Feil bruk av smerte­stillande kan gi meir hovudverk: – Stort problem

55 minutes ago 1



Folk i heile verda plagast med hovudpine. Over 1 av 3 av oss er ramma av det, og kvinner er dobbelt så utsette som menn.

Og feil bruk av smerte­stillande er ein viktig grunn til dette.

– Medikament­overforbruks­hovudpine er eit stort problem, seier Andreas Kattem Husøy.

  • Portrett av Andreas Kattem Husøy

    Andreas Kattem Husøy

    • er postdoktor ved Norsk senter for hodepineforskning, NorHead
    • lege ved nevrologisk avdeling ved St. Olavs hospital

Husøy har leidd eit stort internasjonalt prosjekt. Teamet har sett på data om hovudpine hos nesten 10 millionar menneske frå heile verda.

Resultatet er publisert i Lancet Neurology.

Samfunnsproblem

Hovudpine er den sjette viktigaste årsaka til helsetap i verda, og rammar nesten 3 milliardar menneske.

Helsetap er eit omgrep som måler den totale negative effekten av sjukdom, skade, tap av funksjon og livskvalitet.

Tegna og mala illustrasjon av hodepine

Illustrasjon: Tuva Tagseth / NRK

Det totale helse­tapet på grunn av hovudpine er veldig høgt på samfunns­nivå.

Les om når du bør gå til lege på grunn av hovudpine lenger ned i saka.

Den nye studien tar for seg tre typar hovudpine: Migrene, spennings­hovudpine og hovudpine på grunn av overforbruk av smerte­stillande medikament.

Risiko for meir hovudpine

Om ein tar for mykje smertestillande, som Paracet og Ibux, kan det forverre problemet.

Hovudpina kan komme oftare og bli kronisk.

Det som så fint blir kalla medikament­overforbruks­hovudpine, utgjer ein femdel av helsetapet på grunn av hovudpine, viser forskinga.

Ibux og Paracet

Reseptfrie smertestillande middel kan vere nyttig mot hovudverk, men bør ikkje brukast for ofte.

Foto: Vetle Knutsen

Dei som har denne hovudpina, kjenner ofte på den kvar dag. Mange beskriv den som ei dump smerte. I tillegg har dei ofte dårleg søvn, kvalme og trøyttleik.

Medisinane hjelper lite, men kjennest nødvendige for å unngå å forverre symptoma.

Tegna og mala menneske med hodepine tar grå tablett

Illustrasjon: Tuva Tagseth / NRK

Husøy understrekar at faren for medikament­overforbruks­hovudpine berre gjeld dei som allereie har ein hovudpine­tilstand, som oftast migrene, og bruker smertestillande mot det. Det gjeld ikkje dei som bruker medisinane av andre grunnar.

Medisinar som triptaner eller morfin, som er sterkare middel mot smerte, kan gi overforbruks­hovudpine enda raskare. Desse medisinane skal helst ikkje brukast meir enn ni dagar i løpet av ein månad.

Tegna og mala person som har sterk hodepine

Illustrasjon: Tuva Tagseth / NRK

– Det finst fleire medisinar som verkar førebyggande mot migrene, og det finst også nokon mot spenningshovudpine, fortel Husøy.

Førebyggande medisin verkar på ein annan måte, og skal gjerne takast kvar dag.

Desse medisinane utgjer ingen risiko for medikament­overforbruks­hovudpine.

Utan rett diagnose

Aud Nome Dueland har behandla folk med hovudpine i 25 år. Ho seier den nye studien bekreftar mykje av det ho sjølv har erfart.

Særleg når det gjeld migrene.

  • Aud Nome Dueland, portrett

    Aud Nome Dueland

    • Nevrolog og har behandla pasientar med hovudpine i 25 år
    • Nestleiar i Hjernerådet

– Denne studien viser at det er ti gonger så alvorleg å ha migrene samanlikna med spennings­hovudpine, seier ho.

Nevrologen forklarer at migrene er mykje meir enn berre hovudpine. Symptom som kjem i tillegg kan vere kvalme, oppkast, lyd- og lysskyheit, utmatting, angst og depresjon.

Det gjer migrene mykje vanskelegare å leve med.

– Det er veldig viktig med rett diagnose tidleg, både for kvar enkelt og for samfunnet.

Duelands erfaring er at dette særleg rammar kvinner i den alderen der dei skal skaffe seg utdanning, karriere og familie. Mange blir uføre på grunn av hovudpine.

 person faller ned i hodepinehull

Illustrasjon: Tuva Tagseth / NRK

Når bør du gå til lege?

Dersom du i meir enn tre månader har tatt smertestillande mot hovudpine meir enn to dagar i veka, risikerer du å få medikament­overforbruks­hovudpine.

– Om du ofte har hovudpine, og det påverkar korleis du fungerer i dagleglivet, bør du gå til lege, seier Dueland.

– Erfaringa mi er at rett diagnose og rett medisin til rett tid, kan føre til at fleire kan få eit betre liv.

Noreg er på verdstoppen i registrert hovudpine.

Andreas Kattem Husøy meiner grunnen til dette er at vi har eit meir robust datamateriale enn dei fleste andre land.

Studien viser at talet på folk som har hovudpine ikkje har auka dei siste 30 åra, men at det er behov for betre behandling verda over.

Publisert 28.11.2025, kl. 13.28

Read Entire Article