FHI tilrår vaksine mot RS-virus for gravide og spedbarn  

1 hour ago 1



– Det vil spare barnefamiliar for påkjenninga med å ha eit alvorleg sjukt barn, seier Madsen.

Ho valde å betale 2500 kroner for vaksinen som beskyttar barn mot alvorlege luftvegsinfeksjonar.

RS-virus er den vanlegaste årsaka til at barn under eitt år blir lagde inn på sjukehus.

No har Folkehelseinstituttet levert ein rapport til helsemyndigheitene der dei tilrår at vaksine eller antistoff mot RS-viruset blir ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Småbarnsmora håpar tilrådinga frå Folkehelseinstituttet vil gjere at fleire kan sikre barna sine mot sjukdomen.

– Glimrande og på høg tid

Professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk Institutt på Universitetet i Oslo er prosjektleiar for ein studie på norske gravide kvinner sine haldningar og synspunkt til vaksinasjon mot blant anna RS-viruset under svangerskapet.

Ho fortel at mange kvinner ikkje kjenner til RSV, og støttar forslaget FHI no kjem med.

– Eg synest det er glimrande og på høg tid. Det er i tråd med kva fagmiljøa har uttalt seg positivt om, seier Nordeng.

Hedvig Marie Egeland Nordeng

Hedvig Nordeng er professor ved Farmasøytisk Institutt på Universitetet i Oslo.

Foto: Privat

RS-viruset rammar nyfødde og spedbarn hardast, og dei kan bli svært sjuke.

– Vi er nøydde til å beskytte dei aller minste, og her har vi ei effektiv vaksine som gjer nettopp det.

Ho trur at mange norske kvinner vil nytte seg av tilbodet om RSV-vaksinen i svangerskapet om det blir ein del av vaksinasjonsprogrammet.

Må betale sjølve

I 2023 blei RSV-vaksinen Abrysvo marknadsført og tilgjengeleg i Noreg. Mange gravide i Noreg betaler sjølve for RS-vaksinen.

Eit alternativ til vaksinen er å gi spedbarn antistoff som beskyttar mot viruset. Det er ikkje tilgjengeleg i Noreg endå.

– Vi vurderer at både langtidsverkande monoklonalt antistoff og maternell vaksine er gode alternativ til dette formålet, seier overlege Jacob Dag Berild i Folkehelseinstituttet.

mann

Jacob Dag Berild er overlege, og jobbar på avdeling for smittevern og vaksine i Folkehelseinstituttet.

Foto: Helle Westrum / NRK

Saman med Direktoratet for medisinske produkt, har FHI jobba fram ein rapport med faglege tilrådingar til helse- og omsorgsdepartementet.

Før fekk gravide kvinner råd om å vurdere vaksine mot RS-viruset. No har FHI oppdatert vaksinasjonshandboka, og tilrår gravide å ta vaksinen.

Folkehelseinstituttet håpar at den tydelege tilrådinga om å ta vaksinen vil gjere det lettare for helsepersonell å gi råd til gravide kvinner som lurer på om vaksinen er nyttig.

vaksine

RS-vaksinen Abrysvo har vore tilgjengeleg i Noreg sidan 2023, men ein må betale for den sjølv. Det er eitt av alternativa for å førebygge viruset. Det andre er å gi antistoff til spedbarn.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Mange land har innført vaksine eller antistoff

Professor Claus Andreas Klingenberg ved Universitetet i Tromsø meiner det er på høg tid at også Noreg tilbyr vaksine eller antistoffar mot RS-viruset.

Han viser til at mange andre europeiske land allereie har innført det.

Frå i haust får alle gravide i Danmark tilbod om RS-vaksine. Frå før tilbyr både Storbritannia og USA vaksinen til gravide.

Eit alternativ til vaksinen er å gi antistoff til nyfødde. Blant landa som har innført dette, er Sverige og Finland.

RS-virus-infisert pasient blir behandlet på et sykehus i Sankt Augustin i Tyskland.

Her jobbar helsepersonell i med ein RS-virus-infisert pasient på eit sjukehus i Sankt Augustin i Tyskland.

Foto: Reuters

I fleire av desse landa opplever dei ein markant nedgang i talet på sjukehusinnleggingar.

– Sjukdommen er ein stor belastning særleg for foreldre og barna, men også for barneavdelingane på sjukehusa.

Årleg blir mellom 1–2 prosent av alle barn under eitt år lagt inn på sjukehus på grunn av viruset.

Ifølge Klingenberg vil vaksine eller antistoff redusere sjukdommen med 60 til 90 prosent.

Publisert 13.11.2025, kl. 09.37

Read Entire Article