Ei ferje med 35 personar om bord gikk natt til onsdag på grunn utanfor Værøy i Lofoten.
Ferja kom seg laus for eiga maskin. Det var bilferja «Bodø» som grunna, og det skal ha skjedd i 04-tida. Ferja kom frå Bodø og skulle inn til kai på Værøy.
– Vi fikk beskjed klokka 04.50 om at bilferje og Bodø har meldt mayday, og at dei hadde gått på grunn ved innseglinga til Værøy, seier redningsleiar i HRS, Alexander Åkerøy Hundal til NRK.
– Då blei det sendt redningsskøyte frå Balstad og eit kystvaktfartøy som låg litt lenger sør, blei sendt mot området.
– Men dei kom seg laus ved eiga maskin?
– Ja, omlag 10 til 12 minutt etter vi fikk nødmeldinga. Skipet har kome seg av grunnen for eiga maskin og sett kursen inn mot Værøy.
23 passasjerar ombord
Etter det Åkerøy Hundal kjenner til skal det ha gått bra ombord i ferja.
Det var 23 passasjerar og 12 mannskap om bord, stadfester han til NRK.
– Etter det vi har fått beskjed om så har alt gått bra både med mannskap og passasjerer. Båten ser ikkje ut til å ha lekkasje, og tar heller ikkje inn vatn.
– Så tilsynelatande har det gått bra, men vi veit ikkje korleis opplevinga har vore for passasjerene om bord. Vi har ikkje vore i kontakt med nokon av dei, seier han.
Værøy ferjekai fra Statens webkamera , onsdag morgen
Foto: Statens vegvesen webkamera / Statens vegvesen/NRKStyringsproblem
Ifølge Hundal kom det inn ei nødmelding via Kystradio Nord om at ferja har gått på grunn ved innsegling til Værøy, og at ei redningsskøyte og eit kystvaktfartøy var på veg til staden.
Det var kapteinen om bord som gav beskjed om at dei har kome seg av grunn sjølv og at dei vil komme seg til kai på Værøy, men har problem med styringa.
Rundt klokka 05:15 melder ferja at de er trygt til kai og at det framleis ikkje er teikn til vanninntrenging eller lekkasje.
Klokka 5.45 meldte Redningsskøyta at «Det Norske Veritas» var på veg for å hjelpe til ferja.
Publisert 29.04.2026, kl. 06.42 Oppdatert 29.04.2026, kl. 07.48





.jpg)







English (US)