Fann kjempeflått: – Det å finne den inne var litt urgh

1 month ago 26



Flåtten dukka plutseleg opp i stova til familien.

– Det var kona mi som fann den. Den bevegde seg over stovegolvet. Så det er jo ekkelt, seier Sindre Nakken.

Han trur ikkje det er eit menneske som har tatt med seg flåtten inn i huset, men at det er katten deira som har dratt med seg flåtten inn på besøk.

– Om det er katten som har klart å klore den av, eller om den har hoppa av sjølv, fordi den var mett, det veit vi ikkje, seier Nakken.

For å dokumentere kor stor den var, måtte Sindre Nakken legge flåtten ved sidan av eit kronestykke.

– Den var såpass stor at eg måtte ta eit bilde av den, og få filma den. Det overraska meg at den klarte å bevege seg med denne svære blodposen på slep. Men den gjekk relativt kjapt framover.

Etter photoshooten putta han den inn i ein serviett, og slo hol på flåtten.

Ville du drept flåtten, eller latt den få leve?

Flått kan bli store

Harald Reiso fortel at flått som har suge til seg nok blod, kan bli opp mot 1,5 cm i diameter.

– Ganske stor, seier han.

Reiso er lege og rådgivar ved Flåttsenteret. Han seier at denne flåtten mest sannsynleg ikkje er til fare for menneske.

For når den er mett så har den ikkje lenger interesse av å suge meir blod.

 til nå i sommer har flere personer opplevd å bli sjuke av flåttbitt enn tidligere somre. Kan ha sammenheng med at flere er ute i naturen under pandemien, sier spesialsit i almennmedisin, Harald Reiso ved Flåttsenteret.

Harald Reiso jobbar på Flåttsenteret ved Sørlandet sjukehus.

Foto: Flåttsenteret

Han fortel at om flåtten har para seg med ein hanflått, så er den klar til å legge egg. Då kan ein også finne ein hanflått som ligg festa under hoflåtten.

Rådet frå han er å berre kaste den ut.

– Den er ikkje til fare for nokon. Så eg ville berre tatt eit feiebrett og kasta den ut i naturen igjen.

Publisert 28.07.2024, kl. 07.46

Read Entire Article