Fekk tilbod om 7 millionar etter ulykke – retten gav han dobbelt så mykje

2 hours ago 2



– Er det ein ting eg har lært meg, så er det dei tre t-ane: Ting tar tid, seier Stian Tollefsen, mens han svingar rullestolen inn i heisen.

Trass i berre nokre få meters høgdeforskjell, brukar heisen frå stova og ned til inngangsdøra mellom 30 og 40 sekund.

Å gjere det raskare å komme seg ut døra, er noko av det han gjerne skulle brukt forsikringspengar til.

Det har gått nesten fire år sidan han blei lam etter ei motorsykkelulykke. Før saka blei tatt til retten fekk Tollefsen berre utbetalt om lag ein fjerdedel av den summen retten seinare sa var riktig.

– Konsekvensane er jo at eg ikkje har fått tilrettelagt bustaden min best mogeleg.

Direktør for strategi og kommunikasjon, Ole Gjuv Pedersen i JBF Forsikring AS, seier at det er ei trist sak. Han viser til at dei allereie har betalt ut 4,6 millionar kroner før saka blei behandla i retten.

Perdesen seier at dei er einige i at Tollefsen skal ha erstatning for ombygging av bustad og dekking av andre kostnadar og tap.

Uenigheita er knytt til størrelsen på beløpa, og saka reiser fleire viktige, prinsipielle rettslege spørsmål om dette.

(Les heile svaret frå JBF forsikring lengre nede).

– Intens smerte og brenning

17. mai 2022 skulle Tollefsen, hans to barn og dåverande sambuar ein raskt tur heim for å skifte. Etterpå skulle dei sjå på veterankortesjen i sentrum av Rena.

Tollefsen køyrde den gamle motorsykkelen sin, ein 1988-modell. Då han skulle køyre gjennom den krappe svingen nedanfor huset sitt, hang gassen seg opp.

I ein fart på mellom 50 og 60 km/t krasja han rett inn i rekkverket.

– Eg merka det med den intense smerta og brenninga eg hadde i kroppen, at her er det slutt.

En person sitter på en stol innendørs, iført svart hettegenser og lue. Bakgrunnen viser en moderne innredning med en TV og et kjøkkenområde. Rommet ser lyst ut med naturlig lys som kommer inn gjennom vinduer. Gulvet er av tre, med noen gjenstander synlig i nærheten.

Tollefsen har fått god støtte av dei rundt seg. – Vener og familie har vore helt essensielle i hele saka, seier han.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Tollefsen blei hardt skadd i ulykka. Han blei lam frå brystet og ned, og har framleis store smerter.

I dag kan ikkje Tollefsen jobbe på grunn av skadane og har assistentar til å hjelpe seg heime.

Meinte uføretrygda dekte inntektstap

Tollefsen er utdanna tømrar og har jobba lenge som skogsarbeidar. Like før ulykka starta han i ny jobb på eit byggvarehus, som har var med å starte opp.

I dommen kjem det fram at forsikringsselskapet meinte at den offentlege uføretrygda dekte inntektstapet til Tollefsen. Det reagerer Tollefsen sin advokat Christian Lundin sterkt på.

Lundin meiner det framstår som forsikringsselskapet synest Tollefsen tener meir på å vere skadd enn å halde fram med å jobbe.

– Det har eg aldri opplevd før.

Han reagerer også på at forsikringsselskapet ikkje ville tilby meir pengar for å tilpasse bustaden.

En mann står med armene i kors.

– Den er veldig spesiell, seier advokat Christian Lundin om saka.

Foto: Magnus Thorén / NRK

Lundin har jobba med erstatningssaker i mange år, og har ført statistikk over erstatningsutmålingar sidan 2001.

Den viser at dei som tar saka si til retten, i snitt for dobla erstatninga sin.

– Det fortel at tilboda som blir gitt, er for låge. At forsikringsselskapa tilbyr lågare erstatning enn det ein har krav på.

– Håpa på det beste, frykta det verste

I eit forliksmøte tilbaud forsikringsselskapet om lag 7 millionar i erstatning på punkta selskapet og advokaten til Tollefsen var ueinige om.

Dette forliket aksepterte ikkje Tollefsen og advokaten hans.

I desember 2025 gjekk saka for Hedemarken og Østerdalen tingrett.

Då dommen kom i januar, sa retten at han hadde rett på erstatningspengar for tapt lønnsinntekt.

«Det foreligger klar sannsynlighetsovervekt for at Tollefsen uten skaden ville hatt en betydelig høyere lønnsinntekt enn den uførepensjonen han mottar ved skaden», står det i dommen.

Retten tilkjente Tollefsen også tre millionar kroner for å tilpasse bustaden. Forsikringsselskapet hadde tilbydt éin million.

Totalt meinte retten at om lag 15 millionar var riktig beløp for økonomisk tapserstatning.

– Då vi fekk medhald i retten, letta det over skuldra. Eg hadde håpt på det beste, men eg frykta jo det verste, seier Tollefsen.

Forsikringsselskapet har framleis høve til å anke saka.

En person sitter i rullestol på en snødekt vei foran et hus. Omgivelsene er klare med snø og sollys, og huset har store vinduer. Bakgrunnen viser en annen bygning og snøbrett. Det er åpenbart vinter, med snø som dekker området rundt.

I dag får Tollefsen hjelp til å måke oppkøyrselen. Han drøymer om å få tilpassa bustaden sin endå betre.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Publisert 03.02.2026, kl. 19.59 Oppdatert 03.02.2026, kl. 20.53

Read Entire Article