Fengsla svensk journalist risikerer 12 år i fengsel

9 hours ago 5



I april blei den svenske journalisten Joakim Medin dømt til nesten eitt år i fengsel for å ha fornærma presidenten i Tyrkia.

Nå har tyrkiske myndigheiter tatt ut ein ny tiltale mot han – Medin risikerer 12 år i fengsel.

NRK har fått innsyn i tiltalen. Medin blir skulda for å spreie terrorpropaganda, og dessutan for å ha tilknyting til dei terrorstempla organisasjonane YPG og PKK.

Journalist Joakim Medin i Dagens ETC saman med eit syrisk par

Joakim Medin har reist mykje til Syria under karrieren sin som journalist. Her er han avbilda på ein reportasjetur til Qamishli i 2015.

Foto: STRINGER / Reuters / NTB

Artiklar han har skrive om kurdarars situasjon i Sverige og Syria, og bilde han har tatt med medlemmer av YPG står som sentrale bevis i saka.

Medin nektar for skuldingane, og tiltalen møter sterk kritikk frå fleire hald.

Forsøk på å kriminalisere journalistikk

– Terrortiltalen mot Medin, basert på journalistisk verksemd, vekker sterk bekymring.

Det seier generalsekretær i ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN, Jørgen W. Frydnes.

en mann i dress

Generalsekretær i Norsk PEN, Jørgen W. Frydnes.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Medin er frilansjournalist, men var på jobb for den svenske avisa Dagens ETC da han blei arrestert i Tyrkia i mars.

Tre av Medins artiklar i Dagens ETC er omtalte i terrortiltalen. I tillegg til Medins artiklar blir det lagt stor vekt på tre bilde frå 2015 der Medin er saman med den kurdiske militsen YPG i Syria.

Aktor hevdar desse visene at han har vore medlem i «medieavdelinga til organisasjonen».

to personer som sitter på en sofa

Den svenske journalisten Joakim Medin, saman med YPGs talsperson Redur Khalil. Bildet er frå 2015.

Foto: MASSOUD MOHAMMED / AFP / NTB

Det er ikkje kjent når terrortiltalen skal opp i retten.

Norsk PEN meiner skuldingane mot Medin kjem av at uavhengig journalistikk blir oppfatta som ein trussel mot Tyrkias autoritære regime.

– Dette eit forsøk på å kriminalisere journalistikk, seier Frydnes.

NRK har prøvd å kontakte den tyrkiske ambassaden i Stockholm med skuldingane i denne saka, men har ikkje lykkast med dette.

en gruppe mennesker som går opp trapper

Presse og publikum utanfor retten i Ankara i samband med rettssaka mot den svenske journalisten Joakim Medin. Bildet blei tatt 30.4.2025

Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

– Innsnevring av ytringsfridommen

Norsk PEN understrekar at dette er eit spørsmål om pressefridom.

– I Tyrkia har vi sett ei systematisk innsnevring av rommet for ytringsfridom, og bruk av terrorlovgiving som eit verktøy for å skremme og straffe kritiske stemmer, seier Frydnes.

– Med arrestasjonen og siktinga av Medin, ein utanlandsk journalist, har myndigheitene tråkka over enda ein terskel, seier han vidare.

Frydnes meiner det internasjonale samfunnet må reagere sterkare på angrep på pressefridommen.

– Norske myndigheiter bør gjere tydeleg overfor tyrkiske myndigheiter at forfølging av journalistar, også ikkje-tyrkiske, er uakseptabelt.

Hevdar artiklar viser terrorsamband

I skuldingane om PKK-tilknyting viser tiltalen til at Medin intervjua den svenske organisasjonen Kurdish Democratic Society Center (NCDK) i ein artikkel for Dagens ETC.

Han beskreiv også Tyrkias bombing av Nord-Syria som «angrep» – aktor meiner dei burde ha blitt kalla «sjølvforsvar».

I tillegg til Medins artiklar blir det lagt stor vekt på tre bilde frå 2015 der Medin er saman med den kurdiske militsen YPG i Syria.

Alle bilda blei tatt i samband med ei fangeutveksling, der Medin og tolken hans blei sette fri, skriv SVT.

Ifølge tiltalen viser etterforskinga at Medin promoterte PKK gjennom innlegg på sosiale medium og ved å gi ut bøker, som også blei selde i bokforhandlarar i Sverige.
Aktor påstår at Medin med dette har brote lova for terrorpropaganda.

Sjefredaktør: Svært svak tiltale

Medin har skrive mykje om PKK og Sveriges Nato-prosess for avisa Dagens ETC, som han også jobbar for. Han har også rapportert frå Syria i fleire år.

Sjefredaktør i Dagens ETC, Andreas Gustavsson, meiner at tiltalen er svært svak.

– Den er, saman med den førre tiltala som gjaldt fornærming, først og fremst basert på artiklar og bøker, altså journalistisk arbeid, seier Gustavsson til NRK.

en mann iført hvit skjorte

Sjefredaktør i Dagens ETC, Andreas Gustavsson.

Foto: Zanna Nordqvist

Han fortel at aktor prøver å bygge saka på indirekte bevis.

– Men det blir også tydeleg at Tyrkia over lengre tid har overvakt ein svensk journalist, seier Gustavsson.

Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr redaksjonens podkast:

Publisert 15.05.2025, kl. 22.59

Read Entire Article