Det var julaftan at den 37 år gamle fangen rømde frå Hustad fengsel i Møre og Romsdal.
Sidan har det blitt søkt etter mannen.
– Vi har ikkje lokalisert han enno, men det er noko vi jobbar med. Vi har fått inn ein rekke tips om moglege observasjonar som vi har undersøkt, men førebels utan resultat.
Det seier politiadvokat Elias Undersåker Enga i Møre og Romsdal politidistrikt.
Fangen, som er ein 37 år gamal marokkanar, er tidlegare dømt for ein rekke tjuveri. Ifølge ei kartlegging har han blitt dømd for meir enn 150 tjuveri over heile Sør-Noreg.
Ser på ulike hypotesar
Enga fortel at dei mellom anna har undersøkt tips om innbrot i nærområdet, og observasjonar på personar som kan vere mannen.
Han seier at dei jobbar vidare med ulike hypotesar.
– Både at han kan vere i Hustadvika, men også at han kan ha forlate område og kome seg vidare. Vi har aktive søk, og det kjem vi til å halde fram med, så lenge vi ser på det som ei realistisk moglegheit å lokalisere han der.
– Tipsa som har kome inn og som vi jobbar etter knyter seg til observasjonar i nærområde. Det er derfor vi konsentrerer søket der no, legg Enga til.
Mannen er etterlyst både nasjonalt og internasjonalt. Seinast i november blei han dømd til fem års fengsel for vinningslovbrot og for å ha oppbevart ein kniv.
Ber om tips
Politiadvokaten seier også at dei vil ha tips frå publikum dersom nokon har observasjonar eller informasjon som dei tenker er relevante for politiet.
– Då oppfordrar vi folk om å ta kontakt med oss, seier Enga.
Tidlegare har politiet uttalt at dei ikkje har noko informasjon som tyder på at rømminga har skjedd i samarbeid med andre.
Mannen øydela eit vindauge og eit gjerde då han rømde frå Hustad fengsel. Han sat fengsla ved ei høgsikkerheitsavdeling ved fengselet.
Måndag skreiv Ingunn Seim ved Kriminalomsorgen Vest til NRK at det generelt er svært få som rømmer frå norske fengsel, og at det er svært beklageleg at den innsette klarte å rømme.
– Det blir gjort konkrete vurderingar rundt plassering av innsette, også sikkerheitsmessig. Dette er ei pågåande sak som vi skal gjennomgå og sjå på læringspunkt frå. Det er slik vi vurderer det, for tidleg å trekke slutningar, sa ho då.
Publisert 02.01.2025, kl. 14.28 Oppdatert 02.01.2025, kl. 14.42