Fann fyrstikkeske ved overtent hus – politiet ber om tips

2 hours ago 3



  • SISTE: Klokka 20.58 melder innsatsleiar i 110 Vest at dei har kontroll på staden. Dei driv framleis med sløkking.

Eit hus i Høyanger i Sogn er fullt overtent, og to nabohus blir evakuert, melder 110 Vest.

Kor mange personar som er evakuert er ukjent.

Brannvesenet har ikkje kontroll per no, og politiet melder at det er nesten vindstille på staden.

– Det skal vere noko avstand til andre bygg, så det er lite sannsynleg at brannen kan spreie seg, seier Tore Fanebust i 110 Vest.

Brannvesenet jobbar med å sløkkje brannen frå fleire sider.

Klokka 20.42 var det framleis ikkje kontroll på brannen, melder politiet.

Då var det gått nesten halvanna time sidan første melding om brann kom inn til politiet klokka 19.23.

Fann fyrstikkar på staden

Det var naboar som melde frå om at dei såg flammar i gangen i huset. Dei såg ingen personar ved huset.

Om lag eit kvarter før dei fekk melding om brann fekk politiet melding frå forbipasserande om kubbelys som brann i gangen, like innfor døra.

Det er seinare funne ei fyrstikkeske på trappa utføre bustaden.

Skal ha vore fråflytt i mange år

Ingen personar har bustadadresse i huset som brenn, og huseigar er varsla om brannen.

Ifølge politiet har det ikkje budd nokon i huset på mange år, og ingen skal ha hatt lovleg tilgang til huset.

– Vi har ikkje søkt gjennom huset enno, men det skal per definisjon vere fråflytt, seier Tore Fanebust i 110 Vest til NRK.

Ingen personar skal vere skadde, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Politiet ber om tips

– Politiet ønsker tips frå innbyggarar om det er gjort observasjonar av personar i det aktuelle tidsrom som kan vere interessant for etterforskinga, skriv operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Han ber tipsarar ta kontakt med politiet på tlf. 02800 eller 112.

Publisert 02.01.2026, kl. 20.32 Oppdatert 02.01.2026, kl. 20.59

Read Entire Article