Feig far eller tapper riddar?

1 week ago 17



KOMMENTAR: Kvifor ler me av klønete, dumme og stakkarslege menn på film og fjernsyn? Er det fordi me inst inne ønsker at dei skal vera tøffe og handlekraftige?

Rollefiguren Marvin frå Jul i Svingen set bildet vårt av ein god far på prøve. Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Heidi Hjorteland Wigestrand

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Jarle Mong har tatt til orde for at det er inngravert i hjarta våre at det er prinsen som skal redda prinsessa frå draken. Han får kontant svar frå Natasja Askelund, som meiner Mong må ta farvel med mellomalderen, og at kvinner set pris på alle typar menn, også dei litt tafatte, og trøystar Mong med at han ikkje lenger treng drepa draken heilt åleine. Eg trur både Mong og Askelund har poeng.

Kva med Marvin?

Men er det ikkje heilt greitt at nokre kvinner ønsker å vera prinsesser som blir redda av prinsen, og at somme prinsar ønsker å vera dragedreparar? Dei fleste moderne menneske passar uansett ikkje inn i denne stereotypien, men positiv maskulinitet må då vere betre enn giftig? Likevel trur eg mange er litt ambivalente i kva ein forventar av menn og kvinner.

I så måte er framstillinga av den klønete og feige faren på film er interessant. I denne kategorien kan få måla seg med Marvin i adventskalenderen Jul i Svingen. Han er barnslegare enn barna, egoistisk, flåsete, dum og uhøfleg, mens konemor er fornufta sjølv.

Også yngre generasjonar, har fått kjennskap til Marvin gjennom Tiktok. Her kan ein mellom anna finna ein video som viser topp 5 av dei dummaste tinga Marvin frå Jul i Svingen har gjort. Han drikk tiss, hjelper sonen å juksa på eit skiløp, utset kjedelege oppgåver og lurer små barn til å måka snø for seg.

Korleis ville me reagert om det var mor til Linus som oppførte seg slik? Serien ville truleg fått kritikk for ei nedlatande framstilling av kvinner, mens menn er det ingen grenser for kor stakkarslege ein kan gjere, noko mellom anna serien Ølhunden Berit tematiserer.

Når snøraset kjem stikk far i familien frå kone og barn i filmen Turist. Foto: Filmplakat for filmen Turist

Far reddar seg sjølv og mobilen

Nyleg fekk Marvin selskap av rollefiguren Peter i kinofilmen «Hvis ingen går i fella». Skodespelar Pål Sverre Hagen gestaltar ein fomlete og lett angstridd type som nesten svimar av ved synet av mus i tantas gamle hus. Med eit barnsleg plaster i panna må han før leggetid få forsikring av kona om at det ikkje finst spøkelse.

Den klønete faren verkar ofte å vera ein karneval-rekvisitt, premissen må då vera at publikum ler fordi me jo alle veit at det ikkje er slik i røynda, altså spelar ein på den arketypiske førestillinga om mannen som familiens vaktar, som Mong meiner me er programmerte til å omfamna.

I filmen Turist frå 2014 blir me også introdusert for ein svak og vinglete farsfigur, men her er det ingen som ler, korkje publikum, og aller minst familien hans.

Kort fortald handlar det om ein familie på fire som er på skiferie i dei franske alpane. Andre dagen dundrar eit stort snøras ned fjellsida like ved terrassen der dei et lunsj. Raset har retning mot terrassen. Mor grip rundt dei to barna og kryp saman under eit bord.

Og han far? Far får panikk. Han nappar med seg hanskar og mobil og stikk vekk så fort han kan. Overlevingsinstinktet trumfar beskyttarinstinktet.

Er ein feig far verre enn ei feig mor?

Til alt hell stoppar snøraset før terrassen blir knust til pinneved, og alle gjestene kravlar like heile fram frå snøskya. Men ferien blir aldri den same igjen, for korleis skal barn og kone handtera oppførselen til far og ektemann? Og korleis skal mannen sjølv gå vidare etter det han gjorde, og ikkje minst etter det han ikkje gjorde?

I filmmeldinga frå NRK står det at filmen utforskar høgst interessante problemstillingar, bortgøymde sjølverkjenningar og ei mannsrolle i krise.

Som ei tankeøving kan ein spørja seg sjølv om kva som hadde skjedd om det var mor som stakk frå barna på dette viset? Kven ville møtt sterkast fordømming, den feige faren eller den feige mora? Her heller eg mot Mong.

Eg trur kritikken mot ei feig mor ville vore hard, men ankepunkta ville vore annleis. Kritikken ville retta seg mot noko mange ville oppfatta som eit brot med ei usagd omsorgspakt, som seier at ei mor skal setja barna føre seg sjølv. Mora sviktar difor barna og ikkje først og fremst mannen sin.

Når far stikk, sviktar han både mor og barn. Fordi mannen skal vera heile familiens beskyttar, vil han bli kritisert for å ha tukla med idealet om den modige og uredde mannen.

I vårt moderne samfunn blir forventningane våre rett nok meir uklare, udefinerte og grumsete, men etter mi meining ligg dei der som understraumar, sjølv om muskeldrive mannemot er langt mindre viktig enn før.

Betre å vera riddar enn bølle

Me får ikkje testa kven me er eller kva me eigentleg meiner om noko, før røyndommen bankar på. Det me trur me meiner om slike ting er ofte basert på teori og idylliske draumar, og desse står sjeldan i stil med den kompliserte røyndommen.

For mange menn er riddareposet noko å drøyme seg vekk i, å strekke seg mot, men for andre er det ei svepe, for med ein slik standard er dei fleste kvardagsmenneske dømde til å tapa. I ei verd der menn toppar mange triste statistikkar, må det likevel vere positivt at somme menn finn glede i å drøyme om at dei passar på og beskyttar kvinner, i staden for å skade dei same kvinnene?

Så kan prinsessene som drøymer om at ein prins som skal redda dei frå draken, anten me snakkar om ekte fysisk fare eller tidsklemme i yrkeslivet, hugsa på at alt kjem med ein pris. For eit objekt lever annleis enn eit subjekt. Det er ikkje alltid glansen frå draumen overlever møtet med kvardagen.

Publisert:

Publisert: 9. januar 2026 18:25

Read Entire Article