– Det var vel omtrent som forventa og frykta, seier Edvald Boasson Hagen.
Frustrasjonen var tydeleg i den femte episoden av Mesternes mester. Medan konkurrentane fann svara éin etter éin, sa det heilt stopp for den tidlegare sykkelproffen.
– Det er ikkje akkurat eit stolt augeblink, seier Hagen til NRK.
Vil du vinne ei eksklusiv Mesternes mester-t-skjorte? Bla heilt nedst i teksten for å delta i konkurransen!
PÅ LEIT: Deltakarane måtte leite etter gjenstandar og rekne seg fram til riktig svar.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK«Har prøvd å fortrengje det»
Den tradisjonsrike øvinga «Gåten» er ein klassikar. Her må deltakarane springe rundt og telje ulike gjenstandar – som sitronar, oliven og flagg – for så å setje tala inn i eit reknestykke.
Viss svaret er feil, får ein ikkje vite kva for eit tal som er feil. Då må ein ut i løypa og telje alt på nytt.
– Eg hadde vel sagt på førehand at dette ikkje var min favoritt, og då hjelper det lite når ein ikkje finn rett antal ting, seier Hagen.
Han held fram:
– Det er noko eg har prøvd å fortrengje.
Hagen har kjempa om topplasseringar heile denne sesongen. Gåten er den einaste øvinga han har hamna nedst på så langt.
FEIL: Programleiar Aksel Lund Svindal måtte fleire gonger fortelje at svaret ikkje stemte.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRKMåtte gje opp
For Hagen blei det ein tung kamp mot klokka. For kvart feilforsøk vaks frustrasjonen.
– Det blei til slutt berre å gå ut tida. Eg fann ikkje alle tinga, så det var ikkje berre reknekunnskapane som svikta der, seier ein oppgitt Hagen.
Til slutt rann tida ut for sykkelstjerna. Han rakk aldri å knekke koden før klokka stoppa, og han enda dermed som den einaste utøvaren med null poeng i øvinga.
– Det er frustrerande. Eg var berre fast bestemt på at eg skulle prøve å telje, så eg tenkte ikkje på andre løysingar «utanfor boksen» der og då.
Sjølv om Hagen sleit med øvinga, gjekk det likevel greitt til slutt. Han gjorde det så sterkt i dei andre øvingane at han fekk samanlagdsigeren i episoden.
TELJE: Deltakarane måtte telje ulike gjenstandar. Her tel Isabelle Pedersen oliven, i lag med Daniel-André Tande og Edvald Boasson Hagen. Pedersen vann øvinga.
Foto: Skjermdump episode 5 / Nordisk Banijay/NRKKrev fokus
Sjølv om Hagen er van med å prestere under hardt fysisk press, krev «Gåten» ein heilt eigen type konsentrasjon og hovudrekning.
– Eg er nok ein betre praktikar enn teoretikar. Eg var ikkje den råaste i mattetimane på skulen, så det har ikkje blitt praktisert så mykje sidan, seier Hagen.
Den tidlegare sykkelproffen er den nordmannen som har delteke flest gonger i Tour de France, han har også tre etappesigrar i rittet.
ETAPPESIGER: Hagen vann sin fyrste etappe i Tour de France i 2011. Han vann det sjette etappen framfor Thor Hushovd, som blei nummer tre.
Foto: NTB scanpixTest deg sjølv: Klarer du «Gåten»?
Er du meir merksam enn idrettsheltane når du sit roleg i godstolen? No har du sjansen til å vinne ein Mesternes mester-t-skjorte!
Slik gjer du det: Gå gjennom teksten ovanfor og finn ut kor mange gonger orda «Mesternes mester», «Hagen» og «Gåten» er brukt. Set tala inn i formelen under for å finne det rette svaret:
«Mesternes mester» + «Hagen» – «Gåten» = ?
- PS! Bildetekstar og faktaboksar tel ikkje!
Har du løyst gåta?
Send svaret ditt til oss og bli med i trekkinga! Hugs at du må leggje ved følgjande informasjon:
- Svaret på reknestykket
- Fullt namn
- Postadresse
- Ynskja storleik på t-skjorta (S-XL)
Vil du ha meir? Les alt om Mesternes mester her.
Publisert 23.01.2026, kl. 21.11











English (US)