Festen i gang – her er dei åtte første finaleartistane

4 days ago 5



Åtte av ni finalistar er no klare for finalen i Melodi Grand Prix 28. februar.

Den siste plassen skal avgjerast av publikum.

Artistane blir presenterte ein og ein no frå klokka 12, og vi følger pressekonferansen direkte.

Åtte utfordrarar skal kjempe om denne siste plassen, og vinnaren blir kåra tysdag 27. januar i «Nitimen» og på NRK.no.

Alle låtane til finalistane blir sleppte i sin heilskap måndag 26. januar klokka 12.00.

Om du trykker på bileta under kan du høyre 30 sekund av låtane til dei ulike artistane etter kvart som dei blir kjende.

Bortsett frå Rybak sin låt, som blir offentleg om ei veke!

Alexander Rybak til MGP

Alexander Rybak tilbake til MGP-sirkuset.

Foto: Tom Ivar Øverlie / NRK

1. Alexander Rybak

Han treng neppe nokon introduksjon. Nesoddingen har alltid elska å fortelje historier på scena, og inspirert av sin store helt Jahn Teigen vender han no tilbake til «musikkens folkefest».

Fela er sjølvsagt med! Etter fleire år med andre prosjekt, inkludert barnemusikalen «Trolle» og ein mastergrad i filmmusikk frå USA, er han klar med albumet «Fairytales Too».

Her møter popmusikken det filmatiske orkesteret, og eitt av spora er altså årets MGP-bidrag.

Det blir eit stjernespekka show når Noregs største musikkonkurranse inntar OL-byen. Årets finalefelt består totalt av ni artistar.

Dei første åtte av dei er handplukka og klare, men nytt av året er at publikum sjølve skal røyste fram den siste finalisten gjennom ein eigen MGP-cup.

2. Hedda Mae

Hedda Mae gler seg til å stå på scena i finalen.

Sidan gjennombrotet i 2020 har Hedda Mae gjort seg bemerka både heime og ute med sin leikne og energiske retropop.

Ho hentar inspirasjon frå 90- og 00-talet, og kombinerer sjølvironi med ei kompromisslaus haldning.

Bidraget «Snap Back» er ein poplåt som handlar om giftige relasjonar, men også om krafta til å reise seg igjen når alt ser mørkt ut.

Hedda har følgt MGP heile livet, og i år kjennest det endeleg rett å stå på scena sjølv.

3. Mileo

Mileo er klar for finalen i MGP.

Den norsk-australske artisten Mileo gjorde inntrykk i 2024, og no er han tilbake med låten «Frankenstein».

Med eit mørkt, men kraftfullt bodskap vil han ta kontroll over sin eigen identitet og omfamne det som ikkje er perfekt.

Mileo (som spøkefullt hevdar å vere 143 år) byr på eit internasjonalt lydbilete og eit teatralsk uttrykk.

Han vil vise at sjølv om ein føler seg som eit «monster», finst det venleik i det rare.

4. Emma

Emma Gunnarsen syng ein mektig song om natur og følelsar.

Emma Gunnarsen har gått frå å sjarmere Noreg som 8-åring til å bli ei av landets mest spennande unge popstjerner, med over 75 millionar strøymingar.

Etter suksess i Maskorama i 2025 som «Marionetten» og utselde konsertar på Parkteatret, siktar ho no mot Oslo Spektrum.

Men først er det MGP. Låten «Northern Lights» er skriven av stjernelaget bak Loreen sin vinnarlåt «Tattoo», noko som lovar godt for den unge artisten.

5. Storm

Storm er klar for MGP-finalen i februar.

Ikkje la deg lure av alderen – 17 år gamle Storm er allereie ei markant stemme innan alternativ musikk og rock.

Han har spelt på store festivalar som Download i Storbritannia og Tons of Rock i Noreg.

I MGP deltek han med «Lullaby», som blir skildra som ei energibombe der det rå og harde møter det melodiske.

Storm har bygd seg opp ein stor fanskare på TikTok og er klar for å få heile Noreg til å «Join the Storm».

6. Leonardo Amor

Leonardo Amor flytta frå Filippinane til Noreg for å følgje musikkdraumen. Han har tidlegare imponert i «The Voice» og er uteksaminert frå musikkskulen Limpi.

Han er heller ikkje ukjend med Eurovision-sirkuset, då han i 2025 deltok i San Marino sin nasjonale uttaking.

Låten «Prayer» starta som ein idé på ein serviett og har blitt til ei personleg og sårbar historie som han no vil dele med det norske publikummet.

7. Silke

Artisten Silke stiller i finalen.

Silje Montsko Blandkjenn, kjent som Silke, er artist, låtskrivar og produsent frå Kragerø.

Ho har tidlegare kora i MGP (blant anna på Jone sin «Ekko inni meg»), men no står ho fremst på scena.

«Forevermore» er ein sjølvprodusert, episk og oppløftande låt om håp og kjærleik.

Silke ønskjer å invitere sjåarane inn i sitt univers, «Silketopia», og minne oss på at det alltid finst rom for å drøyme.

8. Jonas Lovv

Jonas Lovv blei kjend i «The Voice» på TV 2. No er han klar for MGP.

Jonas Lovv vart eit kjent namn gjennom «The Voice», der han sjarmerte med energi, unik stil og sterke formidlingsevner.

Han er ein ekte entertainer som likar å bryte barrierane mellom scene og sal.

Bodskapen i låten «YA YA YA» er enkel, men viktig: Ver deg sjølv og gje litt blaffen i kva andre tenkjer – då blir livet mykje gøyare.

Publisert 19.01.2026, kl. 11.35 Oppdatert 19.01.2026, kl. 15.29

Read Entire Article