Feil i Helseplattforma har fått følgjer for minst fire pasientar

1 month ago 21



Helse Møre og Romsdal ser på situasjonen som alvorleg og har sidane måndag arbeidd for å finne ut kva følgjer feilen i Helseplattforma har hatt for pasientane. Til saman 291 pasientar har falle ut av listene for oppfølging.

– No har vi grovsortert pasientar som vi ser har mistenkte funn eller diagnosar som krev at dei må inn i eit forløp og som har venta lenge. Det kan eksempelvis vere mistanke om kreft eller andre alvorlege tilstandar, seier fagdirektør Erik Solligård i Helse Møre og Romsdal.

Minst éin pasient har fått forverra helse

Kartlegginga så langt viser at minst éin pasient har fått forverra helsesituasjonen sin fordi vedkomande har forsvunne ut av oppfølgingslistene. Helseføretaket kallar dette prognosetap.

– Så langt ser vi at fire pasientar ikke har fått den oppfølgingen dei har krav på, og for ein av dei har dette truleg medført prognosetap, seier Solligård.

Fagdirektør Erik Solligård i Helse Møre og Romsdal

Erik Solligård er fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Sondre Solbakken / HMR

Kartlegging ikkje ferdig

Men Helse Møre og Romsdal og Helseplattforma er ikkje heilt ferdig med kartlegginga enno. Framleis leitar dei etter pasientar som ikkje har fått den oppfølginga dei har krav på.

– Dette er ein svært alvorleg situasjon som vi tek på høgste alvor. Vi har sett beredskap internt, og mobiliserer ekstra helsepersonell og administrative ressursar som arbeider for å kartlegge følgjene av feilen, seier Solligård.

Fekk ikkje oppfølging

Tysdag blei det kjent at 291 pasientar i Møre og Romsdal blei ramma av denne feilen i Helseplattforma. Pasientane har vore ute av systemet sidan helseføretaket tok i bruk Helseplattforma i april.

Dette er pasientar som skulle stå på ei liste for oppfølging av sjukdomane sine. Men det skjedde ikkje. Dei var ute av lista. Etter det NRK kjenner til fall pasientane ut av listene i april og dette blei ikkje oppdaga før eit halvt år seinare.

Riksrevisjonen slakta Helseplattforma

Dette skjer berre få dagar etter at Riksrevisjonen la fram ein rapport med kraftig kritikk av Helseplattforma. I rapporten står det mellom anna at innføringa av Helseplattforma har truga pasienttryggleiken, redusert effektiviteten i pasientbehandlinga og systemet har blitt dyrare enn føresett.

– Svært urovekkjande

Pasientombodet i Møre og Romsdal, Hanne Haavde Stenseth, reagerer svært sterkt på det som har skjedd.

– Det er svært urovekkjande at slike feil skjer framleis og at det skal gå så lang tid før feil blir oppdaga.

Hanne Hovde Stenseth stiller no spørsmål ved om Helseplattforma bryt lovene som styrer helsevesenet.

– Eg forventar at rapporten frå Riksrevisjonen blir fulgt opp. Vi MÅ ha eit system som sikrar at pasientane får oppfylt rettigheitene sine og at det er trygt å vere pasient, seier Hove Stenseth.

Hanne Haavde Stenseth, Pasient og brukerombudet i Møre og Romsdal

Hanne Hovde Stenseth er pasientombod i Møre og Romsdal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kontaktar pasientane direkte

Helse Møre og Romsdal opplyser torsdag ettermiddag at dei no kontaktar dei aktuelle pasientane direkte. Det er behandlande lege som skal ta kontakt og dette skal skje i løpet av kort tid.

Publisert 31.10.2024, kl. 13.57 Oppdatert 31.10.2024, kl. 14.20

Read Entire Article