Får godt betalt etter draumeveke: – Kan kjøpe gaming-PC

12 hours ago 1



– To sigrar og ein pallplass, det er enormt imponerande, seier ekspertkommentator Ola Lunde.

Kledt i den gule trøya, gjekk Johan-Olav Botn fyrst ut på jaktstarten søndag.

– Han har hatt ei fantastisk veke her i Östersund, seier Marte Olsbu Røiseland.

Ingen kunne gjere noko med franske Quentin Fillon Maillet, som tok sigeren framfor svenske Sebastian Samuelsson. Botn tok tredjeplassen.

menn som hopper

PALLEN: Fillon Maillet vann rennet framfor Samuelsson og Botn.

Foto: Mathias Bergeld / Bildbyrån

Botn leia store delar av jaktstarten, og skaut for sin tredje verdscupsiger på rad. Men både han og Samuelsson fekk eit bomskot og måtte innom strafferunden.

Franske Fillon Maillet skaut fem rett ned og gjekk ut med ei leiing på 19 sekund.

– Han blir aleine her nå, veteranen Fillon Maillet, sa Stoltenberg.

Botn og Samuelsson klarte ikkje å ta att franskmannen.

En idrettsutøver holder en medalje med venstre hånd og ski med høyre hånd. Utøveren er iført en mørk jakke med nasjonalflagget og konkurranseuniform. Bakgrunnen viser sponsorer og arrangementets logoer. Bildet er tatt etter en konkurranse i biathlon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SIGER: Johan-Olav Botn vann sprinten laurdag.

Foto: TT News Agency / Reuters / NTB

Ikkje fornøgd

Etter løpet innrømmer Botn at han eigentleg ikkje er fornøgd.

– Eg har blitt litt for godt vand dei siste dagane, seier han.

Han held fram:

– Eg føler det blei litt sånn halvvegs hele vegen. Når eg først går fort, blir det litt halvvegs og på skytinga er det liksom ikkje bra nok.

Botn bomma på to skot under jaktstarten, det var også hans fyrste bomskot på dei individuelle renna i Östersund.

God vekelønn

Søndagens pallplass går inn i rekka med gode resultat frå Östersund.

Botn tok sin fyrste verdscupsiger på normaldistansen. Nokre dagar etter vann han også sprinten.

Resultata frå verdscupen har lønt seg for skiskyttaren. Etter dagens tredjeplass har han til saman tent 60,300 €, som omtrent er 710 000 norske kroner.

Går til dataspel

– Det er godt betalt å gjere det bra. Kanskje han får smaken på suksess og fortset å gjere det bra, seier Sturla Holm Lægreid til NRK.

– Korleis var det for deg så du fekk dine fyrste premiepengar?

– Det var stas det. Det å begynne å tene pengar på idretten, det var gøy det, seier Lægreid.

– Kor mykje trur du han har tent?

– Det trur eg han har rekna på. Han har nok til å kjøpe nyaste versjonen av Battlefield. Det trur eg er det einaste han bryr seg om, ler Vetle Sjåstad Christiansen.

Han held fram:

– Ny gaming-PC og nok spel til å halde seg okkupert 24 timar i døgnet, seier Christiansen som gjekk inn til ein 7. plass.

mann med gul trøyr

DRAUMEVEKE: Johan-Olav Botn har etter ei veke i Östersund tatt med seg over 700 000 kr i premiepengar.

Foto: Mathias Bergeld / Bildbyån

– Heilt sinnssjukt

Isak Leknes Frey og Botn er ein del av rekruttlandslaget, som er nivået under landslaget. Dei er ikkje bortskjemde på verdscuprenn, og har ofte konkurrert i IBU-cupen, som er nivået under.

– Det er heilt sinnssjukt å kome til verdscupen og dra inn nesten ein million på ei veke her. Eg trur han kosar seg med det, seier Frey.

I IBU-cupen, som er nivået under verdscupen, kan ein rekne med å vinne ein tiandedel av det ein vinn i verdscupen.

To skiskyttere står ansikt til ansikt på snødekt bakke. Den ene utøveren har på seg en rød og hvit drakt med nummer 16, mens den andre bærer en gul drakt med nummer 114. Begge holder ski og staver i hendene. Bakgrunnen viser grønne trær og et skilt som angir stedet Geilo 2025. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

LAGKOMPIS: Isak Leknes Frey tok plassen bak Botn på den norske sesongopninga på Geilo. Botn vann sprinten.

Foto: Geir Olsen / NTB

Martin Uldal gjekk lenge i lag med Botn under jaktstarten, men hamna til slutt på ein 11. plass.

– Han brukar sikkert mykje på idretten trur eg. Men kanskje blir det eit hus på han etter kvart? seier Martin Uldal.

Han fortel at han har spart mesteparten av premiepengane han har fått.

Publisert 07.12.2025, kl. 15.53 Oppdatert 07.12.2025, kl. 16.58

Read Entire Article