Fem personar hamna i sjøen i Stad

1 day ago 16



Fem personar hamna i sjøen frå ein hurtiggåande båt av typen RIB i 19-tida tysdag kveld.

Båten var på ein sightseeingtur med totalt ti passasjerar i Eidsfjorden i Stad, då benken losna.

Båten er av typen Ravenrib og har to motorar på 400 hestar kvar i hekken.

en bil på en vei

Her har benken i båten losna frå festet.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Våte og kalde

Ingen av dei fem som hama i sjøen er ifølge politiet alvorleg skadde, men dei blei undersøkte av helsepersonell frå ambulanse på staden.

– Dei er våte og kalde, og har nokon klemskadar, melder politiet.

NRK er på staden, og har vore i kontakt med mannen som køyrte båten. Han vil ikkje la seg intervjue, men seier ulykka skjedde i ein sving.

Dei involverte er passasjerar på eit cruiseskip som låg til kai i Nordfjordeid. Alle kom seg med skipet då det segla av garde.

en politibil parkert på en parkeringsplass

Politiet har vore på staden, men har reist.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Tatt ut av drift

Selskapet som arrangerte turen har tatt RIB-en ut av drift.

Kjetil Hantveit er dagleg leiar i Fjord guiding AS. Han stadfestar at båten er tatt ut av drift, og at også ein annan tilsvarande båt, på Hellesylt, heller ikkje blir brukt no.

Selskapet vil også følge opp både passasjerar og båtførar etter hendinga.

– No skal vi ha ein «debrief», og det vil bli levert inn ein skaderapport. Så får vi gå grundig til verks og finne ut kva som er årsaka til dette, seier Hantveit.

Politiet opprettar sak.

Benk manglar i RIB.

RIB-båten er tatt ut av drift og årsaka til hendinga vil bli undersøkt.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Publisert 10.06.2025, kl. 20.17 Oppdatert 10.06.2025, kl. 20.59

Read Entire Article