Feriekjøpet kan innehalde helsefarleg tungmetall

1 month ago 23



Mange nordmenn kjem heim frå ferie i desse dagar.

Kanskje har dei kjøpt med seg keramikk som eit ferieminne?

Kva keramikken inneheld kan vere vanskeleg å vite.

Enkelte typar keramikk kan gi frå seg helseskadelege mengder tungmetall ved bruk i kontakt med sure næringsmiddel, seier Olav Vatn i Mattilsynet.

Spesielt keramikk frå området rundt Middelhavet kan innehalde tungmetall som bly, seier han.

Keramikk

Mattilsynet anbefaler å forsikre seg om at keramikken ein kjøper er egna for kontakt med mat og drikke.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Kan gi helseskadar

Bly blir rekna som giftig fordi forholdsvis små mengder kan gi helseskadar, seier Vatn.

I Middelhavsområdet blir gjenstandane ofte sett inn med glasur for å gi keramikken sterkare fargar.

Ifølge Vatn i Mattilsynet inneheld keramikkglasur ofte blyoksid.

Dersom glasuren ikkje blir behandla på riktig måte kan skadelege mengder tungmetall lekke ut i sure mat- og drikkevarer.

– Ved riktig bruk av glasurblanding og brenning ved riktig temperatur skal ikkje keramikkgjenstandane gi frå seg ulovlege mengder bly, fortel Vatn.

– Barn er dei mest følsame

Eg tenkjer ein generelt bør vere merksam på om keramikken ein kjøper er meint for mat og drikke, seier seniorforskar i Folkehelseinstituttet, Helle Katrine Knutsen.

Ho fortel at barn og gravide er dei som toler minst tungmetall.

Foreldre med små barn og gravide bør vere spesielt påpasselege med kva materialar dei brukar til oppbevaring og servering av mat, seier ho og fortset:

Det er først og fremst utvikling av nervesystemet hos barn, skader på nyrene og høgare blodtrykk som er dei skadelege effektane.

Keramikk

Dersom glasuren på keramikken ikkje blir brent på riktig temperatur kan tungmetall som bly lekke ut i mat.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Oppfordrar til å undersøke

Vi anbefaler at forbrukaren spør om produkta er meint for kontakt med mat og drikke, seier Olav Vatn i Mattilsynet.

Han oppfordrar også til å spørje seljaren om han kan garantere at produkta ikkje skil ut bly, kadmium eller barium over grenseverdiane.

For dei som allereie har kjøpt keramikk, kan det derimot vere vanskeleg å vite om han er trygg seier Vatn.

Keramikk av ukjent kvalitet kan du sende til kjemisk analyse hos eit privat laboratorium.

Knutsen meiner ein kan vere relativt trygg i Europa, så lenge keramikken er produsert for kontakt med mat.

– Dersom ein forsikrar seg om at produktet er laga for bruk med mat, er det eit klart EU-regelverk som regulerer kor lite bly som kan lekke ut.

Ho oppfordrar til å vere enda meir varsam på ferie utanfor Europa.

Utanfor EU er ikkje lovgivinga nødvendigvis like god som i EU, så i fjernare himmelstrøk bør ein vere spesielt varsam.

Publisert 11.08.2024, kl. 22.05

Read Entire Article