Fengsels­betjenten som blei fengsla

1 month ago 17



Februar 1989:

Storfilmen Karachi har premiere på norske kinoar. Han handlar om ei ung, norsk kvinne som blir tvungen til å smugle heroin frå Pakistan til Oslo.

Både Jon Eikemo og Tormod Lien er i rollene som narkospanarar. Men sistnemnde får ikkje sett filmen på kino.

Fengselsbetjenten frå Romsdal har nemleg blitt fengsla – for nettopp å ha smugla heroin til Oslo.

Det verken politiet eller nokon andre fekk vite, var den grufulle historia bak Tormod Liens smugling.

Før no.

OSLO 19890206 Skuespillerne Jon Eikemo og Amanda Ooms har spilt sammen i narkotika-thrilleren "Karachi" regissert av O.Einarson. Her de to sammen.

God stemning før premieren på Karachi, med hovudrolleinnehavar Amanda Ooms og Jon Eikemo. Tormod Lien fekk ikkje vere med på festen.

Foto: Morten Hvaal / NTB

Bedehus-nasking

Ved ein stor fjord, i vesle Vågstranda mellom Vestnes og Åndalsnes, voks Tormod Lien opp på ein gard og indremisjonsheim på 1960-talet.

– Da søskena mine flytta ut, blei det eit bry for foreldra mine. Kven skulle passe på meg når det var møte på bedehuset? seier Tormod.

Ein stor del av oppveksten blei på bedehuset.

– Men eg trur ikkje eg tok skade av det. Anna enn at det var mykje kjedeleg bønn.

Tormod Lien i snøkledd landskap, utanfor heimen hans i Vågstranda. Fjord og fjell og eldre hus i bakgrunnen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Og at han og ein kompis blei tatt for å ha stole lodd frå basaren.

– Eg er kanskje den einaste som har blitt ransaka på eit bedehus.

Men snart kom unge Tormond i ein skvis mellom bedehuslivet til mora og publivet til kompisane.

Sjøflyet

Tormod Lien har hatt eit liv i skvis.

Fengselsbetjenten som blei fengsla. Narkospanaren som smugla narko. Bedehusguten som drog på pub.

Etter ungdomen hamna han i eit drikkemiljø. Eit fuktig døgn enda på eit hotell som selde øl – i nabofylket tre timar unna. Da han og svirebroren ville heim, bestilte dei eit sjøfly.

– Me skreiv ut ein sjekk og følte oss som småkongar. Men over Vågstranda såg eg huset og mor mi som bakte lefser på kjøkkenet. Eg måtte nesten huke meg ned i flyet og gøyme meg. Det var heilt forferdeleg!

Folk i bygda strøymde til kaia for sjå kva som hadde landa. Ut på flyteskia kom Tormod med ei flaske brennevin.

– Men eg gleid, hogde tak i kompisen min, og begge datt på sjøen.

Berre brennevinet heldt seg tørt. Etter heisaturen begynte Tormod Lien på Bibelskule.

– Det var til stor glede for mor, men kompisar meinte at eg på flyturen var komen for nære himmelen og Vårherre.

Tormod Lien heime på Vågstranda i Romsdal. Gamal tapet frå 1960/70-talet i bakgrunnen og to bilete av Jesus Kristus Guds son

I barndomsheimen der Lien no bur, heng framleis Jesus og venene hans på eit soverom.

Foto: Roar Strøm / NRK

Smellen

På Bibelskulen møtte Tormod Lien si første kone. Saman utdanna dei seg til hjelpepleiarar, flytta til Romsdal og fekk ein son, før ting skar seg.

– Ho tok ut separasjon og reiste. Da var guten berre eit år. Det var forferdeleg, for eg var så glad i den vesle dokkemannen, seier Lien.

På starten av 1980-talet var ikkje skilsmisse ein slager i indremisjonen.

– Eg såg inga lysning og ville vel gjere slutt på alt.

Lien blei innlagd på psykiatrisk avdeling i Molde, der var han i fleire månader.

Han skjønte at han måtte skifte miljø og søkte etter jobbar.

Snart fekk han napp – som fengselsbetjent i Oslo kretsfengsel.

 Staute politimenn danner æresgarde for Egon Olsen i Arve Opsahls skikkelse, som i de siste ti årene har vandret ut og inn av Botsfengselet. Her er han er på vei inn.

I mange år vandra Egon Olsen i filmserien Olsenbanden ut og inn av fengselet på Grønland i Oslo. Her frå 10-årsjubileet, få år før Tormod Lien søkte seg til jobb her.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Betjent

Tormod Lien var 27 år da han gjekk inn bak murane.

Den utskrivne psykiatriske pasienten skulle jobbe på fengselssjukehuset, som ein slags psykolog for nokon av Noregs største kriminelle.

– Jaja, eg får gjere så godt eg kan, tenkte eg.

Lien sette opp ein fengselsrevy, men møtte fort språklege utfordringar.

Da han spurte ein sliten narkoman eit standard spørsmål: «Og elles da?», spratt den innsette opp og ropte «Har du LSD?!»

Snart kom mykje verre utfordringar.

Fengselssjekken julerevy Oslo kretsfengsel 1986

Tormod Lien (t.h.) spelte spritsmuglar frå Romsdalen. Ikkje ulikt rolla han snart skulle spele i det verkelege liv.

Faksimile: VG 18.12.1986

Ali frå Ila

Ein fange som me berre kallar Ali, fekk nemleg ekstra god kontakt med den ferske betjenten.

– Med Ali utvikla det seg til eit vennskap, sjølv om alt var i regi av rolla mi i fengselet, seier Lien.

Ali sat inne for innføring av heroin, som for alvor begynte å spreie seg i Oslo og Noreg på 1980-talet.

Han var dømt til ni års fengsel, og når han var ute på perm, var det gjerne betjent Lien som skulle passe på han.

– Det var heilt merkeleg. Eg var med på eit pakistansk familieselskap der mennene sat i hovudrommet, med damene oppå kvarandre på eit lite kjøkken. Eg skulle følgje med på at han ikkje stakk av, men tenkte at no kan han gjere kva som helst, for eg har ingenting å bidra med.

Pakistanske heroin-menn tatt, nordmann stukket av

Fleire norsk-pakistanske kjøpmenn og banktilsette blei tatt i dei første store heroinavsløringane, og Ali var blant dei.

Faksimile: Fredriksstad Blad 30.10.1985

Lien fortel at Ali blei stadig meir personleg og raus. Han tilbaud betjenten både pengar – og – ei leilegheit midt i Oslo sentrum.

– Det skjønte eg sjølvsagt at ikkje gjekk an. Sjølv om eg hadde ein økonomi som gjorde det fristande å ta i mot.

Ifølge rettspapir melde Lien i frå til sjefane sine, utan at noko skjedde.

Og da Ali blei overført til Ila landsfengsel, bad han om å få fortsette kontakten med betjent Tormod Lien – noko han fekk.

– Eg syntest det var litt rart at eg også skulle opp dit og besøke han.

På samme tid starta gufne ting å skje med Tormod Lien.

Tormod Lien i kjellaren.

Tormod Lien i kjellaren.

Foto: Roar Strøm / NRK

Potetball

– Eg følte at nokon følgde med på meg, og lurte på om eg byrja å bli paranoid.

Lien var leiar for Romsdalslaget i Oslo, som støtt åt ball før nokre pils på Scotsman.

Denne torsdagen var Tormod tidleg på plass på kafeen. Før dei andre hadde komme, kom to mørke karar til bordet og ba han komme ut.

Lien såg ingen sjansar til å lure seg unna.

– Utafor var det nesten som om eg var kongen, for det blei opna ei dør i ein bil og eg blei geleida rett inn.

Trikk motorvogn 206 type Høka MBO linje 7 svinger inn i Dronningens gate fra Storgata ved Dobloug-gården. NAF-huset. Vinterbilde.

På NAF-huset i Storgata pleide romsdalingane å ete potetball. Til høgre på biletet var det Lien blei henta.

Foto: Rolf Thoresen / Oslo byarkiv

Under køyreturen byrja dei to å spørje om han hadde mottatt narkotika, eller gitt noko vidare til politiet.

– Da skjønte eg at eg hadde ei rolle i eitt eller anna komplott.

Dei framande starta å snakke om den fire år gamle sonen hans, og om mora på Vågstranda. Til slutt nemde dei ei pakke som skulle til postkassa hans på Vestli, før Lien blei kasta av i ein grøftekant utafor byen.

Køyreturen var berre ein forsmak.

Karachi

Men denne tida gav også positiv spenning for den sceneglade betjenten. Via eit statistregister fekk Tormod Lien ei ørlita rolle som narkospanar i den store, norske kinothrillaren «Karachi».

Jon Eikemo spelte hovudrolla som politimann.

– I scena mi sit me og spanar, og eg skulle svare «mm». Det var alt! Men me måtte ta den mange gonger, for støtt dro eg på smilebåndet, flirer Lien.

Filmen handlar om ei ung, norsk jente som blir truga til å smugle heroin, og i filmen spanar politibetjent Lien på ein pakistansk heroinliga.

Sjeldan har vel kunsten imitert livet tettare – eller omvendt.

VHS av filmen Karachi

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Leiligheita

Få veker etter innspelinga blei Tormod Lien slått ned i ei sidegate til Karl Johan. Nokon kom til for å hjelpe han, og tok han inn i ein svart varebil.

– Eg trudde dei skulle køyre meg heim eller til legevakta, men det gjorde dei ikkje.

Etter ein kort tur blir han ført inn bakdøra til ein eldre bygard, og opp til tredje etasje, ifølgje Lien.

– Leiligheita såg ut som eit lagerrom, med berre ein stol og ein brun, ekkel velursofa. Ingen gardiner. Eg hugsar at dei byrja å håne meg litt.

Det var tre-fire karar i rommet. Snart voldtok dei Tormod Lien.

– Da følte eg at eg døydde. Eg håpa eigentleg at eg skulle døy. Og eg tenkte at når desse folka gjer dette, vil dei aldri sleppe meg ut att levande.

Men så såg Lien eit forheng til venstre for seg.

– Der såg eg ei dame med ein liten unge, nesten ein baby. Ho sat og prøvde å halde han i ro. Eg festa blikket på henne medan dei heldt på, og tanken slo meg at det ikkje berre var eg som var fanga her.

Snart fanga Lien også blikket til éin av mennene, og opplevde litt anger der.

– Like etter sa han at no kunne eg berre gå. Eg tenkte at var det ikkje for han, ville eg aldri fått gått. For dei andre var ikkje slik.

Akerselva

– Så gjekk eg. Utan å snu meg, da trudde eg dei ville drepe meg. Eg kom ut på gata rundt Grønland i Oslo.

Tormod Lien vågde ikkje å ta trikken.

Han vågde ikkje å vere nær nokon.

Han gjekk og gjekk og gjekk.

Langs Akerselva. I mange timar før han var oppe på Vestli.

Utsikt fra Vaterlands bru mot Hausmanns bru 1990

Akerselva ved Grønland. Lien har aldri forstått kvifor han blei misbrukt. Kanskje var det for å skremme han til å jobbe for heroinsmuglarane.

Foto: Erik Bjørn Johannessen / Oslo Museum

– Heile vegen tenkte eg på sjølvmord. Dette kunne og ville eg ikkje leve med.

Heime fekk han av seg alle kleda. Og kasta dei i søppelsjakta.

– Eg følte eg hadde med meg lukta frå det rommet.

Han bestemte seg for å aldri fortelje nokon om det som hadde skjedd.

Kort tid etter fekk han ein telefon.

Sogn vgs

Tormod Lien fekk klar beskjed om å svare i koder. Om han hadde fått noko i posten skulle han svare positivt på spørsmåla han blei stilt, elles skulle han svare negativt.

– Det var ei frykteleg ventetid.

Til slutt dumpa det inn ein ganske tung konvolutt i posten hans. Same dag ringte Ali.

– Han spurte om korleis det gjekk med sonen min, og eg svarte at det gjekk kjempebra. Da fekk eg beskjed at me skulle møtes på Sogn vidaregåande skule.

Der gjekk Ali på såkalla frigang, når han ikkje sat i fengsel. Lien tok med konvolutten og køyrde den kvite Ladaen sin.

– Det var ein forferdeleg køyretur. Men folk har spurt om eg var redd. Nei, eg var heller letta, for eg tenkte at no var det vel snart over.

På skulen fekk Tormod beskjed om å køyre Ali til ei adresse. Men duoen kom ikkje langt.

– Ved den store rundkøyringa ved Ullevål stadion kom det politibilar frå alle kantar rett inn i krysset og stengde for oss. Det var som i ein actionfilm. Me blei begge dregne ut av bilen, og eg blei klint opp til eit panser. Oi, dette var veldig, er det så stort, tenkte eg, seier Lien.

Politiaksjon mange bilar, tidleg 1990-tal

Biletet er frå ein anna politiaksjon nokre år seinare.

Foto: Helge Hansen / NTB

Så fekk han nok eit sjokk.

– Ja, nå forstår du vel ingenting, Tormod Lien, sa politimannen.

– Eg trudde eg skulle besvime, for det var så ekkelt at dei sa namnet mitt. Det var heilt uverkeleg.

Fengselsbetjent Lien blei kasta på glattcelle, og etter kvart dømt til to og eit halvt års fengsel for medverknad til å innføre heroin.

Dommen slo fast at Lien var blitt utnytta av ein innsett, at han handla under press og utan motiv for eigen profitt. Tormod fortalde aldri retten om overgrepa.

Seriemordaren

Kva som var i pakka han frakta?
Jo, 154 gram potetmjøl.

For politiet hadde allereie bytta ut heroinet som var der.

– Så kom heroinfilmen med deg på norske kinoar?

– Ja, eg fekk ikkje sett den, da sat eg i fengsel, humrar Lien.

 Statist dømt

Faksimile: VG 12.05.1989

Den til dels sterkt traumatiserte Tormod fekk det ikkje lett i fengselet.

– Eg var jo den tilsette som blei innsett. Difor trur eg folk plaga meg litt ekstra. Dei dro meg inn på toalettet i fengselet for å skremme, det var nok til at det var vemmeleg for meg.

Når han blir overført til Bastøy, der dei innsette bur i små hytter, går det betre. Tormod får seg til og med ein slags venn. Heilt aleine i ei av hyttene budde nemleg ein anna plaga kar, ein lutrygga fyr med store briller:

Trønderen Arnfinn Nesset, den største seriemordaren i Noreg, dømt for å ha drepe 22 eldre med gift på ein sjukeheim i Orkdal.

Ved deira første møte kom Nesset kviskrande til Lien.

– Han var nesten ikkje til å forstå når han snakka normalt, og når han kviskra var det enda verre. Men han spurte meg om eg ville vere med å ete heimelaga eplekake neste dag.

Lien kunne ikkje anna enn å takke ja.

– Der gjekk han som ei Raudhette med ei lita korg.

Nesset viste ein sti opp til ein hemmeleg stad, ei lita slags hole med to små stolar og eit lite bord. Ut av korga drog han eplekake og termos.

– Da han sa «forsyn deg», tenkte eg at dette kanskje ikkje var så lurt. Eg sa «berre start du». Han svarte: «Ja, eg skjønar», og starta og ete, fortel Lien.

Tormod Lien i speilet heime på Vågstranda i Romsdal. Gamal tapet frå 1960/70-talet i bakgrunnen og to bilete av Jesus Kristus Guds son

Heime på gjesterommet til Tormod Lien er som ei tidlegare tid.

Foto: Roar Strøm / NRK

Heime

Etter soninga flytta Lien etter kvart heim til vesle Vågstranda.

– Det var vanskeleg. Det var omtrent ingen, verken familie eller andre, som snakka om fengselet eller dommen.

– Kven snakka du om det med?

– Eg trur ikkje eg hadde nokon.

Ein kveld han våga seg ut på den lokale puben, og sat diskret med ein øl, kom det ei dame bort til han.

– Det er slike som deg som gjer dottera mi og andre til narkomane, sa ho.

Det har også blitt hengt opp plakatar med åtvaringar mot Tormod Lien rundt i bygda, og postkassa blei sprengd. Slikt vil ikkje Lien snakke om.

– Kvifor flytta du ikkje?

– Nei, sei det. Eg er jo frykteleg glad i bygda mi. Det er fødeplassen min, og det er fødeplassen til mor mi.

Tormod Lien måker snø, medan fotograf Strøm tek bilete. Flott utsikt til fjord, fjell og ei snøkledd øy.

Utsynet frå barndomsheimen er lite å klage på.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

NM-triumf

På slutten av 1990-talet blir Tormod igjen gift, og får sin andre son, før forholdet tar slutt.

Han slår seg opp som ei lokal film- og revystjerne. I år 2000 laga hjelpepleiaren eit revynummer om at psykisk utviklingshemma skulle klare seg i eigne bustadar. Lien spelte karakteren «Heilt åleine».

«Open omsorg heiter det, men eg omsorger meg sjølv altså, for eg er heilt åleine,
nesten heile tida.»

Monologen gjekk så bra at han blei send til NM i revy på Høylandet, med humorlegenda Per Inge Torkelsen som dommar.

– Eg var så sliten etter nummeret, for det ingen veit, er at det er skrive ut frå min eigen indre lengsel og einsemd, fortel Lien.

Han blei dratt opp på scena og vann heile tre NM-gull for sketsjen.

– Per Inge Torkelsen sto på scena med tårer i auga, og sa at det var det største han hadde opplevd på ei norsk revyscene. Det var stort, seier Lien.

Ramme med avisklipp om Tormod Liens trippelseier i NM i revy på Høylandet 2001

På veggen heng ei ramme med avisklipp om trippeltriumfen.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Presten

I 30 år var Tormod Lien taus om overgrepa. Fleire gonger var nær ved å gjere det slutt.

– Det nærmaste var nok da eg reiste opp øvst i Romsdalen, til den grufulle Slettafossen. Men da eg stod lenge ved den for å kaste meg uti, tenkte eg på gutane mine. Så egoistisk kunne eg ikkje vere, så eg reiste heim att.

Da den yngste sonen for nokre år sidan hamna i ei særs alvorleg bilulykke, fekk han eit spørsmål av soknepresten.

«Korleis går det med deg da, Tormod?».

– Det hadde ikkje nokon gjort før, seier Lien.

– Eg starta å snakke rundt grauten, om sonen min og ulykka, men han spurte igjen korleis det gjekk med meg.

Tormod svarte at han ikkje kunne dele det med nokon.

«Eg har teieplikt. Har du vore vitne til noko? Har du vore med på eit drap?»

Til slutt brast det for den da 60 år gamle mannen.

– Drap!? Nei, eg har ikkje gjort det. Og så sa eg det. Det var både godt og ondt å få det ut.

Soknepresten følgde Tormod Lien inn i psykiatrien.

Skjenken i stua med mange filmer Lien har spelt i.

På skjenken i stua står mange av filmane Lien har spelt i.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Kloa

I dag arbeider Lien i mindre stillingar som både parkeringsvakt, kyrkjetenar og lokaljournalist.

Han skulle ønske at det å opne opp om overgrepa, hadde gjort han fri og nøgd. Det kan han ikkje seie. Men han angrar ikkje på det.

– No kan eg i alle fall kontrollere kjenslene av å bli kvelt. Dei kunne komme kor som helst.

Samtidig med traumene spelte romsdalingen i åtte filmar, fleire teaterstykke og eit utal revyar.

– Heile tida har eg vore med på eit eller anna tullskap. I ettertid ser eg at eg har gjort det for å flykte. Det har vore som ei klo på brystet mitt i alle år, og i periodar har eg hatt problem med å puste, fortel han.

– Eg har vore like mykje redd for å leve, som eg har vore redd for å døy. Eg klyp meg i handa mange gonger fordi eg er takknemleg fordi eg lever i dag.

Øyeblikket Tormod Lien

– Den største grunnen til at eg er i live, er at eg er forferdeleg nysgjerrig på morgondagen, seier Tormod Lien. Høyr podkasten med Tormod Lien i serien Øyeblikket.

Grafikk: NRK

Publisert 01.04.2024, kl. 14.21

Read Entire Article