Femte tropenatt på rad – Sømna slo nordnorsk rekord

5 hours ago 2



– Vi har hatt teltopningane på vidt gap for å få gjennomtrekk. Det har vore veldig varmt.

Det seier Kristine Dagsland Håkull. Ho, mannen Kent Håkull, og dei to gutane deira er på ferie på Sømna og har køyrt heile vegen frå Haugesund.

– Vi har eigentleg prøvd å køyre frå den kraftige varmen, så eg er klar for ti grader og godt med trekk no, seier ho.

Mannen Kent seier dei søkte kysten for å få litt trekk, så dei var ikkje var førebudd på varmen som møtte dei på Helgeland.

– Ikkje i det heile.

Eldstesonen Vegard ønsker seg helst 15 grader på natta, men har nokre tips til å handtere varmen.

– For å kjøle meg ned så badar eg mykje, et is og sit i skuggen.

Vegard Dagsland Håkull fra Haugesund på ferie på Sømna

Vegard Dagsland Håkull seier det var ei varm natt på Sømna natt til fredag.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Lange, lyse og varme sommarnetter har vore gjennomgangsmelodien den siste veka.

Og natt til fredag var det fleire målestasjonar som registrerte tropenatt.

Nordland og Vestfold blei nattas varmaste, der gradestokken aldri gjekk under 20 grader fleire stader.

I Nordland gjeld det blant anna Glomfjord, Skrova fyr og Sømna.

Sistnemnde har til og med hatt slått ein gammal nordnorsk rekord.

Uvanleg med tropenatt

– Sømna har no hatt mange tropenetter på rad. Så langt har perioden med temperaturar over 20 grader vore fem dagar og ni timar. Dette er ny nordnorsk rekord.

Det seier seniorrådgivar divisjon for observasjons- og klimatenester ved Meteorologisk institutt, Laila Fodnes Sidselrud.

Det var Alta som hadde den tidlegare rekorden, med fire dagar.

– Men dette er tilbake i 1972 og då fanst det ikkje timemålingar.

Laila Fodnes Sidselrud

Seniorrådgivar divisjon for observasjons- og klimatenester ved Meteorologisk institutt, Laila Fodnes Sidselrud

Foto: Magne Velle / Magne Velle / MET

Det er likevel ikkje noregsrekord. Den har Færder frå 2014 med ni dagar og 19 timar.

Sidselrud seier det tidlegare er registrert berre to tropenetter på rad på Sømna, og det var tilbake i 2019.

– For Sømna er det ganske uvanleg med så mange tropenetter på rad. Dette er fordi Sømna Kvaløyfjellet ligg oppå ein fjelltopp.

Ho seier at for å få tropenetter så må lufta vere varm, men sidan lufta blir avkjølt om natta så er det som regel nødvendig med eit lite varmelager. Vanlegvis er dette varmt hav som hjelper til med å halde temperaturen oppe i løpet av natta.

– Sømna får nok også litt hjelp av havet, men ho får mest hjelp av den varme steinen rundt stasjonen. Derfor vil tropenetter på Kvaløyfjellet krevje både varme luftmassar, og lite skyer slik at sola får hjelpt til, forklarer Sidselrud.

Skrova Fyr i Lofoten.

Her på Skrova Fyr i Lofoten var det også tropenatt natt til fredag.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Varmast i Nord-Europa

Sydentemperaturane skal ikkje forsvinne med det første. Tala meteorologen sit på, viser nemleg 30 grader i alle fylka i landet gjennom helga.

Fleire fylke er inne i ei pågåande hetebølge.

I Innlandet, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland har det vore fem eller fleire samanhengande dagar med 27 grader eller høgare, som er definisjonen på ei hetebølge.

Vakthavande meteorolog Charalampos Sarchosidis til NTB at fleire fylke vil følge etter gjennom helga.

– Noreg er varmast i Nord-Europa i desse dagar. Det blir varmt for dei aller fleste, seier han.

Sjølv om temperaturen held seg høg i heile landet, har han dårleg nytt til dei som vil gjennomføre helga i sola i enkelte delar av landet.

– Somme kystområde på Vestlandet og i Troms og Finnmark vil plagast av låge skyer, men held ein seg unna kysten, vil ein ikkje bli plaga.

Utover ettermiddagen fredag kan det også dukke opp torebyer på Vestlandet og i indre strøk på Austlandet, fortel han.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for stort sett heile vestlandskysten, for både lyn og styrtregn.

Publisert 18.07.2025, kl. 19.16

Read Entire Article