bare ta av jakka, få se få se», seier mannen på videoen som er filma like etter han her stukke den fornærma mannen.

Det viser transkripsjonen av videoen som NRK har fått tilgang til.

«Ta opp. Oioioi, for et hull.», seier mannen mens han ser på skadane stikkinga har påført den fornærma mannen.

Knivstikking Heimdal video

Videoen viser også kniven som står i mannen sin rygg.

Foto: Politiet

«Se på hullet»

«Det er det som kommer til å skje igjen hvis du ikke [uklar tale]», seier mannen vidare.

På videoen hell mannen ein stor kjøkkenkniv framfor kameraet.

Hendinga fann stad på Heimdal i Trondheim i oktober. Den fornærma mannen i 30-åra blei frakta til sjukehus med stikkskadar.

Den fornærma mannen blei stukken totalt fire gongar. Eit av stikka gikk inn mannen sin rygg, mens tre trefte i mannen sin venstre flanke.

Eit av disse gjekk gjennom brystveggen og inn i magesekken. Stikket i ryggen førte til brot i ein ryggvirvel.

«Se på hullet. Se, se, se, det er et hull her.», seier gjerningsmannen i videoen.

Knivstikking Heimdal - kniven

Kniven som blei brukt er ein kjøkkenkniv frå Ikea. Bladet på kniven var bøygd da politiet fann han.

Foto: Politiet

Erkjente ikkje å ha forsøkt å ta livet av mannen

Tidlegare i mars måtte mannen møte i Trøndelag tingrett. Han stod tiltalt for drapsforsøk.

Der blei filmen ført som bevis.

Mannen erkjente å ha stukke den fornærma mannen, men erkjente ikkje å ha forsøkt å ta livet av mannen.

Derfor meinte mannen sin forsvarar, Janne Rebecca Fjelnseth, at mannen heller måtte bli dømt for grov kroppsskade.

Påtalemakta meinte på sin side at han forsøkte å ta livet av den fornærma mannen.

en mann i hvit frakk

Kriminalteknikarar arbeidde på staden etter hendinga i oktober i fjor.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Tingretten har konkludert med at mannen skal domfellast for forsøk på drap.

Dommen frå tingretten er einstemmig.

– Eit samfunnsproblem

Trøndelag tingrett har dømt mannen til fem år og fire månader i fengsel. Det er den same straffa påtalemakta meinte at han skulle få.

– Påtalemakta har fått medhald. Slik at etter vår vurdering har tingretten kome til riktig konklusjon.

Det seier statsadvokat Kaia Strandjord.

I tillegg er mannen dømt til å betale 300.000 kroner i erstatning til fornærma.

– Det er eit alvorleg samfunnsproblem at det er så masse kniv i omløp. Mange i ungdomsmiljø ber kniv med seg og det er viktig at det får reaksjonar.

– Det er eit samfunnsproblem, gjentar ho.

Ønsker å starte eit nytt liv

Trass i at han ikkje erkjente å ha forsøkt å ta livet av mannen, har domfelte godteke dommen.

– Han seier at det er ein rimeleg og rettferdig reaksjon på handlinga, seier forsvarar Fjelnseth.

– Han ønsker no å bli ferdig med saka og prøve å starte på eit nytt liv, ved å gjere det beste utav soninga.

Forsvararen opplyser at domfelte får utdanning gjennom soninga.

– Han er motivert for endring, legg ho til.

Publisert 24.03.2026, kl. 08.54 Oppdatert 24.03.2026, kl. 09.25

Read Entire Article